Klassekampen.no
Lørdag 10. mars 2018
Realitetsorientering: Defensiv kritikk av nye formidlingsinitiativ er dårleg reklame for ein profesjonell kritikarstand.
Kritikk og kjærleik

I det siste har eg tenkt mykje på negativitet og positivitet: Når er det på sin plass å kome med kritikk, og når bør ein halde tann for tunge? Samlivsforskaren John Gottman har funne at ektepar som har låg terskel for negativitet, slik at dei raskt tek opp problem, har best sjanse for å halde saman. Men det er avgjerande korleis ein kommuniserer. Negative karakteristikkar, defensive svar, utestenging og, aller verst, forakt er øydeleggjande.

Også i litteraturkritikken er negativitet versus positivitet eit stort tema. Skal ein leggje vinn på å skjøne prosjekt på deira eigne premissar, eller yte mest mogeleg motstand? Kor sarkastisk er det greitt å vere? Blir streng kritikk oppfatta som meir kompetent enn den entusiastiske? Kor lenge skal ein vurdere noko før ein rykkjer ut med kritikk?

I fjor var det mange som reagerte sterkt på at «Diktafon», poesiprogrammet i NRK P2, vart lagt ned. Då Norsk kritikerlag og tidsskriftet Vinduet utpå hausten arrangerte debatt om situasjonen for kritikken, fekk erstattaren «Ordet fanger» tyn for populistisk val av programleiar; Ellen Wisløff vart nemleg rekruttert på grunn av suksessen med Instagram- og bokfenomenet «Ren poesi». TV-satsinga «Brenners bokhylle» vart dømt nord og ned fordi kjendisar utan eit litteraturfagleg analyseapparat skulle dele sterke lesaropplevingar. Det spesielle med kritikken var at den kom før dei nye programma faktisk var vurdert.

Eit viktig prinsipp i all skjønnsutøving er at ein ikkje må konkludere for tidleg. Då blir faren stor for at ein vidare berre ser fakta som passar med forventingane ein sjølv har skapt. I retorikken snakkar ein også om «kairos»: Timing og måten ein ytrar seg på, må stå til situasjonen ein snakkar inn i. Og situasjonen her er altså at statskanalen har vore i ein prosess med å leggje om litteraturdekninga fordi eksisterande tilbod ikkje nådde mange nok. Kritikken det utløyste, demonstrerte den lett desperate stemninga i ein kritikarstand som har tapt både spelerom, status og merksemd på grunn av auka konkurranse frå SoMe, blogg og podkast.

Det er eit trist faktum at knappe ressursar skaper konflikt, men å vende frustrasjonen mot dei som gjer ein innsats for å skape større merksemd rundt litteraturen, er direkte kontraproduktivt. Defensiv haldning og manglande vilje til realitetsorientering fungerer ikkje akkurat som reklameskilt for ein profesjonell kritikarstand. Vi er rett og slett ikkje i ein posisjon kor vi kan halde oss for gode for folkelege formidlingstiltak.

I NRKs nye programtilbod står folkeleg appell heller ikkje i vegen for fagleg tyngde. Med «Åpen bok», som først vart lansert på P2 på nyåret, har dei proffe NRK-kritikarane fått ei romsleg flate for velinformert og kritisk samtale. Første sesong av «Ordet fanger» viste at Ellen Wisløff og Endre Ruset lukkast med å skape ein inviterande fellesskap der nye poesilesarar kunne lære og dei meir rutinerte halde seg oppdatert om det siste. Hans Olav Brenner med gjestar skapte også god stemning og leselyst. Entusiasmen blir likevel for einerådande i dei to siste konsepta. Om ein fekk betre fram at folk opplever og vurderer litteratur forskjellig, kunne det både blitt underhaldande og verka inkluderande.

P2-lytternes romanpris er som før ei både sjarmerande og medrivande lyttaroppleving, som demonstrerer at sunn kjærleik er levande oppteken av problema så vel som av den gode opplevinga. Ein treng altså ikkje å vere litteraturkritikar for å gjere gode lesingar.

bokmagasinet@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 14.46