Klassekampen.no
Onsdag 21. mars 2018
Sviktande medvit i skriveøyeblikket kan ramma dei beste.
Kreativ skriving

Ein vaken lesar, Tore Været, gjorde merksam på at i same nummer av Klassekampen som eg skreiv om forleddstilknyting, stod det, tre sider lenger bak, om ferjefri E39 på Vestlandet. SV ville slå eit slag for elektriske ferjereiser. Det er nok ferjene som skal vera elektriske, ikkje reisene. Fort gjort, men inga orsaking for det. Forleddstilknyting, som fenomenet heiter, er og blir farleg.

Sviktande medvit i skriveøyeblikket er nok ein gjengangar hos mange av oss. Når ein avisdesk lagar overskrifter på NTB-meldingar, blir det ikkje sjeldan produsert døme på dét. Drapsetterlyst satt i varetekt og Pågrep mann med øks var hovudstadstitlar i slutten av februar.

Dei illustrerer poenget: Skrivaren ser ikkje at tittelen kan tolkast på to måtar. Den første skulle fortelja at den drapsetterlyste vart sett i varetekt, men overskrifta kan òg – og er i så fall desidert ei nyheit – tolkast som at den drapsetterlyste rett og slett vart funnen, sitjande i varetekt. Den andre kan me tolka slik at den pågrepne hadde øks. Men det er også mogeleg å tolka overskrifta slik at mannen vart pågrepen fordi dei som tok han, var væpna med øks.

Titlar bør vera eintydige. Når dei ikkje er det, er det grunn til påtale. At få mistolkar tittelen Ber politiet prioritere nettovergrep (også Oslo-avis), er sant nok. Men det bør unngåast.

På Universitet i Agder har det på ettervinteren stått plakatar om kurs i kreativ skriving. Bra! Slikt trengst. Entusiasmen min dala bratt då eg las plakaten nøyare. «Plutselig leser du at noen har startet et arrangement kalt Kreativ skriving her på campus og vurderer om du skal delta.»

Å bruka stor bokstav på «Kreativ skriving» er diskutabelt, men okei. Det som derimot er i overkant kreativt er heile setninga. Ho er formulert slik at tolkinga faktisk må bli at «noen ... vurderer om du skal delta», endå intensjonen nok er «og du ... vurderer om du skal delta! Men her står altså ‘noen’ nærare verbet ‘vurderer’ enn ‘du’, så ein dramatisk feil blir det. Kanskje det ikkje er så mange som er kvalifiserte til å undervisa på slike kurs?

Eg hadde lenge ei avisoverskrift klistra på kontordøra: Professor i tvil. Saka handla om ein professor som tvilte. Desken både kunne og burde ha skrive: ‘Professor tviler’. Eintydig. ‘Professor i tvil’ kan nemleg tolkast som at professoren hadde sin kompetanse i fagområdet tvil. Eigentleg burde vel alle universitet ha eí slik stilling, altså ha ein fagperson i miljøet som var spesialist på det å tvila ...

Når ein skriv, er det ikkje berre viktig å bruka dei einskilde orda rett, ein må òg stokka orda rett. Det er flaut å skriva at «han hadde eit forhold til ei dame som sprakk», sidan dét opplagt ikkje er meininga.

Fagfolka kallar dagens språklege tema for syntaks – eit gresk ord om tyder samanstilling; rekkjefølgje. Ein gong på fest i Oslo rundt 1980 stod Olav og eg på trappa. Ein venn av oss gjekk av garde med ei dame. Då kom det frå Olav: «Du ... no må du passa på syntaksen din!»

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Det er flaut å skriva at ‘han hadde eit forhold til ei dame som sprakk’»

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 13.59