Klassekampen.no
Fredag 16. mars 2018
Statoil og ekvipasjen

NAMNESKIFTE

Statoil melder at selskapet har gått over i hestesporten. Med namneskiftet til Equinor, klarert av styre og landets regjering for vedtak 15. mai, har Statoil skifta beite. Equus tyder hest og equidea tyder hestefamilien. Dette er det latinske fråsparket til den nordiske hesten som her er på veg ut i ei oljeglatt hinderløype.

Eit enkelt nettsøk på ‘equinor’ fører oss gerade til veterinærtenester, så som firmaet Equinor, spesialisert på ambulerande dyrekiropraktikk for hest og smådyr i Vestfold, Telemark og Stor-Oslo. Sjef Christina Siljedal vil kunna bekrefta at ho eig verksemda og har retten til domenet.

Her har det gått skikkeleg i knas for PR og reklamebyrået som har fora Statoil. Det er berre å sjå på den nye logoen. Slik kan det gå når filologane ikkje er med i teamet som jobbar med branding og namneskifte. Her er det ikkje tale om likeverd (equality) eller billigheitsrett (equity). Den mest opplagte assosiasjon for dei aller fleste i mange språkområde går til ekvipasje, som er kombinasjonen mellom menneske og dyr. I hestesporten kan det vera ryttar og hest eller sulky, køyrar og hest. Uttrykket er nært knytt til dressur og hestesportens feildømmingsvokabular.

Vidare søk på ‘equinor’ får opp Ekeberg Rideklubb, Stall Equinor, Horseware og Awesome Horse Rider. Berre for å starta løpet Statoil no har meld seg på.

Allereide Goliatbekjemparen David åtvara mot den policy og utrusting som Statoil her går blinde i møte: «Vær ikkje lik hest og myldyr!» (Sal 39,9)

karinmoe1@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 14.24