Klassekampen.no
Lørdag 5. mai 2018
Framsynt: Via Karl Marx sitt ‘Maskinfragment’ kjem grunnleggande motsetningar i den nyliberale kapitalismen til syne.
ETTER KAPITALEN
SPEGLAR SEG I KUNSTEN: Det franske motehuset Louis Vuitton opna sitt kunst- og kultursenter, teikna av Frank Gehry, i Paris i 2014. FOTO: MIWOK, FLICKR
BASIS: «Das Kapital», Karl Marx sitt hovudverk, vart gjeven ut av Marx sjølv i 1867. FOTO: ZENTRALBIBLIOTHEK ZÜRICH, WIKIMEDIA

Under den kalde krigen blei «free entreprise art» i form av abstrakt, nonfigurativ modernisme bygt opp som uttrykk for kapitalismens frigjerande og grensesprengande krefter, i kontrast til popkultur og til einspora sosial og sosialistisk realisme.

Etter tre tiår med nyliberalt hegemoni er ikkje den høge kunsten like aleine om å visa kapitalismens skaparkraft. Alle desse åra med privatisering og kommersialisering har med presis kapitallogikk ført kunst og mote i same seng. Der nyt dei begge det gode liv som del av «den kreative klassen», eit begrep som blei skapt på 1990-talet av Chris Smith, New Labours kulturminister, seinare Lord Smith of Finsbury.

Etter den tid har blåblå regjeringar i alle land heia entusiastisk på meir kreativt klassesamarbeid mellom kunst og kapital. Sakte, men sikkert blir offentlege rom privatiserte, gjerne utsmykka med avantgardistiske friser og med høgttravande kuratert pseudomarxistisk stukkatur under taket.

Fakta:

KARL MARX

I dag er det 200 år sidan Karl Marx (1818–1883) vart fødd.

Kjartan Fløgstad tek i denne teksten utgangspunkt i det korte ‘Maskinfragmentet’ for å diskutere tilhøvet mellom kunst og kapital, arbeidarar og kunnskaps­teknologi. ‘Maskinfragmentet’ stammar frå Marx sine notatbøker – gjevne ut som «Grundrisse» – som inneheld skisser til det som seinare skulle bli hovudverket «Kapitalen».

Essayet stør seg i tillegg på mellom anna Paul Mason, «Postcapitalism» (2015), Nick Dyer Whiteford, «Cyber-Marx» (1999), og Hardt og Negri, «Empire» (2000).

Kjartan Fløgstad debuterte som forfattar i 1968. I år gav han ut songboka «Sandharpesongar».

Kunst og kommers

Samtidslitteraturen er ein underleg stad, men kunstscenen, den er underleg, den. Sosialt og økonomisk er det også ein stadig viktigare stad. Frå popkulturen har moteestetikken gjort eit tigersprang over i bilet­kunsten og i arkitekturen. Venleiks­ideala blir strigla og standardiserte gjennom reklame og kunstkuratering. Om kunsten er eit felt der det framleis er mulig å snakka sant, er motebransjen kapitalismens ikon. Det lykkelege hopehavet mellom kunst og kommers viser seg i utstillingar der vareestetikken vinn nye rom. Det fører også med seg omkalfatringar i den indre og vel etablerte samanhengen mellom borgarleg offentlighet og kapitalistisk økonomi. Utan bruksverdi, som tilslørt bytemiddel for uveksling av økonomisk og kulturell kapital, har kunsten same funksjon som pengesetelen. Hagen i Oslo, Tangen i Kristiansand, gir kunst til vederkvegande stiftingar, der det offentlege pent får betala for å kanonisera givarens kunstsmak.

