Torsdag 3. mai 2018
KUNNSKAPSLØYSE: Ungdomsarbeidar og programleiar Marco Elsafadi meiner styrkinga av Oslo-politiet er ein kortsiktig løysing på problema i Oslo sør og øst. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN
Ungdomsarbeidar fryktar tiltaka i Oslo øst berre er ei kortsiktig løysing på problema:
Trur ikkje på meir politi
Undersak

– Ikkje noko nytt

Leiar i Politiets Fellesforbund Sigve Bolstad seier til Klassekampen at dei 30 politifolka som vert tilsett i løpet av mai, ikkje vert finansiert av nye ferske midlar, men at dette er midlar som har vore kjent ei stund.

– Dette er stillingar som distriktet har fått tidlegare, og plasseringa av dei skal drøftast med fagforeiningane, seier Bolstad til Klassekampen.

Ifølgje fagbladet Politiforum vert det løyvd 86 stillingar til nyutdanna i statsbudsjettet.

På pressekonferansen måndag vert det opplyst at 30 av desse vert tilsett omgåande, i løpet av mai, og at dei skal gå til eining Øst.

Politileiinga i Oslo opplyste samtidig at 41 personar vert tilsette for 30 millionar kroner, flest i eining Øst, og tolv av dei skal vert fordelt innan Felles enhet for etterretning og etterforskning.

Også dette er gamal informasjon, ifølgje Bolstad.

– Desse 30 millionane ekstra har tidlegare vore ute i offentlegheita, seier han og legg til:

– Ressursane er ikkje på langt nær på plass.

aseb@klassekampen.no

FØREBYGGING: Marco Elsafadi meiner det er absurd å leggje skulda for ungdomskriminalitet på innvandring.

Ungdoms­kriminalitet

Etter fleire valdshendingar i Oslo øst og sør, blant anna mot Natteramnane, vert det no sette inn meir politi i bydelane. Brannsløkking, men ikkje ei varig løysing, meiner ungdomsarbeidar og program­leiar Marco Elsafadi.

– Hadde ein sette inn 30 erfarne ungdomsarbeidarar til å arbeide førebyggjande og kartlegge ungdomsmiljøa, gjerne i samarbeid med politiet, hadde problemet vore løyst innan to år, seier Elsafadi.

Han har sjølv jobba med ungdom i Oslo og fryktar at det ikkje er dialog med ungdommane dei 30 nye politi­folka som no vert tilsett, kjem til å fokusere på.

– Viss ein set inn 30 politifolk som ikkje er drilla i førebyggjande arbeid, men berre er der for å straffeforfølgje ungdommane som har gjort noko, då mistenkjer eg at det blir steile frontar, seier Elsafadi.

Fakta

Ungdomskriminalitet:

• Sidan februar har det vore ni skyteepisodar i Oslo.

• Dei fleste hendingane har vore i Søndre Nordstrand og lengst nord og øst i Groruddalen.

• Det har også vore uro og slagsmål i Groruddalen, som politiet knyter til aukande aktivitet frå kriminelle gjengar i området.

• Natteramnane på Vestli har innstilt patruljeringa si etter oppmoding frå politiet etter valdeleg og truande hendingar.

• Justisministeren har varsla at det vil komme 30 nye politifolk til Groruddalen.

Kjelde: Politiforum

Opprørt over Wara

Ungdomsarbeidaren er opprørt over det han meiner er kunnskapslause utspel frå justisminister Tor Mikkel Wara om situasjonen i enkelte bydelar i Oslo. I eit innlegg i Dagbladet ber han justisministeren skjerpe seg: Det er ikkje innvandring, men mangel på gode rollemodellar som er ein stor del av årsaka til utfordringane i Oslos ungdomsmiljø, meiner han.

Elsafadi tvilar ikkje på at politiet ønskjer å gjere ein god jobb, men trur ikkje ressursane er gode nok til å følgje med og skape dialog med ungdommane i utsette område. Han jobba som ungdomsarbeidar i stiftinga New Page, som måtte leggje ned i 2011 då kommunane la barnevernet ut på anbod.

– Hundrevis av ungdomar mista tilbodet i dei store byane. At kommunane legg ut barnevernet på anbod, er greitt, men då må dei leggje vekt på fag og seriøsitet, ikkje krone og øre. Då kjem rekninga eit anna stad, slik vi ser no, seier Elsafadi, som no jobbar med ungdom i Bergen.

Han meiner dei som står i første rekkje og kjenner ungdommen må melde seg på debatten om tilstandane i Oslo øst og sør.

– Dei handlingane vi har sett no er symptom på dumme budsjettkutt som har verte gjort for nokre år tilbake, seier Elsafadi.

