Onsdag 14. mars 2018
GLATT ACER-FØRE FOR RACER-STØRE: Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil seie ja til EUs tredje energimarknadspakke – men på vilkår. Her er han saman med mellom anna energipolitisk talsperson Espen Barth Eide på landsstyremøtet i Oslo.
Senterpartiet meiner Acer-motstand gjer det lettare å lage raudgrøn blokk i 2021:
Vil byggje lag mot Acer
Trygve Slagsvold Vedum
VASER OM ACER: Jonas Gahr Støre meiner han ikkje undervurderte Acer-motstanden i eige parti.

KAMPEN OM KRAFTA

Arbeidarpartiet vil samarbeide tettare med SV og Senterpartiet, og ha betre kontakt med «grasrota i LO», skreiv Klassekampen i gårsdagens utgåve.

Jonas Gahr Støre kan starte med å snu i Acer-saka, svarer Sp-leiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum:

– Vi samarbeider nært med Ap allereie, men nett no er jo Ap i ferd med å samarbeide nært med Høgre, Frp og EU i energipolitikken, som vel er den største saka no. Her bør dei lytte til si eiga grasrot.

Sp-leiaren syner sjølvsagt til den krevjande saka om innlemminga av EUs tredje energimarknadspakke og EUs energibyrå, Acer. Stortinget handsamar etter planen saka 22. mars.

For Vedum har Aps politikk mykje meir å seie enn kva vedtak dei gjer om samarbeid, seier han.

– Alle dei aktørane dei nemner i vedtaket, har sagt klart og tydeleg nei til Acer, seier Vedum.

Fakta

Acer:

• Regjeringas framlegg om tilslutning til EUs tredje energimarknadspakke, inkludert EUs omstridde energibyrå Acer, har skapt stor debatt.

• Motstandarane fryktar tapt råderett over vasskrafta og høgare straumpris for industrien. Tilhengarane meiner frykta er grunnlaus.

• Aps stemmer vil avgjere saka på Stortinget. Leiinga er for, men ei rekkje fylkeslag og over halvparten av ordførarane i partiet, i tillegg til LO, er imot.

• Saka blir avgjort på Stor­tinget 22. mars.

Set ikkje hardt mot hardt

Samstundes er Vedum klar på at Sp vil felle den sitjande regjeringa og setje inn ei Ap- og Sp-basert regjering. Han vil ikkje skape noka uro om det, seier han.

– Kva med SV, korleis er forholdet til dei?

– Det er godt. Vi samarbeider med dei i fleire saker, og er ueinige om andre. Vårt fremste mål er å kaste den sitjande Høgre-, Frp- og Venstre-regjeringa, og så får vi sjå kva slags samanslutning som må til.

Strenge krav

I går og i dag er Arbeidarpartiet samla til landsstyremøte på Folkets hus i Oslo.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre gjekk ut av manus då han snakka om at Ap aldri vil godta ein avtale som endrar på at krafta er offentleg styrt.

– Over halvparten av ordførarane dine har sagt nei i eit opprop, og stadig fleire fylkeslag seier det same. Undervurderte du motstanden i eige parti?

– Eg er ikkje overraska over at våre lokalpolitikarar, særleg dei som er tett på industri og kraftforedling, er urolege for den råderetten vi skal ha over kraftressursane. Eg tek det på alvor. Eg har snakka med mange av dei. Men mi oppgåve på Stortinget er å finne ut kva handlingsalternativa våre er. Det er då eg seier at det dei vil ta vare på, og som fører til at dei seier nei – det er vi einige om. Min jobb er å finne ut kva vårt handlings­alternativ er. Kva kan vi sikre, også når det gjeld EØS-avtalen og det samarbeidet vi har med Europa, og korleis kan vi forsikre oss om at det ikkje blir stilt spørsmål ved det i framtida, seier Støre til Klassekampen.

– Ei av oppsummeringane etter valnederlaget i haust, var at i fleire saker meinte Ap å vere eit ansvarleg forliksparti, men enda opp med å gje fleirtal for høgrepolitikk. Er dette den neste saka i den rekkja?

– Vi må halde oss til sakas innhald og få gjennomslag for vår politikk. Det er det viktige for oss. Spørsmål om nasjonal suverenitet, eigarskap og utviklingsrett vil vi ha slått fast for å kunne vidareføre eit europeisk samarbeid. Vi har hatt det sidan nittitalet. Vi må avgjere om vi kan ha det i framtida, seier Støre, og legg til:

– For meg er ikkje det høgre- eller venstrepolitikk – det er arbeidarpartipolitikk.

Tonar ned sentrumsflørten

I fråsegna landsstyret etter planen skal vedta, står det at Ap har «gode erfaringer med å samarbeide med SV og Senterpartiet», og vil «søke nært samarbeid med disse partiene». I fjor heldt Støre ein tale der SV knapt var tema, medan han erklærte sin kjærleik til sentrumspartia – og særleg KrF.

– Kva har endra seg?

– I dette Stortinget tek vi utgangspunkt i sjansane for samarbeid. Samarbeidet med SV og Senterpartiet gjev oss flest høve til gjennomslag, men Ap lukkar ikkje døra til parti som gjev oss andre gjennomslag enn blåblå politikk. Det eg sa for eit år sidan om at Ap er opne for samarbeid med sentrum for å stoppe blåblå politikk – det står ved lag. Venstre har valt side ved å gå i regjering med Frp. KrF har valt distanse ved å gå i opposisjon. Erfaringa sidan valet har synt at vi finn mange gode løysingar med dei. Det vil vi halde fram med.

– LO har vore tydelege på at de skal peike på den raudgrøne blokka. Har det vore viktig for deg?

– Det har eg lytta til. Eg har også lytta til at LO og Mette Nord har streka under at det er viktig å halde god kontakt med KrF, fordi dei er på vippen, seier Støre.

politikk@klassekampen.no

Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.
Onsdag 5. desember 2018
UHOLDBART: Elin Ørjasæter slakter Trine Skei Grandes lederstil etter at partilederen anklaget partifelle for å være illojal.
Tirsdag 4. desember 2018
RAUDE BYAR: Norske storbyar ligg an til å halde på sine Ap-ordførarar etter kommunevalet i 2019. I Bergen og Tromsø slit høgresida med alternativet.
Mandag 3. desember 2018
SENTRUMSSTENGT: Ny måling viser rødgrønt flertall i Bergen. Nå ber SVs Oddny Miljeteig Ap om å «lese skriften på veggen» og velge SV foran sentrum.
Lørdag 1. desember 2018
UT: Dei er avhengige av selja mangan til stålprodusentar i heile EU, men slår likevel ikkje nokon stålring om EØS-avtalen. Eramet Norway er open for å greia ut eit alternativ til EØS.
Torsdag 29. november 2018
INNVANDRING: Torbjørn Røe Isaksen (H) tek opp konkurransen i asyl- og flyktningpolitikken mot Sylvi Listhaug (Frp) og Masud Gharahkhani (Ap).
Onsdag 28. november 2018
NESTLEIAR-KAMP: Sju av SV sine fylkeslag har spelt inn Torgeir Knag Fylkesnes som ny nestleiar i SV. Tre har spelt inn Kari Elisabeth Kaski.
Tirsdag 27. november 2018
FORSTÅR: Frps Per-Willy Amundsen sier han forstår fagbevegelsens uro for EØS-avtalen.
Fredag 23. november 2018
STERK KRITIKK: KrF går knallhardt ut mot regjeringen i terrorsikringssaken, men vil ikke bli med på et mistillitsforslag. Tilliten mellom partiene er likevel svekket på borgerlig side, sier Frp-topp.