MØRKE TAL: I løpet av eit liv kjem ei av ti kvinner til å oppleva valdtekt. Kan ei lovendring redda oss?
Klokka var over midnatt første gongen eg høyrde ei av desse historiene. Alkoholen hadde teke oss inn i ein døs som letta på kjensla av skam. Då kom forteljinga om det han hadde gjort – ein ho var glad i – slik at ting aldri skulle bli det same igjen.