DRIVSTOFF: Snøggbåtane er klimaverstingar i kollektivtransporten. I Hyen vil ei familiebedrift byggje første nullutslepp-snøggbåt i samarbeid med Flora kommune.
Det ligg ein svak eim av lim og løysemiddel i lufta i den eine produksjonshallen hos Brødrene Aa i Hyen. Verksemda i Gloppen i Nordfjord er kjent for snøggbåtar bygd i karbonfiber.