Klassekampen.no
Mandag 12. februar 2018
Ikkje internasjonalt gjennombrot, men humanismens samanbrot.
Gjennombrot?

Overskrifta er inspirert av Terje Tvedts «Det internasjonale gjennombrudd». Begrepet og boktittelen hans «søker å få frem hvor fort endringene fant sted, og hvor gjennomgripende de var». Tvedt knyter dette til dei siste tiåra. Men dei store endringane denne perioden er av eit anna slag. Når historikarane får vår tid på avstand, kjem dei til å skrive om det panvestlege gjennombrot i internasjonal politikk og om samanbrotet for global tenking og politikk.

Internasjonal orientering er ikkje nytt hos oss. Steinalderfolk vandra, rodde og segla, selde skinn og fisk og kjøpte flint til pilespissar og knivblad. Mellomalderfolk eksporterte jern, fisk, skinn, brynestein, rav, jaktfalkar og eikemaster og importerte korn og kristendom. 1700-talskvinner drog til Nederland på tenest og menn i handverkslære og -arbeid.

Norsk sjøfart voks seg stor, sjøfolk tok hyre på båtar i andre land, eller dei mønstra av i ein kystby einkvan staden i verda, fann seg arbeid og vart verande til neste nordiske båt kom eller resten av livet. Etter Irland var Norge det europeiske landet med flest emigrantar til Amerika etter innbyggjartal.

Det har å gjere med at hos oss finst somme naturressursar i overflod, medan andre manglar. Folk i eit slikt land måtte ferdast over store område, varer måtte kjøpast og seljast, og over sjø og spreidd busett landjord kunne folk dra utan å bli stoppa.

Dei nordiske folkerørslene var internasjonalt orienterte. Misjonærar prøvde å spreie si tru på Madagaskar, i Kongo, India og Tibet – og i Norge. Folk i DNA og NKP, Tranmæl, Nygaardsvold og Colbjørnsen for å nemne tre, arbeidde i ungdomsår i Nord-Amerika eller Sovjet, og seinare drog dei på kongressar og møte. SF på sekstitalet voks fram mot USAs globale plyndringar.

For ml-rørsla var protestar mot USA i Indo-Kina og Sovjet i Tsjekkoslovakia og Afghanistan kjernesaker. Dei fremste i miljørørsla, som Damman og Fremtiden i Våre Hender, tenkte globalt. Og då flyktningar og arbeidssøkjarar frå fattige land kom, prøvde mange å integrere dei i norsk arbeidsliv. Mykje skilde misjonsfolk frå politiske aktivistar, men internasjonal tenking var sams.

Endringa som kom med den totale marknadsliberalismen rundt 1980, med Thatcher, Reagan og Brundtland, var av eit anna slag. Ikkje slik at dei styrande forlét retorikken om bistand, menneskerettar og openheit, men slik at dei endra innhaldet. Bistand vart meir og meir å hjelpe Hydro/Yara og andre storselskap til råstoff og marknader, og mindre og mindre hjelp til fattige og utsette. Menneskerettar vart til redaktørars rett til å trykkje antiislamsk stoff meir enn menneskes rett til mat, reint vatn, hus, arbeid, utdanning, helsevern og respekt. Innvandring vart til opne grenser for kroppsarbeidarar i låglønnsyrke, hushjelper og ektemakar frå Thailand, rike turistar og investorar – og stengde grenser for folk på flukt.

Tvedt set stundom saman ord på nye måtar. Han kallar det å arbeide for ei betre verd for dei lågaste for godheits-tyranni. Ordet er, skriv han, «et ikke-moraliserende, rent analytisk begrep». Hans alternativ kan, om eg ein gong til skal la meg inspirere av hans språkbruk, kallast passivitets-tyranni. Når me passivt godtek plyndringa av fattige land og folk, når me like passivt observerer at dei viktigaste menneskerettane blir skuva unna, når me handplukkar nye landsmenn ut frå våre behov og held jordas fordømte vekke, bidreg me til at tyranniet held fram, med nesten ein milliard menneske under sveltegrensa og snart eit nisifra tal menneske på flukt.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 11. april 2018 kl. 11.31