Klassekampen.no
Lørdag 17. mars 2018
Kven får snakke – og om kva?
Tomt sete
KNEBLA: Sumaya Jirde Ali.

Poeten og samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali har fortalt om kvifor ho skreiv sitt første debattinnlegg (i Aftenposten i 2016). Ho hadde vore i London og sett folk som såg ut som henne på plakatar, i magasin, på TV: «Å se mennesker som er lik en selv, er en bekreftelse på at du er en del av samfunnet, og at du er representert.» Heime i Norge sakna ho dette, og sidan har ho skrive fleire innlegg om kvifor heile befolkninga bør vere spegla i offentlege rom og ordskifte, og i offentleg styre og stell.

Ali har tatt plassen og gjort seg sjølv synleg, og hetsen og trugslane ho har fått som følgje av det, skal ingen måtte tole. «Det er ingenting rundt meg. Jeg bare synker», sa ho til Ole Torp på NRK 28. februar, og dagen etter trekte ho seg frå 8. mars-markeringa i Bergen. Ei veke seinare hadde støtta og solidariteten løfta henne opp att, og ho møtte i Bergen likevel.

Nokre dagar før gjekk ho likevel glipp av eit arrangement på Bergen Offentlige Bibliotek, der også Mohamed Abdi og eg var invitert for å samtale om dei amerikanske forfattarane James Baldwin og Ta-Nehisi Coates. I ei tid der svart (populær-)kultur i større og større grad får bløme på eigne premiss, hadde eg sett fram til å høyre Alis syn på anerkjenning og representasjon i populærkultur og litteratur, i offentleg debatt og politikk, og på forfattarskapa til Baldwin og Coates. I staden blei Abdi og eg sitjande i ein 3-seter på biblioteket, med eit tomt sete ved sidan av – eit synleg fråvær som vitna om at rasismen finst og har følgjer i Norge.

Det burde vere unødvendig å påpeike at rasisme ikkje er det same i Norge som i USA, og like unødvendig å påpeike at vi kan lære noko av det som er skrive om saka der. Baldwin og Coates har sett ord på erfaringane som følgjer med å leve i ein svart kropp, og samstundes tvinga kvite til å sjå seg sjølve i spegelen. Sistnemnde har nyleg blitt kritisert for å ikkje setje amerikansk rasisme i globalt perspektiv: Det er ikkje berre svarte i USA, men farga i heile verda, som lid under amerikansk rasisme og imperialisme. For filosofen Cornel West er Coates det «nyliberale andletet til svart frigjeringskamp», altså ein nyttig idiot for Wall Street og Pentagon, og dessutan ein slags Obama-disippel. Denne figuren er vanskeleg å finne att i Coates’ kritiske pessimisme.

I London Review of Books (22. februar) har den indiske forfattaren Pankaj Mishra formulert kritikken meir nyansert, og vist korleis ei rekkje nyfrelste Coates-tilhengjarar tidlegare har levert varme forsvar for invasjonen av Irak. Ifølgje Mishra er Coates’ perspektiv for snevert, og han slepper imperiekollaboratørar i media og i politiske og finansielle elitar av kroken.

Mishras kritikk råkar sterkare enn Wests fordi han anerkjenner at det har vore nødvendig for Coates å skrive nett dei bøkene han har skrive, og at han har hatt nok å henge fingrane i for å få grep om erfaringane med rasismen i USA. Mishra åtvarar Coates om å miste perspektivet sitt når han no har fått stor påverknad, men uttrykkjer også tru på at det konfronterande prosjektet hans berre så vidt har byrja, og at det kan bety noko, ikkje berre for svarte i USA, men for innvandrar, flyktningar og andre tilsidesette i heile verda.

I norsk samanheng kan saka til Ali illustrere noko liknande. Under 8. mars-markeringa skulle ho halde appell om vald mot kvinner globalt, men såg seg naturleg nok nøydd til å snakke om sin eigen situasjon: «Hvis en skal vurdere ytringsfriheten i et land, så må en se på ytringsfriheten til minoritetene.» Det har ho rett i: Det var ikkje mine, men hennar tankar om Baldwin og Coates som blei borte for publikummet på biblioteket i Bergen.

eivind.myklebust@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 14.14