På kunstfeltet blir den diskuterande offentlighet kuratert inn i ein rikt illustrert verdidebatt, med eit presteskap av handgangne smaksdommarar på plass for å tolka verdien av dei utstilte varene. Verdi er lik pris. Kunsten har lenge vore bitcoin for den kreative klassen, konjunkturane på kunstmarknaden er mindre sårbare enn aksjekursane. Som kjent er moten eit felt der varemerket er viktigare enn varene merket viser til. I dag blir luksus­butikkar til kunstmuseer, merke­varene blir kunstgjenstandar, og kunst blir eksklusive merkevarer i symbolske former for kommunikativ handling. Kjolen frå det namngjetne motehuset får same status som utstilt samtidskunst og arkitektur. Merket er den usynlege prislappen som signaliserer «internasjonalt nivå», eit superlativ som i dag tyder tilpasning til marknadsideologien.

Slik museer treng representative signalbygg for å hysa dei evige verdiane sine, må motesalongane ha mote-hus for å visa fram sine nyaste kreasjonar. Begge delar krev arkitektur på internasjonalt nivå.

I Louis Vuittons emporium (lagerplass, opplag) kan ein sjå samtidskunst og la seg løfta av Ólafur Eliassons banebrytande elevator. Sjølve hovudsetet til Louis Vuitton Foundation for Creativity er teikna av Frank Gehry og blei opna i 2014 i nærvere av dåverande president Francois Hollande.

På totusentalet opna luksusvaremerke som Chanel og Hermès såkalla «nomadeustillingar», som blei sende verda rundt ramma inn av avantgardistisk arkitektur. I desembernummeret av New Left Review frå 2017 gir Chin-tao Wu også ei rekke andre eksempel. Chanels «Mobile Art pavilion», bygd på ein idé av Karl Lagerfeld, ferdig designa av starchitect Zaha Hadid, opna på biennalen i Venezia i 2007, og blei send vidare til Hong Kong og Tokyo, før den fall til jorda i New Yorks Central Park i oktober 2008, saman med børskrakket på Wall Street. Inne i denne avantgardistiske kontaineren kunne ein finna verk av dei dyraste samtidskunstnarar, blant andre Yoko Ono, med verk inspirerte av Chanels vesker, alt saman kuratert av ein av direktørane ved det høgverdige Beaux Arts, «fine art grand school» i Paris.

Gjennom etablering av såkalla flaggskip-butikkar har særleg Prada fått ord på seg for å samarbeida med nyskapande arkitektar. Dagens stjernearkitektar leverer varene, som det heiter. Og dei er ikkje blyge. Episenter tyder utgangspunkt for jordskjelv. Dei såkalla Epicenter-butikkane i New York og Los Angeles blei utforma av Rem Koolhaas og hans Office of Metropolitan Architecture, OMA. I Tokyo var teikningar av Herzog & de Meuron episenter for arki-tektoniske skjelv gjennom den kulturelle overbygninga.

Fininnstilling av ytre distinksjonar gjennom raskt skiftande mote­retningar gjer det enklare å gjennomføra ikkje etnisk, men sosial rensing. Dei stygge og fattige blir utstøytte. På felt etter felt går den nyliberale marknadsføringsmaskinen på stadig høgare turtal.

Immaterielt arbeid

For den som ikkje er kommunist, altså ikkje tilhengar av, og organisert i, eit leninistisk eliteparti, gjer den nyliberale skjerpinga av klasse­kampen det meir og meir om å gjera å vera anti-antikommunist, ved fritt å bruka den sovjetiske erfaringa og arven etter Karl Marx. Også i velferds­statane på toppen av kapitalismen blir Marx stadig meir uomgjengeleg og studert grundigare enn på lenge. Ryktet om at skriftene hans er keisame og tunge, er også sterkt overdrivne. Som polemikar og artikkeldiktar er Marx uovertruffen, og har på same tid gitt opphav til det blomstrande repertoaret av skjellsord som har prega kommunistisk retorikk, og for det meste virka øydeleggande.

I tillegg finst det også ein tredje Marx som verken er økonom eller polemikar, men som har tenkt usystematisk og intuitivt om framtida.

Etter hans død blei notatbøkene Karl Marx førte frå oktober 1857 til mai 1858, først tatt vare på av Engels, før dei via omvegar hamna i Sovjetsamveldet. Utgitt første gong i Aust-Berlin i 1953 kom «Grund­risse», som notata blir kalla – på dansk i seks bind i 1978. I stor grad innheld «Grundrisse» utkast og skisser til det som sidan skulle bli «Kapitalen», særleg om verditeorien og teorien om meirverdi.

