Du kan bla til neste sideBla med piltastene

KJØTKRISE: Når norske bønder lager mat vi ikkje treng, er noko galt fatt.

FOR MYKJE AV DET GODE

NOTAR: Ei fôreining (som svarar til energien frå ein kg bygg) er rekna som ein kg og vist som ein liter. Areala er rekna ut frå grovfôravlinga til referansebruket (areal per fôreining). Kjelder: Statistisk sentralbyrå, Nortura, Bioforsk, Norsk Sau og Geit. Grafikk: Henrik A. Haanes

PARADOKS: Korleis kan det ha seg at bøndene produserer for mykje mat her i steinrøysa? Er det tid for å lage maten meir ressursvenleg og i mindre mengd?

Sauebonden Erlend Brede Fossen i Gaular kommune i Sogn og Fjordane leverte i fjor haust ein vaksen sau til slakt hos Nortura i Førde. Slaktevekta var 43,7 kilo, og han fekk to kroner og nitten øre for skrotten. Det gav fem øre per kilo, altså ei rein fornærming mot bondens arbeid.