Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fire fagforbund i privat sektor foreslår arbeidsmiljølovendring som tiltak mot seksuell trakassering:

Vil gje makt til verneombod

BYGGJER LANDET: Gjennom å ta ei rekkje grep har Caverion blitt ein ålreit arbeidsplass for kvinnelege elektrikarar, meiner Kristine Wendt. No håpar ho stortingsfleirtalet vil bruke metoo-kampanjen til å kjempe hardare mot seksuell trakassering på norske arbeidsplassar. Klassekampen

NOK: Fire fagforbund vil endre lova så verneomboda kan arbeide hardare mot sextrakassering. – Det var verneombodet som hjelpte meg, fortel elektrikar og klubbleiar Kristine Wendt.

Ein gjeng karar i eit stillas på ein byggjeplass ser ei kvinne gå forbi. Dei plystrar og roper på henne. Og ho veit det godt: Går ho berre vidare, er ho prippen. Snur ho seg, er ho innbilsk.