Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kven skulle argumentera for Spinraza, om ikkje dei sjuke?

Sjå, der er dei! Sit der og er argument for si eiga sak

© ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Då Marte Wexelsen Goksøyr møtte dåverande statsminister Jens Stoltenberg i Stortingets vandrehall i 2011, var det for å argumentere mot tidleg ultralyd for alle. Tidleg ultralyd kunne avdekke Downs syndrom hos foster, og ho frykta at dette ville føre til at det ikkje lenger ville bli fødd barn med Downs syndrom. KrF hadde invitert henne, og det var sikkert dei som hadde sytt for eit solid pressekorps også. Dette reagerte stortingsrepresentant Marianne Aasen på. Ho meinte Stoltenberg ikkje hadde noko anna val enn å gå i møte med enkeltskjebner som møter opp i vandrehallen. Ho ville ha ein diskusjon om det var rett at kven som helst skulle ha denne moglegheita til direkte møter med politikarar.