Klassekampen.no
Fredag 13. april 2018
OMTANKE
Kloksnill, ikkje dumsnill
Livet

Psykolog Peder Kjøs skriver om det personlige og nære.

Ver grei med andre. Det vil gjere deg meir harmonisk.

Ein episode sit ekstra godt fast i minnet frå då eg som sekstenåring haika aleine nedover Europa. Eg var innom grensesprengjande kunstutstillingar som Documenta i Kassel, diskuterte haiku med ein japanar i katakombar i Wien og opplevde karneval i Venezia.

Likevel er det ei nesten usynleg handling frå eit medmenneske som har vorte ståande underleg klart i sinnet. Eg var på veg frå ungdomsherberget i Salzburg for å haika vidare til Venezia. På vegen ut av byen gjekk eg innom eit bakeri og stod der i den gode lukta frå surdeigsbrød og wienerbrød, medan eg fann fram tynne, nesten luftlette austerrikske myntar som eg hadde igjen i lomma. Eg gjekk fram til ei moderleg dame bak disken og spurde på mitt skuletysk kva eg kunne få for desse. Eg ville kvitta meg med myntane eg ikkje kunne bruka der eg skulle.

Men ho såg nok ein tynn gut langt heimanfrå som nesten ikkje hadde pengar til mat. Ho kikka seg litt rundt og fylte så opp ein stor papirpose med bollar, rundstykke og wienerbrød og gav meg denne med eit varmt smil.

Eit par av mine vennar fortalde for nokre år sidan om episodar der framande menneske hadde strekt seg langt for å hjelpa dei, og eg la etter det ut eit spørsmål på sosiale medium om det var andre som hadde opplevd liknande ting. I løpet av kort tid fekk eg inn eit femtitals historier.

Kvifor viser me omtanke og er venlege ovanfor framande? Og kva gjer dette med oss?

I dag vil ein ofte oppleve at ord som «snill» eller «god» er kopla med negativt lada ord, som «dumsnill». Seier ein at ein person er «snill og god», ligg det ofte ein vagt nedvurderande tone bak. Stefan Einhorn, professor i molekylær onkologi ved Karolinska Institutet i Stockholm, spør i si bok «Kunsten å være snill» korleis det kan ha seg at ord som «snill» og «god» har vorte negativt lada for oss.

Han definerer ein snill person som ein som i sitt medvit alltid har omtanke for andre, som har innarbeidd tanken om sine medmenneske sitt ve og vel i levemåten sin. I hans auge er ikkje ein slik person dum, men klok, i og med at denne personen har innsett kva det eigentleg handlar om: Det me gjer mot våre medmenneske, det gjer me òg mot oss sjølve.

Men desse orda har nok fått ein meir negativ klang, og media er stadig fulle av handlingar som er brutale, vonde og framstiller menneska som sjølvopptekne og lite altruistiske. Det er det som er «gode nyhende». Historiene eg fekk tilsendt, er i medieverdas auge berre bagatellar.

Poeten Håvard Rem var på bryllaupsreise i Kina og Tibet i 2007. Etter ei lang reise med lite søvn, tok Rem ut pengar i ein minibank i Beijing før han og den utkåra gjekk vidare i menneskemengda. Men i Kina kjem pengane ut av minibanken før kortet. Rem skriv: «Et folkehav som beveget seg like smidig som en svaleflokk på himmelen, som en organisme, uten skubbing, uten annan kroppskontakt og berøring enn hånden til hun jeg gikk sammen med. Derfor ble det så merkbart at noe nappet meg i skjortekanten. Jeg snudde meg og så en beijinger på min egen alder. Mellom ham og minibanken var det tre hundre meter folkemylder. Han holdt et norsk bankkort opp i luften og rakte det mot meg. Jeg tok i mot, førte hendene sammen og bukket.»

Historiene folk sende meg er frå heile verda – Fredrikstad og Firenze, New York, St Louis og Saint-Denis, frå Trondheim og Skåne. Sett frå ein viss avstand kan mange av hendingane verka små, men dei var til stor frustrasjon for den som vart råka av dei der og då. Og dei små teikna på omtanke gir frå seg ein varme og endrar kvardagen for folk.

Leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, skreiv følgjande: «Eg elskar Fredrikstad. Etter besøket hos NRK gløymde eg igjen den viktige notatboka mi på ein benk på Gamleby-vollen (ho var sitteunderlag). Da eg kom tilbake for å leite halvannan time etterpå, var ho der framleis – og nokon hadde pakka ho inn i plast.»

Ei mor i Haugesund vart overfallen av høljeregn med tre små barn. Ho hugsar den framande som gav henne ein paraply: «Take this!»