Men ikkje alle ideane frå «Grund­risse» blei med inn i hovudverket.

I ettertid er det særleg ein tekst frå «Grundrisse» som har blitt omfatta med stigande interesse. Det dreiar seg om det såkalla ‘Maskinfragmentet’, ein kort passasje på under tjue sider, men eigna til å trekka Marx-forståinga i uventa retningar.

Langt frå kvardagsspråket streva den franske filosofen Félix Guattari med begrepsmessige avklaringar av forholdet mellom verktøy («proto-maskinar»), maskinar og maskineri. Marx’ maskinfragment spelar ei viktig rolle i italiensk postoperaisme om immaterielt arbeid, i Hardt og Negris «Empire», og i Paul Masons bestseller «Postcapitalism» frå 2015. I glimt frå innsiktene i maskinfragmentet frå «Grundrisse» ser vi korleis Marx viser grunnleggande motsetningar mellom dei destruktive og dei kommunistiske tendensane i kapitalismen.

I ‘Maskinfragment’ skiljer Marx mellom maskin og verktøy som middel til produksjon av meirverdi. I maskinen kjem det kollektive menneskelege intellektet til syne, med ein kunnskap som er framand for maskinoperatøren. Maskinen omskaper produksjonen frå enkel arbeidsoperasjon til vitskapleg prosess. Gjennomstrøymd av kollektiv kunnskap er maskinen klokare enn dei som styrer den. Ved maskinen er det ikkje det direkte arbeidet som aukar produktiviteten, men det allmenne vitskaplege og teknologiske nivået. I maskinen utfordrar objektivt arbeid på materielt vis det levande arbeidet. Då er ikkje maskinen lenger avhengig av den tekniske dugleiken til operatøren. Innhaldet i det som blir laga i maskinen, bryt sambandet mellom produsent og produkt og gir operatøren rolla som ein sekundær eller underordna maskindel.

«I maskinen har menneskehender skapt eit organ for menneskehjernen.» Det er dette immaterielle arbeidet Marx vidare kallar «general intellect» eller «samfunnshjernen», og som handlar om generell sosial kunnskap, kollektiv intelligens: Alle er intellektuelle.

Dersom kollektiv kunnskap såleis er drivkrafta bak produksjonen, og den same kunnskapen er eit sosialt fenomen, får det to følger: For det første gir produksjonsauke gjennom kunnskap høgare profitt enn høgare tempo og lengre arbeidsdagar. For det andre kan denne kunnskaps­kapitalismen skapa ei uløyseleg motsetning mellom produktivitet og sosiale samanhengar rundt produksjonen.

Skaper automatiseringa fritid eller arbeidsløyse?

Samtidig som kapitalismen prøver å redusera arbeidstida, ser den på arbeidstida som sjølve målet på og kjelda til rikdom. Der kapitalisten vil auka produksjonen for å maksimera profitten, vil arbeidaren verkeleggjera det frigjerande potensialet automatiseringa og intellektuell utvikling fører med seg.

Å finna slike tankar hos Marx har inspirert teoridanningar om immaterielt arbeid og til å sjå kunnskap som ein kongeveg ut av kapitalismen, og kunnskapsarbeidaren som berar av det allmenne intellektet i vår tid.

Få spor av arbeid

Få stader er spora av arbeid meir usynlege enn i motebransjen. Varemerket er velkjent og synleg, produksjonsstadene ukjende og usynlege. Ingen ser dei flittige hendene som syr selskapskjolen eller masseproduserer sportstøy på stader der pepparen grodde. Men også i datamaskinen etterlet produksjonen få spor av det arbeidet som blir borte under skallet rundt elektronikken vi er avhengige av. I den immaterielle kunnskapsteknologien er det lite som knyter produktet til det kollektivet av produsentar som står bak det.