Han synest ikkje det bør kome som ei overrasking at det oppstår problem i ungdomsmiljøa, når ein gjer store kutt i tiltak for dei.

Meir førebygging

I eit intervju med Politiforum innrømmer sjefane for skjulte metodar og spesielle operasjonar i Oslo at arbeidet med førebygging må verte betre. Sjef for skjulte metodar Knut Lutro seier til Politiforum at konfliktnivået sjølvsagt er høgt når det vert losna skot, men at etterretningsinformasjonen dei sit på, fortel at det dreier seg om rotlaus ungdom som ikkje er godt nok teke hand om tidlegare av politi, skular og barnevern.

Dei fortel at totalinnsatsen i politiet snart vil verte auka, og då vil det kome fleire politifolk som vil arbeide med førebygging. Det er uklart nett når det vil vere på plass. Sjef for spesielle operasjonar Anders Rasch-Olsen fortel Politiforum at ein tilsettingsprosess er i gang, både på førebyggjande, operativt og etterretning.

Lette å påverke

Då Elsafadi sjølv jobba med ungdom i Oslo, opplevde han kva god dialog mellom ungdom og politi hadde å seie for sikkerheita. Han fortel om mellom anna grillkveldar med politiet, ungdomsarbeidarar og ungdom, som gav rom for gjensidig forståing og alliansebygging.

– Vi kan ikkje berre forvente at ungdomane skal finne ut av kva som er rett og gale sjølv, ved å verte jaga av politiet. Dei treng rettleiing, og dei treng å føle at dei vert sett, seier han.

Ungdomsarbeidaren understrekar at ungdommen det dreier seg om i tilfella vi har sett den siste tida, faktisk dreier seg om barn. Viss politi og andre instansar kan skape ein relasjon til dei, og kome i posisjon til å snakke med ungdommane, er dei lette å dytte i riktig retning.

– Svaret ligg ikkje berre i meir politi. Det er ein naudløysing. Ønskjer vi at desse ungdommane, som trass alt berre er 13–14 år gamle, skal verte ein konstruktiv og positiv del av samfunnet, då er det på tide å investere i dei no, seier Elsafadi.

Klassekampen har vore i kontakt med Justisdepartementet, men ikkje fått ein kommentar innan avisa gjekk i trykken.

nora.rydne@klassekampen.no

aseb@klassekampen.no

Lørdag 18. januar 2020
PLAN: SV vil nå måla i Parisavtalen gjennom prosjektet «grøn ny deal». Eit av tiltaka er å kjøpe kriseramma norske verft, for å gjere dei ­grøne og sikre at arbeidsplassane blir i Noreg.
Fredag 17. januar 2020
KLAR TALE: Det er uholdbare tilstander i luftambulansetjenesten, sier Margit U. Kristoffersen fra gata i Alta. Hun er ikke alene om å mene at staten bør inn og overta ambulanseflyene.
Torsdag 16. januar 2020
URO: Frp vil kun være fornøyd med politiske gjenytelser som kommer i tillegg til regjeringsplattformen, etter at en norsk IS-kvinne ble hentet fra Syria, sier Jon Helgheim (Frp).
Onsdag 15. januar 2020
SPLID: I utkastet til nytt program for LO står det både strenge klimamål og en offensiv utbygging av olje- og gassvirksomheten. Nå brygger det til strid.
Tirsdag 14. januar 2020
ÅPENHET: Da Mohammed (16) døde, var det få som våget å snakke. Nå får vitnene støtte fra byråds­lederen i Oslo.
Mandag 13. januar 2020
OPPRØR: Dagfinn Johansen i øykommunen Hasvik i Finnmark er avhengig av ferge og opplever høye priser som straff. Ordføreren krever at staten får ansvaret for fergene.
Lørdag 11. januar 2020
VENTER: Equinor lanserte nye klimamål rett før de åpnet Johan Sverdrup-feltet. Sam­tidig jobber hele bransjen med den faktiske planen for klimakutt.
Fredag 10. januar 2020
MOTSTAND: NHO forventer at regjeringen snur om såkalt fritt skolevalg etter massiv motstand i høringsrunde.
Torsdag 9. januar 2020
SLØKKING: 300 bilar gjekk med då eit parkeringshus i Sola brann tysdag. Brannvesenet veit ikkje korleis dei skal sløkkje el-brannane.
Onsdag 8. januar 2020
AVVENTENDE: Spenningen stiger i Persiabukta, men forsvarsminister Frank Bakke-Jensen avviser at det er aktuelt å sende norske marineskip til området. Norske soldater i Irak blir værende inntil videre.