Klassekampen.no
Mandag 8. januar 2018
Vestlege verdiars kokkar har fått eimen av kor reviret skal setjast.
Grisebank 2018
Bacon is back: Respekt for griseflesket, takk.

Aftenpostens korrespondent i USA, Christina Pletten, melder på fjorårets siste dag om «baconets utrolige klassereise». Baconskeptikaren nemner i fleng: Motbydelege reker med bacon, baconcookies og iskrem med baconsmak. Her har sunnheitsrebellane slått til! Med bacon som fane- og ganesak.

Men nei, då. Det er baconlobbyen i USA som trør til, med bestilt forsking og grisesmøring i fastfoodindustrien og strødsel på gourmetkjøkenet. Griseflesk har hamna på dei mest eksklusive tallerkar, jamgodt med gåselever og kalvebrissel. Det mest avskyelege korrespondenten har vore borti er bacondaddel med seig svor.

Her er så høg UHU-faktor og ein så ubendig uttrykksfridom for avsky og motbydelegheit, at fenomenet ropar på ein sleng innom kulturell symbolanalyse. Spesielt etter Terje Tvedts utlegging av det endelege internasjonale gjennombrotet for multikulturalismen og universalismen i landet, sluttført med Kong Haralds tale i slottsparken. Det er nok å kviskra uhøyrbart at matslaget det her gjeld ikkje er halal, for å skjøna dei paradoksale djupnene i antipatistens politisk multikorrekte fordømmelse.

Eller er det berre sunnheitsrebellane som har slått tilbake? Ikkje berre i USA. På Spar får du no broccolisalat med friterte baconstrimlar. Det er blomkålsuppe med baconsnurr i Norgesglas hos Vili & Ve på Åkra. Kva ligg under eller opp i dagen i denne breie gastronomiske folkerørsla? Vil de vita? Grisen er blitt så ettertrykkjeleg kulturalisert og politisert dei siste tiåra, at det er på håret eg vågar meg ut på semantisk grisebank!

For kan ikkje baconets tilbakekomst innvarsla eit visceralt/innvollars opprør mot ettergivnaden for muslimske krav til innvandra-kulturen, altså verdiane i dei land dei har innvandra til, spesielt i vesten? Baconet har slått så sterkt igjennom nett fordi dette ingen medviten kampanje er, men noko som rører seg unemnd i det kulinarisk-kulturelle feltet. Då unngår ein ytringsfriksjonen som ytringsfridommen elles baskar med: Nedtrampa flagg og ambassadar i flammar.

Eg vil påstå at denne pay back på vegner av vestlege verdiar avslører det kollektive kroppsfeltets smartness. Bacon is back! Bacon er bra! Many likes. Upolitisk og demokratisk!

Ved å dekka matbordet til opprør unngår ein til dømes heile den no velintegrerte muslimske krenkingskulturens refleksar, jamfør. #metoo-rørsla. (Auda!) Kamp mellom sivilisasjonar eller religiøse ideologiar er ikkje på menyen. Omsider har vestlege verdiars kokkar fått eimen av kor reviret i innvandra land skal setjast: Respekt for griseflesket, takk! Påstandar om islamofobi og rasisme og rallies mot vestleg imperialisme tillike er her latterlege og ikkje relevante. Ein smakssak.

Baconets sigersgang er subtil og visceral. Baconets opprør er dunkel og opplagt. Men, er ikkje baconrørsla og dette etterslenget feigt, for grisen er ikkje spurd. Eller? «Grisen vil ha nok rotemateriale, så de har noe å gjøre i bingen» (Dyrevernalliansen, Aftenbladet 2.01.2018).

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Baconets sigersgang er subtil og visceral»

Artikkelen er oppdatert: 30. januar 2018 kl. 11.23