Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det må vere mogleg å snakke om gratisarbeid utan å snakke om utnytting.

Alternativ kultur

For nokre veker sidan kom det eit nytt og omforma nummer av det fem år gamle kulturtidsskriftet Fanfare. Det er gledeleg å sjå at grunnleggar Synne Øverland Knudsen, pådrivar for ei rekke kreative prosjekt og alternative pust på kulturfeltet, er tilbake i redaktørstolen. Utgåva har fått tittelen «Den alternative kulturmeldingen», og tar sikte på å få til ein samtale om kulturarbeid som handlar om noko anna enn pengar. Det skal vise seg å bli ei vanskeleg oppgåve; bladet er rett nok fullt av interessante historier frå kunstnarar og kulturarbeidarar som fortel om ulike utfordringar dei har møtt på i karrieren sin, men det klarer ikkje halde pengeproblematikken på avstand lenger enn til første bidrag – i dette tilfellet i form av ein kritikk av Fanfare sjølv fordi dei ikkje honorerer sine bidragsytarar.