Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skurrar: Kaj Skagen skriv rikt og ofte råkande om norsk tru og tanke, men i samtidsdiagnosen brusar han med lånte fjør.

Houellebecqs papegøye

NORSK: Skagen ser, til liks med mange andre, haugianismen som grunnlaget for nasjonal identitet i moderne tid. ILLUSTRASJON: «HAUGIANERNE» (ADOLPH TIDEMAND, 1848), SNL.NO

I ein kommentar om Kaj Skagens førre bok, ein biografi om den unge Rudolf Steiner, lurte Fredrik Wandrup i Dagbladet (16. mai 2015) på når «denne eventyrlige mannen» skulle skrive sin eigen sjølvbiografi. Tre år seinare ligg boka føre, ikkje i form av ei livshistorie, men som eit intellektuelt sjølvportrett fordekt som «et lands biografi», slik undertittelen til «Norge, vårt Norge» lyder.