Klassekampen.no
Mandag 26. mars 2018
Den største sivile ulydnaden i norsk historie.
Heim til Finnmark

Det var som ein magnet drog. Karane snakka berre om graset heime, om laksen utfor landet og om nota og garna dei hadde steina ned i hamneurda hausten før, skriv Eilif A. Olsen i Altaboka 1996.

28. oktober 1944 gav Hitler ordre om å tvangsflytte alle menneske nord og aust for Lyngen og øydeleggje alt av hus og anlegg. 40-45.000 menneske frå Nord-Troms og Finnmark vart sende sørover, 20-25.000 gøymde seg unna. I begge gruppene fanst spedbarn, gravide, sjuke og gamle, ingen fekk unntak. 11.000 bustadhus, tusentals fjøs og uthus, industribygg, forretningar, fiskebruk, hotell, skular, rådhus, sjukehus, forsamlingshus og kyrkjer vart brende, vegar, bruer og kaier like eins, båtar sundslegne, brønnar og fyrlykter sprengde, telefonstolpar nedsaga, husdyr og rein avliva og jord minelagd.

Då freden kom våren 1945, ville gjenreisings- og finansdepartementa byggje ein annleis landsdel, dersom då folk var mota på å vende attende etter at dei hadde prøvt livet lenger sør. Ekspertane ville byggje ein landsdel med store og moderne fiskevær og gruvesamfunn. Til dess det nye Finnmark var bortimot nøkkelferdig, skulle dei evakuerte bli verande.

Men dei evakuerte ville det annleis. 10. juli 1945 tøffa såleis motorbåten M/B Flaks med ein 7 ½ hestars Union motor frå Myre i Vesterålen og nordover, med tre vaksne karar og 12-årige Eilif om bord. Finnmarkskontoret i Harstad gjekk dei forbi, det var nokka jåss for folk på veg til eigen heimstad. Dei måtte innom Tromsø etter eit ekstra fat med solar, men lusekontrollen i byen oversåg dei. Kven ville få skjorte og underbukse sprøytt fulle av ekkelt, kvitt DDT-pulver?

Mellom fjøresteinane på Altneset i dåverande Talvik kommune sat gamleordførar Hagbart Pedersen på ei fiskekasse med ein bunke skjema og ein skrivemaskin. Han spurde korkje etter heimreise- eller luseattest. – Departementale planar må tilpassast det lokale demokratiet, sa han lognt og rettleidde dei heimvende det han kunne. Heime i Skillefjord tok dei i bruk storseglet frå sjarken til telt, sette båtomnen innunder og nytta høy til madrassar, fiska, leitte fram brent spiker frå branntuftene og retta dei ut, samla rekved, sette tørrfôr i stakk og plukka molter. I august fekk dei på deling med ein annan familie materialar til eit svenskehus, ei brakke på 40 kvadrat, og mora og småsøskena til Eilif kom etter.

Det finst mange liknande historier, om den største sivile ulydnaden i norsk historie. Men også om det hjelpearbeidet som etter kvart kom i gang, om at LO og kommunar løyvde pengar, at husmødrer samla inn kjøkkenutstyr og møblar og at skuleungar heldt basarar for å hjelpe sine jamaldringar i nord til skule og undervisning. Og om politikarar som smått om senn tok til å forstå at mange planleggjarar hadde større styringsiver enn innsikt og at folk i nord hadde både eigenvilje og forstand. «Jeg var ikke rare karen da jeg stod ansikt til ansikt med denne forsamlingen av arbeidere, bønder og fiskere – og barn», skreiv Einar Gerhardsen etter besøk i Finnmark i 1947.

Det hadde gått betre både for landsdelen og for Norge om styresmaktene dei første etterkrigsåra hadde møtt folket i nord med tillit og respekt. Om dei hadde late dei evakuere avgjere tidspunkt og tilbakeflytting sjølve, om dei hadde lagt gjenreisingskontoret til landsdelen og ikkje til Harstad og om dei hadde droppa lusekontrollen med DDT. Og også i desse dagar, når Stortinget vil tvinge fylke saman, bør dei folkevalde tenkje gjennom orda frå gamleordføraren i Talvik: Departementale planar må tilpassast det lokale demokratiet.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 13.31