I moten er det staffasjen som gjeld, innhaldet er uvesentleg. For datamaskinen betyr dekselet ingenting, innhaldet alt. Den digitale revolusjonen har vore gjennom­gripande og fått mange til å spørja om den verkeleggjer Marx sine forestillingar om ein kunnskaps­-styrt veg ut av kapitalismen, med data­behandlaren som berar av frigjerande intellekt og kunnskap.

For mange har internettet og den nye kunnskapsøkonomien ført til snakk om cyber-Marx og forhasta revolusjonær optimisme, og til å gløyma det grunnleggande: at dei som seier farvel til arbeidarklassen, seier velkommen til den «eine prosenten» av superrike. I endå større grad enn å skapa demokratisering ser det ut til at frigjeringa frå arbeidet går hand i hand med den triumferande nyliberale omorganisering av kapitalen.

Smått om senn halar vitskapen innpå fantasiane frå populærkulturen. Som eit slags Frankenstein-monster ser vi roboten løfta det overkloke hovudet sitt ein stad inne i nær framtid. Og alt i dag bind det immaterielle nettverket av personlege datamaskinar og mobiltelefonar saman kunnskap om kor på kloden det finst viktige råstoff og ledig arbeidskraft som kan utnyttast.

Digitaliseringa gjer kunnskap lettare tilgjengeleg. Samtidig har eigedomsrett til intellektuelt arbeid blitt ein nøkkelfaktor i den informasjonsdrivne økonomien. Når automatiseringa og det immaterielle arbeidet løyser opp skiljet mellom arbeid og kvile, gjer det oss samtidig meir fri og meir utnyttbare. Paul Mason og mange med han meiner at denne motsetninga fører til at økonomien ikkje kan bli verande kapitalistisk. I ‘Maskinfragmentet’ kan det sjå ut som Marx i seine nattetimar førestilte seg ein informasjons­teknologisk veg til postkapitalismen.

Privatisering av kunnskapen

Kvar i samfunnet kjem maskinens generelle intellekt, sosiale kunnskap, kollektive intelligens til syne i dag? Det mest allmenne svaret kan vera å finna på sosiale medier, der kunnskapen er sosial, men også ideologisk. Forsvar for store lønnskilnader, opprustning, intellektuell eigedomsrett pregar dei herskande tankar. Paul Mason legg til at «i dag vil det å vera borgarleg i den vestlege verda seia sosialliberalisme, engasjement for høgkulturen, for demokratiet og rettsstaten, å gi til gode formål og gøyma si eiga makt bak ei utstudert nøytral personleg maske».

Mason brukar uttrykket fine arts, altså ‘skjønne kunster’, og nemner dette feltet før demokrati, rettsstat og veldedighet som kjenneteikn på borgarleg livsform. Slik plasserer han den høge kunsten som ein vital del av det allmenne intellektet bak den nyliberale privatiseringsmaskinen. I tillegg kjem den fornya alliansen der høg kunst og mote går saman i storslått luksusforbruk. Alt tidleg på 2000-talet anbefalte Le Monde i Paris ikkje museer og konsertar, men shopping som den kule å måten å bli kultivert på.

Slik trenger kapitalens vareformer ikkje berre inn i dagleglivet. Varene overtar og overstyrer kunstens visuelle uttrykk. Kunst og mote, museum og galleri blir eitt. Først når den er prisa og innkjøpt, får kunsten verdi, økonomisk, og som uttrykk for sosiale forskjellar.

På mange felt ser vi den nyliberale privatiseringsmaskinen i full omdreining. Særleg på musikkfeltet har illusjonar om internettets anarkistiske og kvasikommunistiske horisont lenge fått dominera, ved strømming og fildeling, og til og med fått politiske uttrykk gjennom piratparti av ulikt slag.

