Klassekampen.no
Onsdag 11. april 2018
LYS OG MØRKER: I april vaknar livet.
Ord på grenseflata i eksistensen.
Du levande

Livet vaknar i april. Latin aprilis er «den som opnar (året)», opplyser norske ordbøker. Den autoritative franske Grand Robert skriv derimot at april har kome frå gresk Afrodite, via etruskisk. I så fall er det månaden for kjærleiksliv, fruktbart liv. Ikkje noko mindre.

Bjørnstjerne Bjørnsons dikt-tittel «Jeg velger meg april» frå hans siste leveår er sterk. Mars har kimen, april har livet. I mai er det meste over. Den forunderlege fødselen skjer i april. Så dagane i april står i livets teikn.

Kva betyr ordet liv? Den eldste tydinga var eksistens, det å vera. Seinare har tydinga kropp kome til; me talar om å halda nokon frå livet. Og me har kroppsdelar, til dømes underlivet. Ikkje rart at ordet fyller ei heil bokside med sine bruksmåtar.

Latin vita har mykje same tyding – eksistens. Å vera vital er å vera livleg, vitalitet er livskraft. Vitamin er ei moderne oppdaging. Desse styrkjande stoffa kan no til og med lagast på kunstig vis. Polakken Casimir Funk blir rekna som opphavsmann til ordet, det skjedde i 1912. I curriculum vitae er det første ordet løp (jamfør ‘kurs’), det andre er genitiv av vita. Altså livsløp.

Så har me bios, det greske ordet. Etymologien avdekkjer at dette har eit litt anna innhaldsmessig (semantisk) opphav enn det germanske og latinske. Det går meir i retning av livsressursar, alt levande som finst rundt oss. Og biografi er ‘livsskrift’, biologi er ‘livslære’.

Endeleg det hebraiske chaim. Meininga her er ganske parallell til bios på gresk; ordet omtalar alt som er levande. Hebraisk-ekspert Halvard Hagelia fortel at orda chaim og Eva, frå 1. Mosebok, har sams utgangspunkt. Så Eva er Liv. Vakrare kan det ikkje bli.

Vårt germanske Gud har heidensk opphav. Naturlegvis, jamfør tysk Gott og engelsk God. I dagens islandsk kjenner dei stadig den gamle og verdslege meininga. Snorre Sturlason var gode, eller goði, som det heitte, på 1200-talet. Det innebar at han var lovseiemann på Alltinget. Den heidenske grunntydinga var ‘den ein kallar på’, i saker.

Det franske Dieu kjem frå latin Deus, som igjen er i slekt med det greske Zevs. I opphavet eit ord i det indoeuropeiske urspråket som hadde meininga å skina, lysa. Såleis kjem vårt dag truleg frå same rot.

Me skal hugsa på at då Moses og folket hans vandra gjennom Sinai, såg dei stundom ei lysssøyle framfor seg. Ho synte veg. Gud var lys. Jahve på hebraisk tyder likevel ikkje ‘lys’, men den som ‘eksisterer’ – den som var, er og blir. Så heilagt var dét ordet at jødane ikkje kunne ta det i sin munn. Når dei kom til dette ordet i tekstlesinga, måtte dei seia eit anna ord, til dømes Adonai (‘Herren’).

Orda for liv og gud utgjer grenseflata i eksistensen – overgangen mellom det endelege og det uendelege, mellom det me veit, og det me ikkje veit. Orda, altså innhaldet, fortel korleis menneska før oss har tenkt. Ikkje noko fortel meir om det å vera menneske enn orda me bruker. Og alle heilage ord er menneskeskapte.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Så heilagt var ordet at jødane ikkje kunne ta det i sin munn»