Torsdag 18. januar 2018
SELFIE MADE MAN: Torbjørn Røe Isaksen kjem frå lærar­familie i Posrgrunn. No blir han tippa som ein mogleg neste Høgre-leiar. Her i selfie-modus med barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland på Slottsplassen i går.
Torbjørn Røe Isaksen går til Næringsdepartementet for å breie ut den politiske profilen sin:
Kan bli neste leiar i Høgre
Undersak

Asheim får nye oppgåver

Når Nikolai Astrup går frå Stortinget til regjeringa, skjer det to endringar. Høgre må finne ein erstattar for Astrup som leiar av finanskomiteen. Det er venta at partiets stjerneskot Henrik Asheim, som i haust vikarierte som statsråd, får denne posten. Han får dermed ansvaret for å vere Høgres mann i forhandlingane om statsbudsjett på Stortinget.

I tillegg rykkjer 81 år gamle Astrid Nøklebye Heiberg inn som fast møtande vara på Stortinget.

Heiberg er for ein institusjon å rekne i Høgre, og har vore stortingsrepresentant, forbrukarminister, partinestleiar og no sist statssekretær i Helsedepartementet. Ho har òg vore president i Raudekrossen.

KLATRAR: No skal Torbjørn Røe Isaksen lære seg inntektssida på statsbudsjettet. – Eg ser han gjerne som Høgre-leiar og statsminister i framtida, seier fylkesleiar.

REGJERINGA

I dag heiter landets nærings- og handelsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Klassekampen erfarer at Isaksen i møte med statsminister Erna Solberg etter valet sa at han ønskte seg til Næringsdepartementet etter fire år som kunnskapsminister. Grunnen var at han ville breie ut den politiske profilen sin.

Før åra i Kunnskapsdepartementet var Isaksen Høgres arbeidspolitiske talsperson. Kjelder i Høgre meiner han har synt seg som ein svært stødig politikar på velferdsfeltet. Både arbeids- og sosialkomiteen og Kunnskapsdepartementet er gode stader å lære seg store delar av statsbudsjettets utgiftsside.

No går Isaksen over i ei ny rolle, der han i staden får ansvar for næringsliv, statleg eigarskap og andre delar av inntektene for staten.

Fakta

Her er regjeringa:

• Nye statsrådar:

• Trine Skei Grande (Venstre): Kulturminister

• Ola Elvestuen (Venstre): Klima- og miljøminister

• Iselin Nybø (Venstre): Kunnskapsminister for forsking og høgare utdanning

• Nikolai Astrup (Høgre): Bistandsminister

• Åse Michaelsen (Frp): Eldreminister (ny post)

• Nye oppgåver:

• Sylvi Listhaug (Frp): Justis- og innvandringsminister

• Jan Tore Sanner (Høgre): Kunnskaps- og integrerings­minister

• Torbjørn Røe Isaksen (Høgre): Nærings- og handelsminister

• Monica Mæland (Høgre): Kommunalminister

• Linda Hofstad Helleland (Høgre): Barne- og likestillingsminister

• Held fram som før:

• Erna Solberg (Høgre): Statsminister

• Siv Jensen (Frp): Finans­minister

• Ine Eriksen Søreide (Høgre): Utanriksminister

• Frank Bakke-Jensen (Høgre): Forsvarsminister

• Bent Høie (Høgre): Helse- og omsorgsminister

• Ketil Solvik-Olsen (Frp): samferdsleminister

• Jon Georg Dale (Frp): Landbruks- og matminister

• Per Sandberg (Frp): Fiskeri­minister

• Terje Søviknes (Frp): Olje- og energiminister

• Anniken Hauglie (Høgre): Arbeids- og sosialminister

• Går ut av regjeringa:

• Per-Willy Amundsen (Frp)

• Marit Berger Røsland (Høgre)

• Vidar Helgesen (Høgre)

• Solveig Horne (Frp)

Kan bli partileiar

Torbjørn Røe Isaksen er, saman med Ine Eriksen Søreide, nemnt hyppig som aktuelle til å overta den dagen Høgre-leiar Erna Solberg gjev seg. Ei kjelde meiner Isaksen den siste tida har vore endå meir profilert enn Søreide.

