Klassekampen.no
Fredag 23. mars 2018
NYTT LAND: Det var ei stor avgjerd for hudpleiar Karolina Szczotok å flytte frå Polen til Noreg. Men ho har ikkje angra.
ARBEIDSLIV
Under huda
Livet

Møt mennesker som har en historie å fortelle.

Fleire av kundane til hudpleiar Karolina Szczotok er som ­familie for henne. Men ikkje alle.

Når Karolina Szczotok kjem attende til Oslo etter besøk i heimbyen Rybnik heilt sør i Polen, kan ho kjenne lukta av kol som sit att i jakka hennar. Under kommunist­styret vart det satsa stort på kol­utvinning i området. Framleis finst det aktive miner der, og folk nyttar kol til å fyre med. I Oslo er lufta tusen gongar betre, seier ho, trass i at oslofolk ofte klagar over bylufta.

Det var likevel ikkje dårleg luft som gjorde at hudpleiaren for to år sidan sa opp jobben på eit fint spa i heimbyen, pakka kofferten og sette kursen mot Noreg. Ikkje var det høgare løn som lokka, heller.

– Nei, det var det siste eg tenkte på. Først og fremst flytta eg fordi det er så keisamt å bu i Polen, i den same småbyen med det same livet dag ut og dag inn.

Etter eit besøk hos systera som budde ei stund i Noreg, fekk Szczotokt ideen om å søkje jobb her. Etter to forsøk fekk ho napp.

– Eg sa eg måtte få tenkje på det. Det er mykje styr å flytte frå eit land til eit anna. Og så hadde eg jo livet mitt og familien i Polen. Men eg tok sjansen og har ikkje angra.

Szczotok arbeider i dag på ein hudpleieklinikk i Oslo sentrum. I Polen er hudpleie ei femårig utdanning. Eigentleg ville ho bli lege, men gjekk lei av tunge realfag på vidaregåande.

Fakta:

KAROLINA SZCZOTOK

Alder: 26 år.

Sivilstatus: Singel.

Yrke: Hudpleier.

Kvar er du i livet? På jobb lærer eg nye ting heile tida og vil utvikle meg fagleg. Privat er det meir komplisert, og vanskelegare å planlegge. Eg har gode venner som eg er takksam for, så generelt er eg veldig godt nøgd.

PÅ SPARKET

Kva bok har gjort størst inntrykk på deg?

– «The Bronze Horseman» av Paulina Simmons. Simmons er amerikansk, men har russisk bakgrunn. Boka er basert på historia til bestemor hennar, og handlar om sytten år gamle Tatiana som forelskar seg i ein soldat i Den raude armeen under den tyske kringsettinga av Leningrad. Eg er veldig glad i å lese krigshistorier.

Kva er favorittfilmen?

– «Breakfast at Tiffany’s». Den er ikkje så enkel som mange trur. Det finst ei djupare side av filmen, mykje psykologi. Dei seier aldri nøyaktig kva som er jobben til hovudpersonen, du må på ein måte bli klok på henne sjølv. Franske «The Intouch­ables» er også veldig bra.

Kva slags musikk høyrer du på?

– Eg og tvillingsystera mi spelte piano i oppveksten, og då var vi omringa av klassisk musikk. No går det mest i listepop.

– Eg var ikkje ei pyntete jente. Det første året sat eg med dei avbite neglene mine skjult i armholene. Dei andre jentene på studiet hadde slike lange og elegante negler, fortel ho.

Austeuropeisk skjønnheit

«Det finst ikkje stygge kvinner, berre late kvinner», sa den polske kosmetikk­grunnleggaren Helena Rubinstein ein gong. Det var kanskje symptomatisk. Den polske skjønnheitsindustrien er stor, den sjette største i Europa, og i vekst. Polske kvinner er opptekne av utsjånaden, og det er vanleg å gå jamleg til hudpleie, fortel Szczotok.

– Det er stor forskjell på norske og polske kundar. Dei norske ser på hudpleietenester som luksus og nyt kvart sekund. I Polen kan kundane meir om behandlingar og produkt, og dei er meir krevjande og pirkete.

– Polske kvinner kjem frå ein austeuropeisk kultur, til liks med litauiske kvinner, ukrainske og russiske. Dei legg mykje ære i å sjå fine ut og går ikkje ut døra i joggebukse. I Noreg er folk meir opptekne av komfort, kanskje fordi det er kaldt og mykje dårleg ver.

Szczotok fortel at ho kom på jobbintervju i kvit skjorte og høge helar, som vanleg er i Polen når ein skal på jobbintervju. Etter to år i Noreg går ho i butikken i joggebukse og med broddar under skoa.

– Det hadde eg ikkje trudd, seier ho og smiler.

