Klassekampen.no
Onsdag 2. mai 2018
Å kalkulere kostnadene av miljøøydelegging er eit knefall for kapitalismen.
Makaber logikk
8ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Dei siste åra har det kome ein straum av studiar som prøver å berekne dei pekuniære kostnadene ved miljø­øydelegging inklusive effektane av klimaendringa. I 2017 estimerte tidsskriftet The Lancet dei globale kostnadene ved all miljøøydelegging til 4600 milliardar dollar per år, over seks prosent av verdas samla BNP i 2016. FN har konkludert med at dei globale kostnadene ved opphoping av all slags søppel ligg mellom 200 og 800 milliardar dollar per år.

Verdsbanken har berekna at den globale forureininga av atmosfæren i 2016 kosta 5700 milliardar dollar, som svarte til 4,4 prosent av verdas BNP. I 2013 fann EUs miljøbyrå at kostnadene for industriell forureining av lufta hadde auka frå 329 milliardar euro i 2008 til 1050 milliardar i 2012. I 2016 rapporterte det same byrået at kostnadene ved klimaendringa åleine (energi til avkjøling, stormar, flaumar, varmedødsfall, havstiging) vil vere på over 100 milliardar euro per år i 2020-åra og sannsynlegvis stige til 350 milliardar per år i 2080-åra. Ein felles rapport av 2015 frå OECD og WHO estimerer Europas kostnader til 1300 milliardar euro per år på grunn av til sjukdomar og død som følgje av luftforureining.

Ei anna forureining som nyleg er blitt mykje omtalt, er opphopinga av plastikk i hava. Ein artikkel i tidsskriftet Science Advances (2017) estimerer at den totale globale primærproduksjonen av plast (i alle former) i perioden 1950–2015 var på 8300 millionar tonn. Denne produksjonen resulterte i cirka 6300 millionar tonn plastikkavfall. 800 millionar tonn av avfallet vart brent, 600 millionar tonn vart resirkulert, medan heile 4900 millionar tonn hamna på søppeldynger eller fritt i naturen, ikkje minst i hava. Denne søppelmengda representerer 60 prosent av all hittil produsert plast. Forfattarane peikar på at det ikkje skjer resirkulering av syntetiske (plast-)fibrar som i dag finst i nesten alle typar klede, ofte også blanda inn i for eksempel bomullstekstilar.

Konsulentfirmaet Trucost, eit underbruk av kredittvurderingsbyrået Standard and Poor’s, har prøvd å rekne ut kostnadene som følgje av plastens kolossale press på økosystema til havs, med vekt på biodiversitet, fiskeri og turisme. Dei kom til 139 milliardar dollar per år i 2018. Når det gjeld forsuring av hava som følgje av auka innhald av karbondioksid, har FN rekna seg fram til ein kostnad på 1200 milliardar dollar per år i år 2100.

Alle desse berekningane er høgst usikre. For det første er det som regel eit langt tidsspenn mellom miljøøydelegginga og framtidige «kostnader». I ein nytte/kostnadsanalyse må derfor framtidige kostnader bli diskonterte ned til noverdi, og spørsmålet om diskonteringsfaktor oppstår. Det hjelper lite å setje diskonteringsfaktoren lik null, for estimata på framtidige økonomiske kostnader ved miljøøydelegging er rein gjetting.

For det andre er det tvilsamt å måle kostnader ved miljøøydelegging mot BNP. Ein betydeleg komponent i BNP representerer miljøøydeleggande produksjon som dei estimerte kostnadene så blir rekna som del av. Mange økonomar vil hevde at det her dreiar seg om «eksterne effektar». Slike effektar betyr at ei bedrift si profitable miljøskadelege verksemd påfører andre identifiserbare bedrifter eller personar eit økonomisk tap som kan bli kompensert. Men biosfæren er verken bedrift eller person.

Dei aller færraste som estimerer nytte og kostnader ved miljøøydelegging, meiner nok at dersom pengenytta overskrid kostnadene, er det berre å dure vidare med øydelegging av naturmiljøet. Motivet for berekningane deira er vel heller å demonstrere alvoret i situasjonen. Likevel viser desse berekningane ein makaber logikk: Berre det som har ein pris, har verdi. Dette er eit av kapitalismens grunnprinsipp. Det same prinsippet legitimerer all kapitalistisk produksjon. Er produksjonen profitabel, er han både ønskjeleg og akseptabel frå kapitalens synspunkt.

Korleis skal vi elles tolke til dømes handsaminga av ein rapport som ei forskargruppe i oljeselskapet Shell utarbeidde alt i 1988? Med reine ord og utan nokon tvil konkluderte rapporten med at forbrenninga av fossile brennstoff ville føre til betydeleg global oppvarming og forandringar på planeten vår som blir større enn alle andre endringar i dei siste 12000 åra. Rapporten vart straks stempla som «konfidensiell» (jamfør www.climatefiles.com).

rune.skarstein@svt.ntnu.no

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Rune Skarstein, Chr. Anton Smedshaug, Ebba Boye og Marie Sneve skriv onsdagar i Klassekampen.

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 13.13