Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit dataprogram har rekna seg fram til same resultat som Menneskerettsdomstolen. Er dommaren historie?

Roboten i rettssalen

SNORKENS DRAUM: Tove Janssons trollmann klåra ikkje å lage ein juridisk reknemaskin, og det er heller ikkje mogleg i dag, skriv forfattaren. Foto: ISAAC LAWRENCE, AFP/NTB Scanpix ISAAC LAWRENCE

I den klassiske barneforteljinga av Tove Jansson om Trollmannens hatt frå 1948, får Snorken lov til å ønskja seg noko av trollmannen. Han bed om å få «en maskin som kan regne ut om noe er rettferdig eller urettferdig, godt eller dårlig.» Men ikkje ein gong trollmannen kunne laga ein juridisk reknemaskin.