Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Folk køar for å fortelje at fyllemeldinga frå Åre ikkje er interessant. Kvifor?

Den meldinga

BERRE EI KVINNE? Partileiar, minister, folketalar. Det spelar ingen rolle for dei som sende meldinga til Liv Signe Navarsete. Her med Trygve Slagsvold Vedum og Ola Borten Moe i 2013. FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN, NTB SCANPIX Larsen, Håkon Mosvold

Viss du ikkje allereie har bladd vidare til side 4, er du av dei som ikkje har fått nok av Liv Signe-meldinga. No står folk av begge kjønn i kø for å formidle til allmenta at dei ikkje synest fyllemeldinga frå Åre er noko interessant, at saka har pågått altfor lenge, og at vi her oppe er så heldige at vi berre har i-landsproblem. Som alltid når folk bruker tid og retorisk energi på å fortelje at noko ikkje er interessant, undrast ein over korfor dei likevel gjer det.

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Sumaya Jirde Ali skriv i Klassekampen måndagar.