Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stillfaren: Cathrine Knudsen skriv eigenarta undersøkingar om vilkåra for liv i det tekno-kapitalistiske komplekset.

Det levande, utlevert

SYSTEM: Knudsen utleverer menneske og dyr til den teknologiske og økonomiske utviklinga. FOTO: TOMMY ELLINGSEN Christopher Olssøn

Vi går inn for landing i opninga av Cathrine Knudsens sjette roman, «Den siste hjelperen». Eg-et som fortel, lèt att auga og gjer seg klar for at hjula på flyet skal treffe bakken, «fylt av tillit til den ukjente som betjener maskinen». Men flyet landar ikkje, og Knudsens prosa glid inn i ein merkeleg mellomtilstand, der lesaren ikkje er sikker på kva som skjer og ikkje: Sit forteljaren i eit fly, eller er ho ein slags drone i ein draum? Frå flygemaskinens fugleperspektiv forsøkjer ho å sirkle inn bustadområdet og huset der ho bur med barna. Ho ser ikkje huset, ser ikkje barna, men kjenner dei: «[F]ølelsene mine greier å hente ut de røde varmebølgene som kroppene deres avgir […]. Den røde langbølgete strålingen som gjør at alt levende røper seg. Som utleverer alt levende som prøver å gjemme seg.»