Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Uanstendig

  • Justisminister Sylvi Listhaug la fredag ut eit bilde av maskerte, væpna krigarar og følgande tekst: «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet. Lik og del». Påstanden er usann, usakleg og uanstendig. Bakgrunnen er at Ap stemte imot at Justisdepartementet skal kunne ta passet frå framandkrigarar, fordi partiet meiner dette må avgjerast i ein domstol. Det er usant at forsvar for rettsstatsprinsipp betyr at Ap meiner rettane til terroristar er viktigast. Det er usakleg at angrepet er retta mot Ap, når stortingsfleirtalet står saman om dette, inkludert regjeringspartiet Venstre. Listhaug er uanstendig når ho prøver å gi inntrykk av at Ap, som sjølv vart råka av terroren 22. juli, står på sida til terroristar.