Lørdag 13. januar 2018
TAR SJØLVKRITIKK: Høgre innrømmer at dei ikkje har handtert innkomne varsel om seksuell trakassering på ein god måte. I går møtte generalsekretær Jan-Ragnar Aarset pressa. Foto: Terje Bendiksby, NTB scanpix
• Saker om seksuell trakassering i alle ungdomsparti • Unge Høgre stenger krana
Splitta om alkoholbruk
STANS: Unge Høgre innfører umiddelbar alkoholforbod på ubestemt tid etter Riise-saka. Ungdomspartia er delt om alkoholbruk på partisamlingar.

METOO

I går blei det kjent at Unge Høgre innfører totalforbod mot alkohol på ubestemt tid.

Dette er eit av fleire grep Høgre og Unge Høgre gjer etter at Unge Høgre-nestleiar Kristian Tonning Riise trekte seg og det kom inn ei rekke varsel om Riise.

Under ein pressekonferanse i går sa generalsekretær John-Ragnar Aarset at alkohol har vore ein del av problemet.

– Det har til tider vore for mykje alkohol, og det er ugreit i ein organisasjon der mange er under 18 år, seier Aarset.

Fakta

Seksuell trakassering:

• Denne veka trekte Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise seg frå vervet. Han viste til #metoo-kampanjen og at han har utvist dårleg dømmekraft.

• Unge Høgre og Høgre sa i går at dei har svikta i oppfølging av varsel om Riise.

• Blant strakstiltak Unge Høgre gjennomfører, er eit alkoholforbod og nye kanalar for varsling.

• Handtering av ei varslingssak var i går også tema under KrFUs landsstyre.

• I kjølvatnet av Trond Giske- saka sluttar Arbeidarpartiet å betala for alkohol under partisamlingar.

Ulike reglar

Klassekampen har vore i kontakt med alle ungdomspartia om seksuell trakassering og alkoholkultur.

Gjennomgangen viser at variasjonen i alkoholregelverk er stor.

I AUF, Sosialistisk Ungdom, Grøn Ungdom, KrFU og Raud Ungdom er det alkoholforbod på eigne arrangement.

Unge Venstre opnar for alkohol, men har totalforbod mot sprit og ei armbandsordning for å hindra at medlemmar under 18 år drikk alkohol.

Senterungdommen opnar for alkohol, men har ei ordning på sine arrangement og styremøte om at minimum 10 prosent av deltakarane over 18 år skal vera edru. Senterungdommen betaler ikkje for alkohol.

FpU opnar for alkohol, men alle medlemmar pliktar til å passa på at personar under 18 år ikkje drikk alkohol.

Samtlege av ungdomspartia meldar at dei har hatt varsel eller bekymringsmeldingar om seksuell trakassering dei siste åra.

Tar ikkje rekninga

Torsdag gjorde Ap-leiar Jonas Gahr Støre det kjent at Arbeidarpartiet ikkje lengre vil ta alkoholrekninga under partisamlingar.

«Alkohol er elefanten i rommet. Det visker ut grenser og fører til at folk gjør ting de ikke burde gjøre», sa Støre, som ikkje innfører forbod mot alkohol, men vil senda eit signal ved å ikkje betala for alkoholen.

Det er ulikt syn blant ungdomspolitikarane om dette er smart eller ei.

SU-leiar Andrea Sjøvoll vil ha endå strengare reglar.

– Eg synst me skal vera endå strengare, både på ungdomsarrangement og i andre høve der ungdom og vaksne møtest. Eg meiner at ein kanskje ikkje skal ha alkohol.

– Er fara for seksuell trakassering større i samanhengar med alkohol?

– Ja, det trur eg. Det ser me i sakene som har vore oppe i media, men eg trur i utgangspunktet det handlar om for lite medvit om problematikken. Ein kan ikkje seia at fylla har skulda. Det handlar om menn med makt som utnyttar posisjonen sin, seier ho.

Guri B. Barka Martins, generalsekretær i Grøn Ungdom, seier dei jobbar for strengare reglar i moderpartiet. Generalsekretær i FpU Tonje Lavvik trur ikkje at gratis alkohol er eit problem.

«Jeg mener dette er å starte i feil ende. Det er ikke det glasset med vin du får til middagen som er problemet. Problemet er det man eventuelt drikker på et hotellrom etterpå og påfølgende oppførsel fra enkelte. Jeg mener det blir feil å gjemme seg bak alkohol. Dette er trolig ikke en løsning som bidrar til å løse #metoo-problemene i Arbeiderpartiet», svarar Lavvik.

Generalsekretær Eirik Natlandsmyr i Unge Venstre seier han trur risikoen for å bli utsett for seksuell trakassering blir større i samanhengar med alkohol, men meiner ikkje nulltoleranse er vegen å gå.

– Det er viktig å jobba med alkoholkulturen. Me slår hardt ned på om folk drikk for mykje. At me forbyr sprit, gjer det lettare å kontrollera. Me innførte det for nokre år tilbake. Då blei det mindre fyll, seier han.

innenriks@klassekampen.no

Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Tirsdag 11. desember 2018
FORSLAG: Venstrevridde eksperter vil lage et nytt europeisk parlament og la institusjonen rå over et kjempebudsjett på 4 prosent av Europas BNP.
Mandag 10. desember 2018
BARNEFRI: Fødselsraten i 2017 var den laveste som er målt. I 2018 ligger vi an til sette ny bunnrekord.
Lørdag 8. desember 2018
PRESSEFRIHET: Norge vil avgi en flere punkts stemmeforklaring til FNs migrasjonsavtale mandag. Ett av punktene skal tydeliggjøre pressens uavhengighet.
Fredag 7. desember 2018
VERPESJUKE: Regjeringen har satt ned en egen arbeids­gruppe for å få norske kvinner til å føde flere barn. MDG mener befolkningsvekst bør komme gjennom innvandring.
Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.
Onsdag 5. desember 2018
UHOLDBART: Elin Ørjasæter slakter Trine Skei Grandes lederstil etter at partilederen anklaget partifelle for å være illojal.
Tirsdag 4. desember 2018
RAUDE BYAR: Norske storbyar ligg an til å halde på sine Ap-ordførarar etter kommunevalet i 2019. I Bergen og Tromsø slit høgresida med alternativet.
Mandag 3. desember 2018
SENTRUMSSTENGT: Ny måling viser rødgrønt flertall i Bergen. Nå ber SVs Oddny Miljeteig Ap om å «lese skriften på veggen» og velge SV foran sentrum.
Lørdag 1. desember 2018
UT: Dei er avhengige av selja mangan til stålprodusentar i heile EU, men slår likevel ikkje nokon stålring om EØS-avtalen. Eramet Norway er open for å greia ut eit alternativ til EØS.