Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lyspunkt: Korrespondentbreva i Drammens Tidende viser den dansk-norske A.O. Vinje før han starta opp landsmålsavisa Dølen.

Vinje før Dølen

«Fleirtalskulturen i Noreg har sine fire store, og nynorskkulturen har sine tre, Aasen, Vinje og Garborg», skriv Stephen Walton i tekstsamlinga «Litt laust, mest fast». Det er på den sida av målstreken ein finn diktaren og bladmannen Aasmund Olavsson Vinje i dag, men til liks med dei to andre store frå nynorskleiren, kan Vinje skilte med ei omfattande skribentfortid på dansk-norsk. For Vinje var det i all hovudsak provinsavisa Drammens Tidende som var den publisistiske boltreplassen fram til han starta vekeavisa Dølen på landsmål i 1858.