Tirsdag 17. april 2018
DEBATT: Nasjonaltalsperson i MDG Une Aina Bastholm og partileiar i Raudt Bjørnar Moxnes må begge ta stilling til forslag om å seia nei til omskjering av gutebarn. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
Krefter i Raudt og MDG jobbar for forbod mot omskjering av gutebarn i Norge:
Får debatten i fanget
FORSLAG: I SV skapar fleirtalet mot omskjering steile frontar. Både i Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne kjem forslag om aldersgrense mot omskjering på agendaen i mai.

RELIGION

– Eg er glad for vedtaket SV gjorde i helga, og som Frp gjorde i fjor, seier Kristin Antun, kommune- og fylkespolitikar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Akershus.

Andre helga i mai samlast 200 delegatar frå MDG til landsmøte. Blant 60 resolusjonar som er komne inn, er eit forslag om at MDG skal jobba for ei aldersgrense for rituell omskjering av gutar.

Bak forslaget står Antun og fire andre MDG-politikarar frå ulike lokallag.

– Dette er ei vanskeleg sak, og det er viktig for meg å anerkjenna det, men eg og ein del andre meiner det er rett med aldersgrense.

Som i SV er det delte meiningar i MDG.

– Eg veit det er veldig delte meiningar også i vårt parti. Det er eit verdispørsmål som eg har stor respekt for. Alle vil det beste, og spørsmålet er kva menneskerettar me skal legga vekt på.

Fakta

Partia om omskjering:

• Raudt: Har ikkje standpunkt i saka, men vil få ein debatt i partiet i tida som kjem.

• SV: Vedtok i helga å gå mot omskjering for gutar under 15 år.

• Ap, Høgre, Venstre, Sp og KrF har i Stortinget støtta dagens ordning med rituell omskjering ved norske sjukehus.

• Frp: Vedtok på landsmøtet i fjor å forby rituell omskjering. Partileiar Jensen har sagt ho nektar å følgje opp vedtaket.

• MDG: Kan få debatt om omskjering på landsmøtet i mai. Det er sendt inn fråsegnsframlegg om å forby rituell omskjering.

Er i praksis eit forbod

For norske jødar er ei aldersgrense for omskjering i praksis eit forbod, sa styreleiar i Det Mosaiske Trossamfund Ervin Kohn til Klassekampen laurdag. Innanfor jødedommen skal omskjering skje før barnet er åtte dagar gamalt. Ei aldersgrense blir oppfatta som ei kriminalisering av den mest sentrale tradisjonen til det jødiske folk.

Antun er sjølv utdanna religionshistorikar, men ho meiner retten til å bestemma over eigen kropp er viktigare. Ho viser til at ei rekke helse- og omsorgsfaglege instansar stør eit forslag om aldersgrense, som Rådet for legeetikk, Legeforeininga, Sjukepleiarforbundet og Barneombodet.

– Eg ønsker ikkje gjera livet vanskelegare for religiøse grupper, men eg meiner likevel det er riktig med aldersgrense. Retten til å bestemma over eigen kropp fall tyngre, seier Antun.

Det er ikkje lagt opp til at MDG skal votera over dette resolusjonsforslaget.

– Ingen årsmøte kan behandla 60 resolusjonar. Landsmøte kan foreslå at den kjem til behandling, men for meg er det greitt at det kjem i neste programprosess.

Vil ha debatt i Raudt no

Også i partiet Raudt er det krefter som vil at partiet skal jobba for ei aldersgrense for omskjering. Ei gruppe Raudt-politikarar frå ulike stadar i landet har sendt forslag om at saka blir tatt opp under Raudts landsstyremøte i mai.

– Me ønsker at saka må løftast opp og fram no i partiet, slik at partiet kan ta stilling før landsmøtet neste år. Det meiner me er for lenge å venta, seier Margit Steinholt, leiar for Raudt Alstahaug i Nordland.

– Kva vil du at partiet går inn for?

– Me ønsker ei aldersgrense. SV har gått for 15 år, eg meiner at me kanskje bør ha ei endå høgare aldersgrense, seier Steinholt og legg til at ho ikkje har forslaget som er sendt inn, framfor seg.

– Eg er gynekolog og ser det også frå eit fagleg synspunkt. Det er absurd å setta folk i fengsel for omskjering av jente, mens ein blir velsigna av det offentlege dersom du er gut, seier ho.

18–16 for forbod i SV

Landsstyret i SV var delt nesten på midten då dei laurdag gjekk inn for eit forbod. SV-leiinga kom med eit forslag til kompromiss, men det fall med 18 mot 16 stemmer. I dette forslaget er det eksplisitt skrive at stortingsrepresentantane er fristilt i saka.

På sosiale medium har debatten gått friskt både før og etter vedtaket. Gülay Kutal, tidlegare leiar av etnisk likestillingsutval i partiet, skriv at ho er skuffa over partiet, medan Olav Sannes Vika, leiar av Vestfold SV, skriv at han «både har opplevd å bli frakjent all ære som fagperson, at jeg bare er hvit majoritetsmann, mansplaining og det som verre er».

Ådne Naper, landsstyremedlem frå Telemark, var ein av dei som røysta ei aldersgrense for omskjering.

– Eg håpar resultatet i det minste speglar medlemsmassen i partiet.

– Altså at det er splitta omtrent på midten?

– Altså at utfallet speglar grunnfjellet når me tek opp ei så vanskeleg sak.

Arvinn Eikeland Gadgil var ein av dei som røysta mot.

– Eg skulle personleg sett at det gjekk andre vegen, men eg håpar me kan forvalte vedtaket på ein respektfull måte. Det er ingen som har meint at dette er ei enkel sak. Det er derfor viktig at me klarer å reflektere alle synspunkta.

politikk@klassekampen.no

Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.
Onsdag 5. desember 2018
UHOLDBART: Elin Ørjasæter slakter Trine Skei Grandes lederstil etter at partilederen anklaget partifelle for å være illojal.
Tirsdag 4. desember 2018
RAUDE BYAR: Norske storbyar ligg an til å halde på sine Ap-ordførarar etter kommunevalet i 2019. I Bergen og Tromsø slit høgresida med alternativet.
Mandag 3. desember 2018
SENTRUMSSTENGT: Ny måling viser rødgrønt flertall i Bergen. Nå ber SVs Oddny Miljeteig Ap om å «lese skriften på veggen» og velge SV foran sentrum.
Lørdag 1. desember 2018
UT: Dei er avhengige av selja mangan til stålprodusentar i heile EU, men slår likevel ikkje nokon stålring om EØS-avtalen. Eramet Norway er open for å greia ut eit alternativ til EØS.
Torsdag 29. november 2018
INNVANDRING: Torbjørn Røe Isaksen (H) tek opp konkurransen i asyl- og flyktningpolitikken mot Sylvi Listhaug (Frp) og Masud Gharahkhani (Ap).
Onsdag 28. november 2018
NESTLEIAR-KAMP: Sju av SV sine fylkeslag har spelt inn Torgeir Knag Fylkesnes som ny nestleiar i SV. Tre har spelt inn Kari Elisabeth Kaski.
Tirsdag 27. november 2018
FORSTÅR: Frps Per-Willy Amundsen sier han forstår fagbevegelsens uro for EØS-avtalen.
Fredag 23. november 2018
STERK KRITIKK: KrF går knallhardt ut mot regjeringen i terrorsikringssaken, men vil ikke bli med på et mistillitsforslag. Tilliten mellom partiene er likevel svekket på borgerlig side, sier Frp-topp.