Mandag 12. mars 2018
ÅTVARAR: Leiar i Arbeiderpartiet, Jonas Gahr Støre, åtvara i helga om at eit nei til Acer, kan føra til straff frå EU. Tysdag og onsdag er det landsstyremøte i Ap.FOTO: TOM HENNING BRATLIE
• Juristar hevdar Ap-sjefen tar for hardt i • Aps grunnplan er splitta i synet på Acer
Avviser Støres trussel
Undersak

To ja og to nei

Med heile 141 mot fire stemmer ber Aps fylkeslag i Møre og Romsdal Arbeidarpartiet si stortingsgruppe «si nei til regjeringens forslag om myndighetsoverføring til EUs energibyrå Acer».

Eit samrøystes fylkeslag i Sogn og Fjordane vedtok uttalen: «Nei til ACER er ikkje eit nei til EØS!», der dei krev at den nasjonale styringa over energipolitikken må bestå, og dersom dette ikkje fører fram stiller dei krav.

Med 61 mot 52 stemmer vedtok Rogaland Ap ein uttale som gir Ap-sjef Jonas Gahr Støre støtte til å gå for EUs tredje energimarknadspakke, men gitt at ei rekke vilkår er på plass.

Eit samrøystes Oppland Ap vedtok også ein uttale som opnar for støtte til EUs tredje energipakke, gitt at ei rekke krav er innfridd. Fleire andre fylkeslag har også gått mot Acer.

Hans Petter Graver
VETO: Det vil vera oppsiktsvekkande om EU straffar eit norsk nei til EUs energipakke hardt, meiner jusprofessor Hans Petter Graver. Fire Ap-fylkeslag splitta seg i helga om Acer.

Kamp om kraften

Spenninga i Arbeidarpartiet om norsk tilknyting til EUs tredje energipakke, drar seg til. I morgon samlast landsstyret i Ap. Der blir den betente Acer-saka truleg tema.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre sa laurdag i Klassekampen at dersom Norge seier til energisamarbeidet, «vil vi gå ut av energisamarbeidet i EØS-avtalen. Det vil trolig bety at andre deler av avtalen vil bli satt ut av kraft. Det er et betydelig usikkerhetsmoment, særlig for vår eksportindustri».

Dette blir no avvist frå fleire hald.

– Ut frå EØS-avtalens rettslege rammer, kan EUs motsvar bli å suspendera den delen av EØS-regelverket som er direkte råka. Truleg blir konsekvensane små, seier Morten Harper, jurist og utgreiingsleiar i Nei til EU.

Fakta

Acer-opprøret:

• Over hundre Ap-ordførarar ber i eit opprop partiet seia nei til norsk tilslutning til EUs tredje energimarknadspakke, inkludert EUs energibyrå Acer.

• Motstandarane fryktar tapt råderett over vasskrafta og høgare straumprisar for industrien.

• Også LOs største forbund Fellesforbundet og Fagforbundet seier nei, samt blant andre Industri Energi.

• Jonas Gahr Støre åtvara i helga mot eit norsk nei, som han fryktar vil medføra straff frå EU.

Trur ikkje på hard EU-straff

Jusprosessor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo (UiO) trur heller ikkje EU vil straffa Norge hardt viss Stortinget seier nei til den tredje energipakka, menmedgir at det er vanskeleg å slå fast kva konsekvensar det kan få.

«Det som er helt sikkert, er at det ikke betyr at vi ‘går ut av energisamarbeidet i EØS-avtalen’. Avtalen sier at hvis partene ikke blir enige om å innlemme nytt regelverk, skal ‘den berørte del av vedlegget’ midlertidig tre ut av kraft. Hva som er berørt av tredje energipakke er ikke så lett å si, men det er i alle fall ikke energisamarbeidet som sådan», skriv Graver i ein e-post til Klassekampen.

Graver meiner saka «illustrerer at tida på mange felter har løpt fra EØS-avtalen» og utdjupar med at avtalen blei inngått før det var vanleg å overføra forvaltningsmynde til andre EU-organ enn EU-kommisjonen. Graver forklarer at kvar gang slike reglar i dag skal innlemmast i EØS-avtalen, støyter ein dermed på konstitusjonelle spørsmål i Norge.

«I lys av dette vil det være oppsiktsvekkende om EU kjører hardt på dersom Stortinget sier nei til den tredje energipakken, da det vil kunne true hele avtalekonstruksjonen ved å sette dens utilstrekkelighet med hensyn til å fange opp utviklingen i EU på spissen», skriv Graver.

Drar det for langt

Halvard Haukeland Fredriksen, jusprofessor ved Universitetet i Bergen, gir både Støre og Nei til EU rett.

– Juridisk sett har Nei til EU i utgangspunktet rett. Det er berre den berørte delen av EØS-avtalen som kan suspendearast. Så er spørsmålet kva som er «den berørte delen» Det er ikkje sikkert Norge og EU vil vera einige om det. Ein av dei største svakheitene ved EØS-avtalen er at det ikkje finst nokon felles domstol som kan avgjere dette. Sjølv om det er jus, blir det politikk. Derfor har Støre også rett, det er stor uvisse. Men det er klart at konsekvensane av eit veto mot energipakka vil vere avgrensa til energi, seier Fredriksen.

– At det skal få konsekvensar for eksportindustrien meir generelt, høyrest litt rart ut.

– Så at det får konsekvensar for eksportindustrien er å dra det litt langt?

– Ja. Men som sagt, dette er meir politikk enn jus.

annekarih@klassekampen.no

Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.
Onsdag 5. desember 2018
UHOLDBART: Elin Ørjasæter slakter Trine Skei Grandes lederstil etter at partilederen anklaget partifelle for å være illojal.
Tirsdag 4. desember 2018
RAUDE BYAR: Norske storbyar ligg an til å halde på sine Ap-ordførarar etter kommunevalet i 2019. I Bergen og Tromsø slit høgresida med alternativet.
Mandag 3. desember 2018
SENTRUMSSTENGT: Ny måling viser rødgrønt flertall i Bergen. Nå ber SVs Oddny Miljeteig Ap om å «lese skriften på veggen» og velge SV foran sentrum.
Lørdag 1. desember 2018
UT: Dei er avhengige av selja mangan til stålprodusentar i heile EU, men slår likevel ikkje nokon stålring om EØS-avtalen. Eramet Norway er open for å greia ut eit alternativ til EØS.
Torsdag 29. november 2018
INNVANDRING: Torbjørn Røe Isaksen (H) tek opp konkurransen i asyl- og flyktningpolitikken mot Sylvi Listhaug (Frp) og Masud Gharahkhani (Ap).
Onsdag 28. november 2018
NESTLEIAR-KAMP: Sju av SV sine fylkeslag har spelt inn Torgeir Knag Fylkesnes som ny nestleiar i SV. Tre har spelt inn Kari Elisabeth Kaski.
Tirsdag 27. november 2018
FORSTÅR: Frps Per-Willy Amundsen sier han forstår fagbevegelsens uro for EØS-avtalen.
Fredag 23. november 2018
STERK KRITIKK: KrF går knallhardt ut mot regjeringen i terrorsikringssaken, men vil ikke bli med på et mistillitsforslag. Tilliten mellom partiene er likevel svekket på borgerlig side, sier Frp-topp.
Torsdag 22. november 2018
DRAMA: Den blågule KrF-eren Hans Fredrik Grøvan skal ha forfattet et mis­tillitsforslag mot regjeringen, som Ap og Sp er beredt til å støtte.