Klassekampen.no
Fredag 12. januar 2018
Nordflanken

USA

USA aukar presset mot Russland blant anna ved å ruste opp her i Norge. Lagring av våpen og krigs­utstyr, flyplass-utbygging og stasjonering av soldatar er tradisjonelle ingrediensar. Men også dei sinnsjukt dyre kampflya som norske skattebetalarar kjøper «frivillig» frå USA, er ein del av den amerikanske opprustinga. Skildringane av dei skadelege konsekvensane er mange og ulike. Hos ein og annan dominerer den satiriske ironien. Annikken Seip hadde ein fin liten stubb i Klassekampen, 3. januar. Men fleire ser ut til å vere i gang med noko liknande.

På ein pub like før jul fekk eg presentert ei såkalla konstitusjonell skisse. Hovudpunkta var om lag slik: Stortinget blir lagt ned. I staden blir Solberg-regjeringa utvida med endå fleire USA/Nato-entusiastar. Dette nye statsstyret får namnet Riksråd.

Eit enormt departement for folkeopplysning blir skipa. Det kjem i staden for kulturdepartementet. Blant anna har det til oppgåve å få nordkvinner og nordmenn til å forstå følgjande:

1. President Trump er fylt av ein veldig visdom av eit hittil ukjent slag; han vil alle vel.

2. Nettopp derfor truar han dei vonde med eld og apokalyptisk raseri.

3. Den gradvise, men radikale endringa av den militære sektoren her i landet inneber på ingen måte at Norge er blitt okkupert av USA. (Ein amerikansk okkupasjon er då heller ikkje nødvendig.)

Opphavsmannen til dette forsøket på ironisk «statsvitskap» hadde dikta vidare på ei utsegn hos ein amerikansk maktpolitikar med fartstid som presidentrådgivar. Den no pensjonerte hauken har eit polsk namn: Zbigniew Brzezinski. Den aktuelle utsegna står i boka hans «The Grand Chessboard» (New York 1997, s. 58).

I boka «Dovre faller» (Oslo 2014), som er skriven av eit interessant forfattar-kollektiv, er utsegna til Brzezinski omsett (jf. s. 225): «Den brutale sanninga er at Vest-Europa, og i stigande grad Sentral-Europa, i det store og heile er og blir eit amerikansk protektorat, med allierte statar som liknar på tidlegare vasallstatar og skattland.» Brzezinski har vore ein av læremeistrane til Hillary Clinton.

jon.hellesnes@uit.no

Artikkelen er oppdatert: 30. januar 2018 kl. 12.09