Klassekampen.no
Onsdag 18. april 2018
Tenk, eit universitet som dyrkar, sår og haustar!
Aker og Acer
PILLER OG PILLER: Wenche Foss som Fru Blom i «Karusell» (1962).

Aker og Acer, fru Blom? Acer er, dessverre, i ferd med å bli eit av årets ord. Kva tyder det eigentleg, dette som også går under omtalen «den tredje energipakka»? Ordet er ei engelskspråkleg forkorting. Tenk, lagnadens ironi er at engelsk held fram som det dominerande bruksspråket i EU, medan England er på veg ut ...

Forkortinga står for Agency for the Cooperation of Energy Regulators – ‘byrå’, ‘samarbeid’, ‘energi’, ‘regulering’. Norskskrivande journalistar skriv: EU-byrået for samarbeid mellom energiregulatorar.

Byrået har skapt nesten-opprør. Min språklege kommentar blir: For det første formidlar namnet at det dreiar seg om udramatisk samarbeid om energi-regulering. For det andre formidlar namnet, meir indirekte, at dette er fornuftig. Dette kan då umogeleg vera skummelt eller diskutabelt? Nei. Ikkje ut frå ordbruken. Likevel anar mange nordmenn at det bakom dei fire nøkkelorda løyner seg realitetar som namnet på ingen måte formidlar. Men fleirtalet på Stortinget kjende ikkje uro. Dei brydde seg heller ikkje om kva folkefleirtalet meinte.

Det er utruleg. Men sant.

Nei, gje meg Aker. Det er liv og natur. Gjennom nokre tusen år har åkeren (akeren) gitt mennesket dagleg brød. Difor burde det nye Universitetet i Oslo ha teke i bruk dette heidersordet. Tenk, eit universitet som dyrkar, sår og haustar! Oslomet vart me mette av før dei fekk opp namneskiltet.

Og det har på ingen måte mangla sjansar for departementet å visa styringsevne. Men dei har vist feigheit og sviktande kvalitetssans. Det er berre éi trøyst: Styret for det nye universitetet kan, når som helst, ta opp saka og gjera om på vedtaket. Slik me òg kan vona at staten vår grip inn overfor namnemisfosteret Equinor, ‘hest i nord’ ... som liksom skal formidla ny giv i Statoil.

Igjen seier eg: utruleg. Men sant.

Aker/åker kan følgjast like attende til indoeuropeisk. Difor finn me ordet, logisk nok, både i latin, som ager (mark), og i engelsk, som acre (flatemål) og i fransk agriculture (jordbruk). Det sentrale jordbruksområdet Aker og den ærverdige Gamle Aker kyrkje låg eit stykke nord for Akersneset, der kongemakta bygde den første festninga rundt 1300, som seinare fekk namnet Akershus. Festninga ligg så fast i dansketid at i uttalen kan trykket på andre staving godtakast, medan fylket, som det norske namnet det er, i dag bør ha trykket på første staving.

Kva så med fru Blom? Familienamnet er velkjent nok. Men uttrykket vart til på scenen, i komedien «Karusell» av Arild Brinchmann, premiere i 1940 på Nationalteatret. Kassasuksess. Per Aabel spelte lege og var i storform.

Under premieren la han inn replikken «Piller og piller, fru Blom» til ho som spela fru Blom, endå det ikkje stod i manus. Seinare har uttrykket levd fritt; alt mogeleg kan i dag koplast til denne fru Blom. ‘Avgift og avgift, fru Blom! ‘Vedtak og vedtak, fru Blom!’ Ei fast vending som står til teneste. Men ulikt mange faste uttrykk veit me her både opphavsmann, situasjon og dato.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Namnet Acer formidlar, in­direkte, at dette er fornuftig»

Artikkelen er oppdatert: 19. april 2018 kl. 10.24