Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kampen for lik løn for kvinner og menn er viktig for oss alle saman.

Gap, eller hol i huet?

DÅ KVINNENE REISTE SEG: I 1968 streika dei kvinnelege maskinoperatørane ved Ford-fabrikken for lik løn. Streiken vart dramatisert i filmen «Made in Dagenham». FOTO: FILMWEB

Tidlegare i februar kunne britiske kvinner og menn feire at kvinner hadde hatt røysterett i 100 år. Rett nok ikkje alle kvinner. Dei første ti åra var det berre kvinner med eigedom som kunne røyste, mens røysteretten for menn var allmenn. Økonomi betyr alt, og økonomi uttrykkjer dei faktiske sosiale relasjonane tydelegare enn noko anna. Vi kan produsere så mykje ideologi om likestilling vi berre vil, sende nyinnvandra migrantar på kurs for å bli hjernevaska om kor likestilte norske verdiar er, ha så mange kvinnelege statsministrar vi berre orkar, men her gjeld den same regelen som elles: Følg pengane.

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Sumaya Jirde Ali skriv i Klassekampen måndagar.