Klassekampen.no
Lørdag 14. april 2018
8ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM
Snublesteinar i Luther-land.
Kvifor gjer store menn så store feil?

På bussreise i Martin Luthers fotefar kom eg til fødebyen hans, Eisleben.

I brulegginga på fortaua i denne byen, der Luther også lét att auga sine siste gong, er det nedfelt små «brustein» av messing, ein millimeter eller to høgare enn den andre brulegginga, slik at du legg merke til dei, men neppe snublar i dei. Dei er tankens snublesteinar, med menneskenamn inngraverte, felt ned for å minne oss om eit hundre og femtitals tyske jødar som under den andre verdskrigen vart deporterte frå Luthers fødeby for aldri å vende tilbake. Slike snublesteinar finst i mange tyske byar, og i Oslo, men vitnemålet gjer enda meir inntrykk her i Eisleben, der meir enn åtti Luther-roser også er felt ned i brusteinen for å hylle reformatoren.

Det siste Martin Luther fekk utretta i denne verda, var å sørge for at eit femtitals jødar i Eisleben vart fordrive av kurfyrsten. I den siste preika han heldt før døden innhenta han, i Andreas-kyrkja i Eisleben, sa han at jødane anten måtte døypast eller fordrivast frå riket. Rett nok var Kristus sjølv jøde, men no var dei enda meir ville og utilreknelege enn på Jesu tid, og dermed av ein ringare kvalitet. No om dagen skjenda jødane Kristus, Maria og dei kristne uavlateleg, og ein måtte spesielt vera på vakt mot dei jødane som gav seg ut for å vera legar, for dei var i stand til å forgifte offera sine slik at dei døde månader seinare, eller til og med år, og dei som tillét denne framferda var medskuldig i desse syndene.

Alt dette er vel kjent, men alle detaljane kan ein finne hos den tyske Luther-historikaren Thomas Kaufmann, i boka «Luthers Juden» (Reclam 2017).

Kvifor gjer store menn så store feil? Korleis kunne reformatoren forfalle til ein retorikk som høve hand i hanske med nazismens utryddingsprogram fire hundre år etter hans død? Kor store mistak kan store menn gjera før dei sluttar å vera store menn?

Alt på denne reisa i Luther-land er forunderleg kjent og nært for ein som meg, som ikkje berre fekk Luther inn med morsmjølka, men med skulemjølka.

På skulen var Luthers vesle katekisme noko av det første vi fekk delt ut, med Luthers portrett på framsida. Så gjekk vi over til Luthers forklaring. Vi pugga og song Luther-salmar tidleg og seint. Far min var lekpredikant i Norsk Luthersk misjonsselskap. Slektningane mine som reiste til Amerika og 800.000 nordmenn som reiste saman med dei, bygde lutherske kyrkjer på Alberta-prærien og Dakota-prærien, til saman må det ha vore meir enn tusen kyrkjer, og mange av dei er framleis i bruk.

Eg er med andre ord lutheranar opp til halsen, og for å leva med det, er det mi plikt å minne om svartsida av Luthers store og frigjerande innsats.

Veikt minnest eg frå min ungdoms lesing at Friedrich Engels tilkjende Luther to ulike sider. Som ung reformator var han revolusjonær og frigjorde mennesketanken frå det pavekyrkjelege åket, som gammal vart han, i forsvar for sitt eige verk, ein mann som oppmoda fyrstane til å utrydde dei bonderevolusjonære og brenne synagogane til jødane fordi dei ikkje ville omvende seg til Kristus.

Så reiser eg til neste Luther-stadt, og til den neste, for å ende opp i Wittenberg der Luther slo opp, eller fekk slått opp dei 95 tesane på kyrkjedøra som gjort slutt på avlatshandelen, og sette dei truande medvitne om at ingen avlat og ingen gode gjerningar, berre trua aleine kan føre til frelse.

Eg tenker på alle historiske heltar frå fjerne hundreår og fridoms­heltar frå mi eiga til, på Robert Mugabe og Mao Dzedong som forandra Kinas ansikt, for ikkje å snakke om dei som sat saman med Nelson Mandela på Robben Island.

Kva skjedde med dei da dei gjekk over frå å vera opprørarar med ambisjon om å forandre verdshistoria, til dei enda som despotar og tyrannar? Korleis gjekk det med alle heltane mine da dei hadde sett dei store visjonane sine ut i livet?

Det er femtitre år sidan eg gjekk inn i eit politisk engasjement som fekk meg til å slutte med å stemme i Luthers augsburgske trusvedkjenning under gudstenesta i kyrkja, og i staden gjekk på gata for å dela ut propagandamateriell for å få slutt på krigen i Vietnam.

No les eg trusvedkjenninga på nytt, men utan å gløyme all den ulykka som følgde i Luthers fotspor.

Eg reiser gjennom Luther-land og gleder meg over at det finst snublesteinar for tanken i fortaua der, som minner oss om at store menn gjer store feil, og at det einaste som viser veg, er å identifisere og avsløre villfaringane deira, så dei ikkje får forderve framtida.

Artikkelen er oppdatert: 19. april 2018 kl. 10.00