Prateglade kundar

På klinikken i Oslo har Karolina Szczotok mykje ansvar for den daglege drifta. Ho møter opp tidleg, gjer reint og sjekkar at alt er i orden før kundane kjem. Ho styrer kalenderen til dei andre tilsette. Bestiller nye produkt. Tek seg av marknads­føring, kampanjar og kassasystem. Yrket kan kanskje verke over­flatisk frå utsida seier ho, men det beste er møta med alle dei ulike folka som kjem innom. Dei kjem for krystall­peeling, ansiktsskrubb, manikyr, pedikyr, massasje.

– Kvar kunde har si historie. Ein del kjem like mykje for praten som for behandlinga, trur eg.

Kva kundane pratar om? Om kusina som har gifta seg, om mora som er sjuk. Fleire av dei har følgt Szczotok i dei to åra ho har jobba i Noreg. Då ho skifta arbeidsplass frå Stabæk i Bærum til Oslo sentrum, følgde ein del av dei på lasset.

– Dei klagar på trafikken på veg inn til Oslo, og at det er umogleg å finne ein stad å parkere her. Men likevel kjem dei kvar fjerde veke, så det betyr vel at dei trivst med meg.

Ho har fått julekort og julebrev av kundar. Dei spør om ho et godt og om ho tek tran.

– Gjer du det?

– Ja, somme tider, seier ho og ler.

– Desse kundane er som familie for meg. Det er kjekt når ein er langt heiman­frå.

Ho, også

Nokre kundar er som familie. Men ikkje alle. Etter at Karolina Szczotok kom til Noreg, seier ho at ho har opplevd noko ho aldri opplevde i Polen: At kundar kjem med seksuelle tilnærmingar. Nokre tek kontakt med henne i sosiale medium. Andre har spurt henne rett ut om sex mot betaling, fortel ho.

Nyleg skreiv Dagbladet om korleis det blir selt sex frå fleire thailandske massasjestudio i Oslo. Szczotok trur dette gjer at enkelte innbiller seg at alle stader som tilbyr massasje også tilbyr seksuelle tenester.

– Du ser desse klinikkane med mørklagde vindauge og gardiner som skjuler det som skjer innom dørene. Ein del av dei tilbyr sex. Og så, av ein eller annan grunn, trur menn at det er slik overalt.

– Blir du redd når slikt skjer?

– Ja, det er skremmande. Særleg når eg er åleine på jobb. Dersom kunden ikkje er aggressiv, så seier eg berre ifrå om at han har kryssa ei grense og at han må vere så snill å gå. Det har gått fint så langt. Men eg er redd nokon skal vente på meg etter jobb. Enkelte finn privatnummeret og adressa mi på nett og tek kontakt. Ein gong var det ein som spurte meg «bur du framleis der og der»? Det var ekkelt.

Over grensa

På grunn av slike opplevingar har ho slutta å tilby massasjetenester. Det var mange menn som kom, og det tok til å gjere henne ukomfortabel. Det burde ikkje vere slik, seier ho.

– Eg gjekk fem år på universitetet for å bli hudpleiar, eller kosmetolog som det heiter på polsk. Og så trur folk eg er prostituert?

Fordi ho aldri opplevde uønskt seksuell merksemd i Polen, er ho overraska over kor ofte det har skjedd i Noreg. Den første gongen det skjedde, følte ho at ho kanskje var for sensitiv. Men så skjedde det igjen, fortel ho.

– Og eg har tenkt – og dette vil eg eigentleg ikkje tenke, for nordmenn er eit flott folk – men skjer det fordi eg ikkje er norsk? Alle mannfolka som har prøvd seg, har vore norske. Alt frå tredveåringar til sekstiåringar.

– Trur du dette er vanlege e­rfaringar for folk i ditt yrke?

– Eg har spurt kollegaer, dei seier nei. Så kanskje eg er uheldig. Men eg syns det er rart at det skjer på klinikken. Det er ikkje ein suspekt stad med gardiner framfor vindauga.

– Der går ei veldig fin linje mellom uskuldig flørting og seksuell trakassering. På grunn av dei episodane eg har opplevd, har eg blitt veldig følsam for slikt.

Vil bli i Noreg

Trass slike erfaringar vil Karolina Szczotok bli i Noreg. I alle fall for no. Men stadig fleire polske arbeidsinnvandrarar vel å flytte frå Noreg og attende til Polen. Økonomien er i vekst, og pilene i arbeidsmarknaden peikar oppover. Dessutan er det mange polakkar som lengtar heim, trur Szczotok. Det gjer ho sjølv også, innimellom.

– Far min vart sjuk nyleg. Då vart heimlengten ekstra sterk.

Ho reiste heim til far sin og attende til Oslo då han vart betre. At ho trivst så godt her i landet, har mykje å gjere med sjølve arbeidet, seier ho.

– Det er så kult korleis dei norske kundane nyt kvart sekund på behandlingsbenken. Då roar eg ned sjølv også.

marias@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 13.47