Heller ikkje ein vital immateriell sektor som kunnskapsindustrien unngår kapitallogikken. I tileigning av kunnskapsvarer blir studentar og elevar sette i eit kundeforhold til dei offentlege lærestadene. Kunnskapsproduksjonen blir straumlineforma, offentlege universitet og høgskular får merkenamn og blir leda etter mønster frå det private næringslivet. I det intellektuelle livet blir kulturell kapital kvantifisert som rein vare for kjøp og sal, med skyhøge betalingsmurar rundt den mest ettertrakta kunnskapen. På universitetsbiblioteka blir lånemulighetene drastisk innskrenka. Akademikarar vil ha copyright på det verkelege og innskrenka den frie diktinga med referanselister og noteapparat.

Den frie pressa har alltid vore forretningstiltak. I løpet av eit par tiår er også norske akademia styrt i retning av å bli standard nyliberale universitet, det vil seie private kunnskaps- og ideologibedrifter som Yale og Harvard, der det på den eine sida er høgt vitskapleg nivå, og der på den andre dei pengesterke kan kjøpa seg innpass og utgang.

Også innanfor statleg finansierte utdanningsinstitusjonar leikar universitetsleiinga butikk med skattepengar og opptrer som konserndirektørarar i kunnskapsindustrien.

Eit forbiletleg uttrykk for denne privatiseringsprosessen i norsk samanheng er det såkalla storbyuniversitetet OsloMet, der rektor Curt Rice stolt krev at norsk skal skrivast feil, slik at det blir rett «på internasjonalt nivå.» Slik understrekar dei nye kunnskapsideologane at dei oppfattar seg som ledarar for private firma og følger andre lover og reglar enn det samfunnsoppdraget dei forvaltar.

Ved ekte nyliberale universitet blir professorat gjerne oppkalla etter rikfolka som finansierer dei. Vi ventar spent på det første John Fredriksen Professorat i førkypriotisk semiotikk ved OsloMet.

Den liberale språkmaskinen

I «gode tider for de onde» treng den herskande klassen ikkje å grunngi at klasseinteressene deira er det same som universell fornuft. Dette er underforstått fram til maktgrunnlaget tar til å brista. Når så skjer, ser vi to hovudstrategiar ta form. Den første trekker folkestyret i tvil: er veljarane eigentleg i stand til å velja rett? Å la media hamra inn offisielle konspirasjonsteoriar er den andre strategien.

Når veljarane sviktar, ser den liberale delen av det politiske systemet seg tvinga til å ta opp kampen mot den demokratiske delen. Når folket tar feil, er ikkje folkestyret til å lita på. Når frie val fører til Trump og til Brexit, blir det tolka ikkje som politikk, men som ei samansverging av vonde krefter. Frå dei språklege fotgjengarovergangane over motorvegmedia er dramaturgien lett å kjenna igjen. Gjennom eit velsmurt mediemaskineri fortel den offisielle konspirasjonsteorien at det er Russland og «Putin» som står bak alle anslag mot den liberale verdensorden, giftattentat i England, valresultat i USA, Storbritannia, Katalonia. Som andre konspirasjonsteoriar kan også denne ha eit grann av sanning i seg. I alle fall er det håp for sanning og rettferd. Referert i Morgenbladet forklarer New York Times: «At den øvre middelklasse bruker Facebook, er kanskje det viktigste pressmiddelet mot overvåking, mangel på personvern, ekkokamre og falske nyheter. Uten ‘eliten’ kan et mer hensynsløst Facebook teste ut alskens algoritmer – på innbyggere i fattigere land, uten en fri presse.»

Når den liberale delen av det politiske systemet tar opp kampen mot den demokratiske delen, må den, som New York Times, seia rett ut at det er den øvre middelklassen som forvaltar sanning og rett. Slik blir teorien om kommunikativ handling overdøva av den tette koplinga mellom borgarleg offentlighet og kapitalistisk økonomi. I sjølvforsvar sluttar også norske meiningsdannarar seg entusiastisk til forvekslinga av klasseinteresser og universell fornuft. Det skaper mislydar i den liberale språkmaskinen, og gjer det lettare å forstå ikkje ånda i maskinen, men privatiseringsmaskineriet djupt inne i den kollektive tidsånda.

bokmagasinet@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 11.11