Lørdag 10. mars 2018
:HISTORISKE LINJER: Mary Beard skriv om kvinner og makt i ny bok. FOTO: CATERINA TURONI, LION TV
Manifest?
Poengtert: Mary Beard manar til medvit om makt.

BØKER

«Den vestlige kulturen har tusenvis av år med praksis i å bringe kvinner til taushet», skriv Mary Beard i forordet til si siste bok, «Kvinner og makt». Ho snakkar med ein sjeldan grad av autoritet: Ikkje berre er Beard professor ved Cambridge og ein av Storbritannias mest kjende og formidlingsvillige ekspertar på den klassiske kulturen; hennar offentlege profil har også gjort ho til ei ynda skyteskive for nett-troll i ulike stadium av sexisme og kvinnehat.

Kunnskapsnivået om både dåtidas og notidas mannevelde er det med andre ord ikkje noko å utsetje på. Så er også «Kvinner og makt» eit velformulert og ytst poengtert innlegg i den pågåande samtalen om mannleg undertrykking, og dei underliggande strukturane som gjer denne mogleg. Med utgangspunkt i døme frå den antikke litteraturen viser Beard på ein munter og lettfatteleg måte kor seigliva ein tradisjon me her har jobben med å avlive.

Teksten er todelt. Fyrste del, ‘Kvinners offentlige stemme’, er basert på eit føredrag Beard heldt ved British Museum i 2014 (med den langt meir underhaldande tittelen ‘Oh Do Shut Up Dear!’), og tek for seg mekanismane som hindrar kvinner i å sleppe til – og i å bli tatt på alvor – i det offentlege ordskiftet. Ho byrjar med «det første nedtegnede eksempelet på en mann som ber en kvinne om å ‘holde munn’», nemleg Telemaikos’ nedhysjing av mora Penelope i «Odysseen». Den vidare bevisføringa gjev talrike døme på korleis det «kvinnelege» framleis vert stilt opp som motsatsen til kvalifisert offentleg tale.

Fakta

SAKPROSA

Mary Beard

Kvinner og makt: Et manifest

Omsett av Inger Sverreson Holmes

Cappelen Damm 2018, 140 sider

Bokas andre del, «Kvinner med makt», spør seg korleis kvinner vert utelukka frå makt – eller nærare bestemt frå våre gjengse førestillingar og definisjonar av makt. Igjen byr antikken på rikeleg med døme – som igjen, diverre, finn gjenklang i vår eiga tid. I eit interessant grep løftar Beard her blikket opp frå den einskilde, innbitne kvinna, for å spørje seg korleis me kan «gi kvinner som kjønn – og ikke bare noen få målbevisste individer – den plassen de bør ha i maktstrukturene». Svaret hennar er å tenkje annleis om makt: å skilje den frå offentleg prestisje, og heller å tenkje på makt som eit attributt. Eller, som ho skriv, «til og med et verb (‘å makte’), ikke som noe man eier».

Det som nok er den største styrken til «Kvinner og makt», er den motstanden forfattaren viser mot forflating og forenkling – i eit format som er gjennomgåande lettlesen og tilgjengeleg. Poenget hennar er ikkje at alle aspekt ved moderne kvinneforakt kan skrivast tilbake til antikken, ei heller at me frå no av berre skal lese «Odysseen» for å lære om gamle hersketeknikkar.

Derimot manar ho til medvit kring korleis dei historiske linjene framleis formar våre førestillingar om, nettopp, kvinner og makt. Det handlar ikkje berre om «kvinnehat», ein diagnose Beard meiner me landar på «litt for slapt og litt for ofte», det handlar om grunnlaget for store delar av den vestlege sivilisasjonen – noko som jo stiller storleiken på oppgåva i perspektiv. Ho er også forfriskande klar på det utilstrekkelege i å forsøke å «utnytte status quo», det vere seg gjennom stemmetrening eller power-dressing.

Å kalle «Kvinner og makt» for eit manifest, slik undertittelen gjer, er likevel ein tanke misvisande, all den tid nemninga ymtar om eit program for konkret handling. Som Beard sjølv skriv i etterordet, kjem ho ikkje her inn på korleis ein skal gå fram for å endre inngrodde førestillingar om autoritet og makt. (Men ho ynskjer å gjere det i framtida.)

Og sjølv om boka absolutt kastar eit interessant lys over aktuelle problemstillingar gjennom den antikke linsa, er det ikkje grunnleggjande nye tankar eller maktanalysar som kjem til syne.

Ingen av Mary Beards (enormt suksessrike) bøker om Romerriket er til no ute i norsk språkdrakt. Som dei talrike døma som «Kvinner og makt» trekker fram frå det britiske Underhuset, ymtar om, var heller ikkje føredraga som ligg til grunn for boka, eigentleg meint for eit internasjonalt publikum. At dette er ein tekst som i det heile tatt vert omsett til norsk, kan såleis lesast som eit symptom på den auka merksemda feminisme, likestilling og behovet for strukturell endring er blitt til del den seinare tida. Og det er det jo grunn til å glede seg over.

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 15. desember 2018
Livsvilje: I blandingen av liv og verk trer Anne Karin Elstad fram i Hilde Hagerups biografi.
Lørdag 8. desember 2018
Debatt: Hvorfor venstresida bør begynne å argumentere, og det litt brennkvikt.
Lørdag 1. desember 2018
Inkludering: I «Brev til Noreg» er Mona Ibrahim Ahmed krystallklar i sitt ønske om at Norge skal stille krav.
Lørdag 10. november 2018
Målbærende: I sin nye roman skriver Brit Bildøen fremragende om møtet mellom menneske og system.
Lørdag 3. november 2018
Dybde: Merete Morken Andersens biograficollage bruker Amalie Skrams liv som et prisme for å få fram en hel tidsånd.
Lørdag 27. oktober 2018
Historisk: Tore Skeie lar kildene drysse poetisk stjernestøv over jordnær prosa i sin fortelling om Olav den hellige.
Lørdag 20. oktober 2018
Adjø: Didier Eribon forlot arbeiderklassen, sammen med fransk venstreside.
Lørdag 13. oktober 2018
Sorg: Steffen Kverneland foreviger faren og forsoner seg med livet i sin uvanlig personlige og direkte tegneseriebok.
Lørdag 6. oktober 2018
Ru: I «Menn i min situasjon» fangar Per Petterson oppløysings­tendensar i briljante oppløysingssentensar.
Lørdag 29. september 2018
Eksotisk: Espen Ytreberg forsøker å løfte Roald Amundsens østsibirske døtre ut fra glemselen.