Dei som viser omtanke, avviser tanken på finnarløn. Tilbakelevering av lommebøker, små tenester, skyss for å nå eit viktig tog eller «berre det» at nokon framande viser omsorg når ein står i ein vanskeleg situasjon. Uventa tillit frå butikkar, apotek og restaurantar, når kunden oppdagar at ein ikkje har pengar på seg.

Småting? Ja, kanskje. Men det gjer kvardagen mildare og lettare og lèt etter seg ein smil i heile kroppen. Nokre av historiene er rørande. Omtanke og hjelp kjem frå framande menneske, folk i eit anna land, nordmenn i Noreg, utlendingar som har kome til Noreg: I desse historiene hjelper dei andre folk, og folk tek vare på kvarandre. Dei viser omtanke til folk dei ikkje kjenner. Grunngjevingane kan variera: «Du har eit ærleg ansikt» eller «Det skulle berre mangle» og «Slikt gjer vi berre». Ei som får lommeboka att gjentekne gongar, skriv: «Jag trur de slarvigas Gud ser i nåd til mig.»

Kvifor hjelper me kvarandre? Kva har me igjen for det? Det finst svar på mange nivå: Evolusjonsmessig har menneska innsett at dette er gunstig: Ved å samarbeida, hjelpa kvarandre og dela jaktbyttet, auka sjansen for at gruppa ville overleva.

Utviklingspsykologisk ser ein at barn frå ein alder på tolv månadar byrjar verta merksam på at andre har eit problem. Ser dei vaksne leite etter noko, peikar dei på tingen. 14 månadar gamle barn rekkjer andre ting desse treng, og tre år gamle barn deler både mat og leiker med andre barn. Evna til å bry seg om andre, til å setja seg inn i andre sine kjensler og til å laga, læra og leva etter normer, er med på å framelska omtanke og venleg åtferd. Og me har det i oss.

Ved å granska hjerneaktivitet i samanheng med «snille handlingar», har ein funne ut at desse fører til produksjon av serotonin, som roar oss ned og gjer oss mindre bekymra, dopamin som aukar kjensla av velvære. Det å vera vitne til venlege handlingar, frigjer «kjærleiks­hormonet» oxytocin, som både aukar optimisme og sjølvkjensle og senkar blodtrykket.

Den som utfører ei venleg handling, opplever at lystsenteret i hjernen reagerer nett som om ein var mottakar av handlinga. På engelsk har ein uttrykket «helper’s high» for dette.

Mange eksperiment har vist ein påfallande verknad av venlege handlingar. Den som har vorte utsett for slikt, vil med langt høgare sannsyn utføra venlege handlingar mot andre etterpå. Er du snill, kan du altså risikera å setja i gang ein dominoeffekt som gjer at snille handlingar byrjar å spreia seg. «Det er litt pinleg å ha tileigna heile livet til det menneskelege dilemma for så mot slutten av livet å innsjå at ein ikkje har meir å tilby i form av råd enn ‘prøv å vera litt snillare’», sa den engelske filosofen Aldous Huxley ein gong. Men så enkelt kan det vere.

Stefan Einhorn viser i si bok til at alle kjente religionar legg vekt på ei eller annan form for den gylne regel – at du skal vera mot andre slik du ønsker at dei skal vera mot deg. I Talmud står det at kjærleg venlegheit er større enn lovar, og velgjerningar i livet er meir verdt enn alle seremoniar.

Ein av grunnane til at det er slik ei vekt på dette, og at det finst evolusjonsbaserte, sosiale og kjemiske formar for gevinstar for venlege handlingar, er vel kanskje at det finst mange krefter som verkar i ei anna retning og gjer det vanskeleg å halda fast ved denne basale kunnskapen om at det er klokt å vera snill.

Men omtanke kan jo òg ta mange former. Av og til kan hjelpa koma til oss, ved at noko brått får oss til å sjå ting på ein annan måte, i eit anna lys. Ei av yndlingshistoriene mine om zen-meisteren Shenryu Suzuki, er denne:

Ei ung dame kom til Suzuki og viste han ein 20 dollar-setel ho nettopp hadde funne på fortauet i Japantown. Ho kunne ikkje bestemma seg for kva ho skulle gjera med den. «Skal eg gi den til eit godt føremål, setja opp ein lapp på ein telefonstolpe, eller berre behalda den sjølv?»

Suzuki visste råd for dette dilemmaet: «Her», sa han, «eg kan ta den, eg». Så snappa han setelen og stappa den raskt opp i ermet på kappa si.

htorvund51@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 19. april 2018 kl. 09.52