Klassekampen.no
Lørdag 3. mars 2018
VEKSTVILKÅR: Spreiing av gjødsel, Strinda, 1933.
Me fant aldri riktig ut kva me skulle gjera med avfallet vårt.
Det nye mennesket

Tidleg ein føremiddag høyrer eg ein mann i radioen som snakkar entusiastisk om korleis han legg matavfallet i ei bøtte på kjøkenet og dryssar på litt spesialutvikla bakteriepulver som raskt og luktfritt forvandlar det til matjord. I ei anna bøtte har han levande meitemakk kravlande omkring i kaffigrut, høgt verdsette husdyr som han kvar dag gler seg til å helsa på. Og dette er ikkje ein særling som fortel om dei ufysne grillene sine, men den fancy kokken Christoffer Sjuve.

Då det kring tusenårsskiftet kom påbod om å leggja matavfallet i ein dunk og restavfallet i ein annan, var det mange som protesterte, både fordi dei var usikre på kva som var kva, og fordi dei syntest det var ekkelt. Det var enklare den tid alt skulle hivast i same dunk og køyrast langt ut or synsfeltet til skikkelege folk. Som om det dermed ville slutta å eksistera, som om det ikkje ville venda grufullt tilbake ein gong det passa veldig dårleg.

Avfall har vore eit stort problem for oss menneske all den tid me har vore fastbuande. Så lenge me reika fritt omkring, var det berre å slengja dei avgnagde kjøtbeina over aksla og gjera frå seg bak eit tre. Denne vanen var så inngrodd at då me tok til å byggja oss hus, fann me aldri riktig ut kva me skulle gjera verken med matrestane eller våre eigne ekskrement. Somme kulturar har greidd det betre enn andre, men dei fleste har takla det oppsiktsvekkjande dårleg for ein så pass intelligent art som oss, og hatt tarmbakteriar og parasittar i drikkevatnet og døydd tidleg og pinefullt.

Samtidig har småbønder og hagebrukarar drive med jordforbetring i det stille, ofte på grunnlag av stor kunnskap og erfaring. Dei har lagt planterestar og fiskeslo i kompost og bore møkk i korger på ryggen for å auka avlekrafta i dei skrinne jordlappane sine, utan at dei som set dagsorden for kultur og samfunnsspørsmål, har hatt den minste aning om det.

Kring 1900 var det lønsamt å frakta tønner med ekskrement med båt frå doa i Bergen til åkrane på Jæren, der det blei spreidd utover til gjødsel. Det var eit arbeid som ingen likte å gjera, og ingen hadde lyst til å høyra om det heller. Reinhald og hygiene var i sterk framgang i den same perioden, men utan innsikt i korleis mennesket er nøydd til å leva på lag med mikroorganismane om det i det heile skal overleva. Ein trudde at bakteriar var noko ein måtte fjerna under eitt, slik gode kristne i alle år hadde teke avstand til djevelen og alt hans vesen.

Det hindra ikkje at kroppane blei fylte med altfor mykje sukker og feitt og altfor lite grønsaker, slik at tennene rotna i munnen på ungane og fedrane døydde av hjarteinnfarkt, mens dei ulukkelege husmødrene stabba omkring med hovne føter og underlivsplager.

No ser me framveksten av eit menneske som omsider har forstått kva det er laga av. Det erkjenner sin plass i naturen, og liker seg så godt der at ei bøtte med meitemakk under kjøkenbenken er kjelde til tindrande glede.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Kring 1900 var det lønsamt å frakta tønner med ekskrement»

Artikkelen er oppdatert: 10. april 2018 kl. 15.51