Klassekampen.no
Onsdag 28. mars 2018
SKÅL! Men spaltisten oppmuntrar ikkje til ovdrikk og svir.
Drikk no så måteleg, då blir det nok til alle.
Le chaim!

Eg vil på ingen måte vera respektlaus i påskeveka. Men det er så mykje påskestoff i dei fleste aviser at eg i dag vel å skriva om noko så aktualitetsuavhengig som ‘skål’. Eg presiserer igjen, for å møta all eventuell kritikk, at denne teksten ikkje oppmuntrar til ovdrykk og svir. Det er ei språkspalte om eit frekvent ord i norsk. Punktum.

«Skaol, skaol, skadle, drikke du maote, bli da nokte adle». Denne gamle skål-helsinga frå indre Sogn, velbrukt i fest og lag, formidlar ein betimeleg bodskap: Drikk no så måteleg, då blir det nok til alle. Dessutan, ikkje mindre viktig, er det til alles beste – når heimturen tek til.

Ordt skål er ikkje berre vidkjent i vårt land. Det er, når sant skal seiast, eit av dei ikkje radt få orda som er eksportert frå oss i nord ut i verda, både vidt og breitt. Det konkurrerer i så måte med ski og fjord – to ord som i løpet av hundre og femti år har vunne verda.

Sjølve ordet skål er eldgamalt. Det var tradisjonelt ein bolle, eit drikkekar. Men vegen bakover stansar ikkje der. Han stansar ikkje før me er komne til hovudet, vårt eige hovud. Framparten på hovudet heiter jo framleis skalle. Og ordet for heile beinkonstruksjonen som omgir og vernar hjernen vår, heiter hovudskalle – på engelsk scull.

Dermed veit me at skåla under kaffikoppen og skåla me har suppe i, og helsinga me framfører når me løftar glaset i festleg lag, har sams opphav. Dei går attende til det store skallebeinet. Kor mykje menneska i steinalderen nytta hovudskallar til å drikka av, er uvisst. Det er lov å gjera seg tankar. Men at det er same ordet som skalle me nyttar når me seier skål, dét let seg ikkje diskutera.

Det som så har hendt i ettertid, er at ordet for tingen, skål eller skalle, har vorte ført over på innhaldet. Å drikka ein skål, vart ein skikk. I visse situasjonar eit ritual, endåtil med religiøs funksjon. Det har vorte skåla for både Gud og helgenar og lang levetid. Ein skulle òg gjerne drikka ut, tømma glaset i eitt drag. Samstundes var det god kutyme å bryta opp når ein hadde fått nok. I Håvamål, eit dikt som er minst tusen år gamalt, står det at ein verken er uselskapeleg eller uhøfleg om ein går tidleg frå laget for å sova.

Moderne tid har gitt oss den håplause forma bånnski – det har lite av elegant eller høgtidleg ved seg. Ordet kom opp i mellomkrigstida, så inspirasjonen ligg vel i ei blanding av den første verdskrigen og den russiske revolusjonen.

Etter den andre verdskrigen hender det nordlendingar hevar glaset og seier tirpitz! Det tyske slagskipet Tirpitz låg løynt i ein fjord i Troms, men vart senka av britiske bombefly i november 1944. Så det nordlendingane seier, er: «Botnen opp!»

Sidan det er midt i påskeveka og rabbien Jeshua (som han eigentleg heitte; ikkje noko anna!) står så sentral i desse dagar, avsluttar eg med den aller vakraste måten å løfta glaset på som eg veit om. Det er hebraisk. For der seier dei (med mi bokstavering) le chaim. Som tyder: til livet!

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Det har vorte skåla for både Gud og helgenar og lang levetid»

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 11.41