Klassekampen.no
Lørdag 10. mars 2018
RØVARBANDE: Politiet i Netflix-serien «Seven Seconds».
Dei unge lærer altfor lite om hakkeordenen mennene imellom.
Guteopplysing

Det meste av det som blir produsert av tv-seriar, handlar om heltar med overmenneskeleg styrke, uforpliktande ønskjedraumar for livsfjerne konsumentar. Men iblant trillar det ut ei perle, som «Seven Seconds» på Netflix no i vinter.

Det startar med at ein ung kvit politimann i USA snakkar i mobiltelefonen mens han køyrer bil, og kolliderer med ein svart tenåring på sykkel. Politimannen vil melda frå til styresmaktene, men blir hindra av sin næraste overordna, som seier at det berre blir ugreie når ein kvit tilstår at han har drepe ein svart.

Dei som etterforskar drapet, fokuserer like eins på rasekonflikten, som dei alltid har tett innpå seg. Dei er òg vel kjende med gruppelojaliteten i politiet, og reknar med at drapsmannen blir verna av medarbeidarane sine. Det dei ikkje veit, og heller ikkje kan vita ut frå den informasjonen dei har tilgang til, er at han helst ville sloppe dette vernet, om han berre hadde visst korleis han skulle koma unna.

Han er vaksen opp med ekstrem vald i familien, og tek avstand til den brutale og kaotiske faren ved å vera ein god husbond for kona si og ein trygg far for den nyfødde sonen. Han ønskjer òg å gjera rett og skil for seg som samfunnsborgar, derfor prøver han den eine gongen etter den andre å vedkjenna seg skulda for bildrapet, og sona den straffa han får.

Men sjølv om han sikkert fekk grundig innføring i dei mafiose strukturane i forbrytarmiljøet mens han gjekk på politiskulen, har det tydelegvis ikkje blitt undervist i korleis ein skal handtera den interne hakkeordenen hos handhevarane av lov og rett. Når gruppeleiaren køyrer over han med ei blanding av omsorg og trakassering, ramlar den unge politimannen på ryggen ned i den ulukkelege barndomen sin. Han blir slapp i kroppen og blass i blikket, ein vettskremd gutunge som atter ein gong kryp saman for ein overmektig far.

Gruppeleiaren er ein mann med kort lunte og trong horisont. Kan henda er han overtydd om at han gjer det einaste rette slik omstenda no ein gong er. Eller han gjer berre det som må til for å binda dei underordna i viljelaus lydnad. I alle fall har han full støtte oppover i systemet, på ein politistasjon som opptrer som ein røvarbande blant røvarbandar i staden for å vera ein offentleg etat i eit demokratisk samfunn.

Staten er frå gamalt eit reint mannleg føretak, og dei statlege institusjonane er organiserte etter den måten mennene er saman med einannan på. Likevel finst det mange subkulturar, både i USA og her til lands, som er uforeinlege med demokratiet og velferdsstaten. Altfor mykje energi går tapt når mennene påstår at dei står skulder ved skulder, mens dei i røynda kappar einannan av ved knea.

I staden for forteljingar om overnaturlege slåstkjemper treng dei unge gutane sakleg informasjon om kva slags knep menn med makt kan bruka for å lokka dei inn i lojalitetstilhøve der dei underordna betaler heile kostnaden og det aldri er meininga at dei skal få noko tilbake.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Han blir slapp i kroppen og blass i blikket, ein vettskremd gutunge»

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 14.50