Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Acer-forsikringar frå EU gjeld berre til dei ombestemmer seg, seier Eivind Smith:

Vedtak på Brussels nåde

ACER VENTURA: Eivind Smith er professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. Han tviler på at regjeringa kan gje dei garantiane Ap bed om. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN Christopher Olssøn

TYNN IS: Ap har stilt sju vilkår til regjeringa for å kunne seie ja til EUs tredje energimarknadspakke og Acer. Men dette er garantiar regjeringa ikkje kan gje, forklarer ekspert.

Onsdag vedtok stortingsgruppa i Arbeidarpartiet sju krav som må bli innfridd for at partiet skal gå med på å gje støtte til EUs tredje energimarknadspakke, der energibyrået Acer er ein viktig del. No møter dei motbør: Eivind Smith er ein av landets fremste ekspertar på offentleg rett. Han meiner fleire av krava ikkje kan bli innfridd av regjeringa: