Klassekampen.no
Tirsdag 3. april 2018
Dekk­operasjon

ACER

Det var knapt to veker til avgjerd i Stortinget om Norges tilslutning til EUs energimarknadspakke (Acer). Ap ville sikra fleirtal med den blågrøne regjeringa. Sterk motstand i LO, 120 Ap-ordførarar åtvara, lokallag blånekta. Partiets stortingsgruppe var splitta på midten. Korleis skulle dette gå? Ap forhandla fram særvilkår. Opposisjonen, inkludert halve Ap, ville ha betre opplysing før eventuell suverenitetsavståing. Aps rådgivarkorps såg seg om etter ein utveg.

9. mars kom filmen Utøya 22. juli og rådgivarkorpset oppdaga Sylvi Listhaugs facebookpost: «Ap mener terroristers rettssikkerhet er viktigere enn nasjonens sikkerhet». Samanfallet blei til dekkoperasjon Facebook-gate.

Acer-vedtaket var eit faktum to dagar etter at Ap hadde fått Stortinget ut i fleire rundar med Facebook-gate. Dekkoperasjonen heldt Stortinget i ånde. Media jakta i flokk. Ap trigga opposisjonen til totalangrep på justisministeren ut frå den posta saka om tilbakekalling av statsborgarskap for heimvende IS-krigarar. Listhaug sto daddelrett, nedsenkt for utruskap mot politisk korrekt retorikk og bad om orsaking 16 gonger for alt som hadde hopa seg opp i denne kommunikasjonen. Ap-leiar Støre fór til og frå, henta meir skyts: «Det holder ikke!»

Det var enno ei veke til Acer-vedtaket skulle opp i Stortinget 22. mars. KrF sikra fleirtal for daddelvedtaket 16. mars. Rødt samla partia i opposisjon, KrF tyst på vippen, om mistillitsforslag til statsråden. Møte sett til 20. mars i stortingssalen. Same dag tillyste justisministeren pressekonferanse kl. 8 og gjekk av, med stort politioppbod. I utgangstalen kalla ho Stortinget ein barnehage og karakteriserte Ap-leiaren denne surrealistiske veka som ueinga til å bli landets statsminister. I postludiet i Stortinget ved parlamentariske leiarar same dag høyrdest ord som anstendigheit og lydnad.

Kvar får vera konge over sitt skjegg.

karinmoe1@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 11.34