Helten frå Telemark

KS-leiar Gunn Marit Helgesen er òg leiar for fylkeslaget til Isaksen, Telemark Høgre. Ho trur Isaksen i framtida kan nå heilt til topps i Høgre.

– Torbjørn Røe Isaksen har vore eit politisk talent frå han var ung. Han var ein markant leiar av Unge Høgre og no som statsråd i regjeringa. Han er ideologisk og retorisk sterk og flink i debattar. Og så har han beina på bakken. Eg trur Torbjørn har alle moglegheiter, seier ho.

– Ja, som framtidig Høgre-leiar og statsminister?

– Ja. Nokon vil kanskje seie at det er ein hemsko at han ikkje valde å ta attval til Stortinget. Ein vil jo at Høgre-leiaren skal sitje der. Men det er jo ikkje snakk om noko som skal skje i morgon, og han kan kome tilbake til Stortinget seinare. Eg ser han gjerne som Høgre-leiar og statsminister i framtida.

– Kva tyder det at han skiftar departement? Statsministerskule?

– Det må du spørje Erna om. Men det tyder i alle fall at han er ønskt og ho har tru på at han kan meistre det feltet og. Og det er jo definitivt ein fordel å få større politisk breidd om han ein gong skal aksle vervet som partileiar og statsminister. Det er i alle fall ingen ulempe, meiner ho.

– Har han nokre manglar som politikar?

– Tidlegare kunne ein seie at han måtte bli meir moden og skaffe seg større breidd politisk. Men no veit eg ikkje om eg ser så mange veikskapar. Han er i det heile ein flott fyr, ideologisk, retorisk – og med eit sterkt sosialt samvit. Det trur eg er viktig, seier Helgesen, som og legg til at han er frå same by som ho: Industribyen Porsgrunn.

politikk@klassekampen.no

Tirsdag 13. november 2018
VISJON: Torgeir Knag Fylkesnes vil styrke SVs nærings- og distriktsprofil. – Mitt største ønske for SV er at vi skal bli mer ambisiøse og mindre flinke, sier han.
Torsdag 8. november 2018
FRAFALL: Ungdom som faller ut av videregående fanges opp for seint, sier Jan Bøhler.
Onsdag 7. november 2018
SAMLING: Ap, Sp og SV har reint fleirtal i Klassekampens novembermåling. Etter å ha blitt vraka av KrF er Jonas Gahr Støre klar for å samkøyre med dei raudgrøne.
Mandag 5. november 2018
STRID: Når abortloven nå er på forhandlingsbordet, vil Senterpartiet fremme forslag om å fjerne den omstridte retten til tvillingabort. Ap går for fort i vranglås, mener Kjersti Toppe.
Lørdag 3. november 2018
DELT: Sentrale partifolk tror det kan ta tid å samle fløyene i KrF etter partiets skjebnelandsmøte på Gardermoen i går.
Fredag 2. november 2018
NEI: Dersom KrFs høyrefløy vinner fram på dagens skjebnemøte, forsvinner sentrum i norsk politikk, advarer Anne Enger.
Torsdag 1. november 2018
NEI: Erna Solbergs abortfrieri til KrF mangler flertall i Stortinget. – Min stemme for kvinnes rett til abort kan ikke forhandles bort, sier Venstres Abid Raja.
Fredag 26. oktober 2018
SPLITTELSE: Mens venstrefløyen i KrF «kjenner frosten gripe om rygg­raden», rikker ikke Sylvi Listhaugs siste utspill på høyrefløyen i partiet.
Tirsdag 23. oktober 2018
STERK I TROEN: Knut Arild Hareide hadde regnet med mellom tre og seks mandater fra Rogaland, men fikk ett. Nå står det om de usikre fylkene, som Oslo og Hordaland.
Mandag 22. oktober 2018
SKUFFET: Lokallagsleder Inge Takle Mæstad frykter en dypere splittelse i partiet etter det knusende Hareide-neder­laget i Rogaland. Han beskylder nestleder Olaug Bollestad for å opptre illojalt.