Hans idealisme i utenrikspolitikken var både internasjonalistisk og intervensjonistisk, ifølge David Steigerwald i ««Wilsonian Idealism in America». I dag er det 100 år siden USAs president Woodrow Wilson (1856–1924) la fram sine 14 punkter for fred etter første verdenskrig for kongressen i Washington der han fravek president Theodore Roosevelts maktbalanse som utenrikspolitisk mål, ifølge Henry Kissinger i «Diplomacy» (1994).
#MeToo har vist eit behov for empati på tvers av kjønna og rollene.
Korfor no?
I etterpåklokskapens klare lys kan ein alltid konstruere eit hendingsforløp som får utviklinga til å framstå som uunngåeleg. I prinsippet kunne dagens samordna protestar mot sextrakassering ha kome for lenge sidan. Rørsla med namnet #MeToo starta opp i 2006 da aktivisten Tarana Bruke skapte eit forum for minoritetsjenter som var blitt utsette for misbruk. Dei siste ti åra har det kanskje vore to saker som har førebudd opinionen på den kampanjen som går no. Den eine er den generelle bevisstgjeringa om seksuell misbruk av barn. Vi har fått servert ei endelaus rekkje med historier om menn i autoritetsposisjonar som har forgripe seg på barn. Barna er blitt høyrde på ein annan måte enn før, og barnet er ikkje lenge avmektig i møtet med autoritetar. Mannsinstitusjonar som Den katolske kyrkja, med sitt psykisk skadelege sølibatskrav, er blitt avkledde som medansvarlege ved å beskytte overgriparane, og for den strukturelle valden som ligg i å avvise barna sine historier.
Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Sumaya Jirde Ali skriv i Klassekampen måndagar.