Klassekampen.no
Onsdag 25. april 2018
GNISTRAR: Den nye generasjonen Rosas-dansarar utfører den krevjande «Rosas danst rosas» med fengjande presisjon og kraft. FOTO: DANSENS HUS
Trettifem år etter er «Rosas danst rosas» framleis kraftfull.
Gnistrande rørsler

«Rosas danst Rosas»

Av Anne Teresa de Keersmaeker

Rosas

Dansens Hus, Oslo

Musikk: Thierry De Mey

og Peter Vermeersch

Dansarar: Léa Dubois, Anika Edström Kawaji, Laura Maria Poletti og Soa Ratsifandrihana.

MELDING

«Rosas danst Rosas» frå 1983 er ei slåande sterk danseframsyning og ei sentral referanse for mange i scenekunsten, både som eit koreografisk særeige verk, og som symbol på etableringa av eit europeisk sentrum for samtidsdans. Denne helga vart den 35 år gamle førestillinga vist ved Dansens Hus i Oslo.

Koreograf og dansar Anna Theresa de Keersmaeker etablerte det Brussel-baserte dansekompaniet Rosas i 1983, og i 1995 den internasjonale skulen for samtidsdans, P.A.R.T.S. Rosas arbeider i skjeringspunktet mellom utdanning og forsking, kor utvikling av nye samarbeid og produksjonar oppstår vis à vis nye oppsetjingar av tidleg Rosas-repertoar.

Det karakteristiske for Rosas-produksjonane er kombinasjonen av ein nærast rigid formalisme og eit underliggjande ekspresjonistisk modus, som trer fram gjennom repetisjon.

I «Rosas danst Rosas» ligg fokuset på rytmisk repetisjon av rørsle-sekvensar, som så inngår i ulike mønster mellom dei fire utøvarane på scena. Dansarane står i den eine augeblunken fram som nærast robotiske dokker, i den neste som sensuelle kvinner i eit drama mellom disiplin og eit pulserande indre som skin gjennom det mekaniske rørsle-mønsteret.

Sceneforløpet på vel over 90 minuttar opnar slik for både ei synleggjering av gradvis fysisk utmatting og plutselege moment av poetiske gnistar i og mellom dei kvinnelege dansarane.

Fellesskap og individualitet, dans som geometri, og kaleidoskopiske mønster på scena. Dansarane gir oss eit innblikk i dansen som øving i zen gjennom repetisjon.

Førestillinga slo ned i dansemiljøet med lynande kraft i 1983 med eit oppsiktsvekkjande kvinnesterkt kompani. Det feminine trer fram naturleg som grunnkraft i koreografien og utøvinga, samstundes som fokuset ligg på det reint formalistiske.

«Rosas danst rosas» blir til eit rom kor det feminine kan tre fram utan påtrykk frå dansetradisjonen, kor kvinnefiguren ofte er blitt hardt forma av eit maskulint blikk. Hos Rosas trer fram kvinnekroppen som eit klisjéfritt utøvarrom, fokusert på det formalistiske og dermed sitt eige ibuande materiale i møte med dette. Ingenting lagt til, ingenting teke bort. Dansen ber det som skal berast. Viser det som skal visast.

Det var i samband med Rosas’ besøk til Dansens Hus i Oslo arrangert workshop med Fumiyo Ikeda, som sjølv dansa i originalførestillinga i 1983, og sidan har vore sentral i Rosas.

Eg er med på workshopen, som autodidakt dansar og yogi, og som skrivande. Me har gått gjennom sekvensane A–F i ulike mønster og skal no gå gjennom seks samansetningar. Eg blir svimmel, treng ein ny gjennomgang av overskriftene, men veit eg er dansar nummer tre. Rykker. Kviler. Rykker. Når det flyt, er det som å inngå i ein pulserande kropp.

Rørslene går raskt til den hjarteslagaktige rytmen i musikken, ein stad mellom industriell støy og zen-aktig repeterande tromme, beatbox, slag.

Det er enkle rørsler, men kompleksiteten oppstår raskt når musikken sett tempoet. Det blir i løpet av den to timar lange workshopen synleg korleis det enkle basis­mønsteret i koreografien er grunnlaget for eit avansert og geometrisk uttenkt rørslemønster i ein nærast slavisk dialog med musikken.

Ikeda roser oss for innsatsen og understrekar at dette var ein femtedel av koreografien, som krev ein intens konsentrasjon i sceneversjonen. Noko eg skal få bekrefta same kveld. Koreografiane til de Keers­maeker hentar mykje av sine metodar frå musikken og metodikken til amerikanske Steve Reich, ein av dei største nolevande komponistane. Det var òg via danse­studioa ved Tisch University i New York at de Keersmaeker kom i kontakt med denne musikken. Slik byrja hennar eige koreografiske arbeid, representert ved signatur­verket «Fase, four movements to the music of Steve Reich» (1982) – ein koreografi kor rørsler og musikk møtes i ein stringent og poetisk minimalisme, den gong utført av de Keers­maeker sjølv.

Interessa for musikken til Reich kom til via vennskapet med Thierry de Mey, komponisten som skulle bli ein nær samarbeidspartnar av de Keersmakers, og som har komponert musikken til «Rosas danst Rosas».

Å få oppleve den fulle sceneversjonen av «Rosa danst rosas» forsterkar kjensla av at de Keersmaeker skaper sine koreografiske verk gjennom eit musikalsk og matematisk prisme kor rørslene på eit vis underkastar seg desse premissane, og samstundes står fram som eit form for essensialistisk dansespråk: dans i eit virtuost grunn­modus.

Tematisk er det og slåande korleis det trettifem år gamle verket står fram som eit kraftfullt uttrykk for det kvinnelege i form av det koreografiske møtet mellom repetisjon, rigiditet og det estetisk slåande vakre formspråket.

På scena får me oppleve fire imponerande sterke dansarar på scena. Den nye generasjonen Rosas-dansarar utfører den krevjande maratonrepetisjonsøvinga med gjennomgåande fengjande presisjon og kraft.

Etter to timar på workshop og sekvens A–F i kroppen er det desto meir slåande og imponerande å vere vitne til arbeidet på scena. Det gnistrar i kvardagsrørsler, og møtet mellom intellektuell konsentrasjon og kroppar i matematisk flyt.

teater@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 15. mai 2018 kl. 13.55