Lørdag 6. januar 2018
GRÅTT, NYTT HÅR: Ap-leiar Jonas Gahr Støre er ein av aktørane i ein av dei mest opprivande stridane i moderne, norsk politikk.Foto: Tom Henning Bratlie
• Årets fyrste måling viser eit kriseråka Ap • Jeløy-kameratane har no fleirtal
Ap fell under Høgre
Undersak

Avviser «intern» varslarrapport

Torsdag kveld omtalte Nettavisen eit «partidokument» der innhaldet i seks varslarsaker blei omtalt. Partisekretær Kjersti Stenseng sa same kveld til VG at dokumentet måtte vere fabrikkert. Seinare på kvelden la Nettavisen ut ei ny sak, der Stenseng angjeveleg dementerte VG-saka. Dei spør kva ho meiner om dokumentet når Nettavisen kallar det eit «internt notat, ikkje eit «partidokument». «Når Nettavisen nå kaller det et ‘internt notat’, har jeg ingen formening om innholdet i det», seier ho.

I går la Stenseng ut ei melding på Facebook. Ho går langt i å avvise Nettavisens versjon. «For meg er det viktig å understreke at dette notatet har ingenting med partikontoret å gjøre, og det er heller ikke dekkende for sakene. Vi har ingen kjennskap til hvor notatet kommer fra. Det som bekymrer meg mest er at saken til Nettavisen gjør den allerede vanskelige situasjonen for de berørte enda vanskeligere», skriv ho mellom anna.

Trykk for større versjon
GODT, NYTT ÅR: Om dette blei valresultatet, ville Ap gjere det dårlegare enn det katastrofale 2001-valet. Nestleiar Hadia Tajik peikar på «krevende uker». På Jeløya er det derimot kjempestemning.

KRISA I AP

På ei øy i Oslofjorden sit tre kvinner og arbeider fram det som kan bli landets neste regjeringserklæring. Hadde dagens måling vore valresultatet, ville Erna Solberg, Siv Jensen og Trine Skei Grande vore partileiarar for tre parti som til saman hadde hatt 90 stortingsrepresentantar. Det er fleirtal.

Erna Solberg, Høgre-leiar og statsminister, er godt nøgd med tala. 29,1 prosent er eit svært høgt tal for Høgre.

Målinga er utført av Norfakta på oppdrag for Klassekampen og Nationen.

«Dette er en fin start på det nye året, som vi håper skal bringe masse ny god politikk. Det er det vi jobber med nå på Jeløya», skriv Solberg til Klassekampen via sin rådgjevar.

Det er venta at forhandlingane skal halde fram i to veker, men dette er førebels uklart.

Fakta

Giske-saka:

• Før jul blei det klart at Arbeidarpartiet har fått ei rekkje varsel om nestleiar Trond Giske.

• Varsla skal ifølgje Ap-leiar Jonas Gahr Støre dreie seg om «ubehageligheter av en seksuell karakter».

• Måndag blei Giske permittert som nestleiar. Onsdag blei han sjukemeldt for to nye veker.

• Sentralstyret i Ap møttest tysdag for å drøfte saka og vegen vidare for partiet. I etterkant av møtet heldt Støre og partisekretær Stenseng ein pressekonferanse der Støre sa at det no er opp til han om Giske skal ha tillit som nestleiar. Det blir òg eit ekstraordinært landsstyremøte i slutten av januar.

Krisetal for Ap

For Arbeidarpartiet er tala derimot alt anna enn lystig helgelesing: 24,2 prosent er faktisk éin promille lågare enn katastrofevalet i 2001. Endringa frå desember er større enn feilmarginen og tyder på at partiet ligg ein stad mellom 21,8 og 26,6 prosent.

Ap-nestleiar Hadia Tajik kommenterer målinga på vegner av partiet. Ho meiner – ikkje overraskande – at det er den mildt sagt turbulente stoda i partiet som har skulda for resultatet:

«Dette er ikke et nivå Arbeiderpartiet er fornøyd med, og jeg tror tilbakegangen må ses i sammenheng med at partiet har hatt noen krevende uker. Nå starter Stortinget opp igjen etter jul, og vi skal drive tydelig og kraftfull opposisjonspolitikk, og vise våre alternativer til regjeringens politikk», skriv ho via sin rådgjevar.

KrF på ørkenvandring

KrF er det fjerde ikkje-sosialistiske partiet, men har valt å stå utanfor regjeringsforhandlingane. Det har ikkje gjeve partiet noko løft på målingane: 3,3 prosent er den tredje månaden på rad under sperregrensa.

KrF-leiar Knut Arild Hareide meiner partiet har ein jobb å gjere for å vise fram politikken sin:

«Dårlige målinger er selvfølgelig aldri oppløftende. Samtidig er dette en marsjordre til oss om å tydeliggjøre KrFs politiske prosjekt i norsk politikk fremover, slik at flere får øynene opp for vår politikk for familiene, for menneskeverd, for flere lærere i skolen og for de kristne verdiene. Den jobben er jeg veldig motivert til å gjøre fremover», skriv han.

SV går tilbake 1,3 prosentpoeng til 5,7 prosent, medan Raudt går fram eitt prosentpoeng til 3,1 prosent. Båe endringane er innanfor feilmarginen.

Å Trøndelag, du slette tid

Eitt lyspunkt finst for Ap: I alle landsdelar får partiet 22 eller 23 prosents oppslutning – med unnatak av Trond Giskes Trøndelag, der partiet får heile 37 prosent støtte. Det må seiast at utvalet for Trøndelag er ganske smått, 67 personar, og at feilmarginen dermed er høg.

politikk@klassekampen.no

Lørdag 19. januar 2019
BYENS MANN: Eliten er ikke vegetarianere som sykler til jobb i Oslo, men rikinger som påvirker regjeringen, sier SV-leder Audun Lysbakken i sitt svar til Trygve Slagsvold Vedum.
Fredag 18. januar 2019
NEDTUR: Bare 4 prosent av de ansatte i politiet mener de er mer tilgjengelige for folk nå enn før nær­politireformen.
Torsdag 17. januar 2019
FÅ FØDSLER: Barn av innvandrere har lavere fruktbarhet enn øvrig befolkning, viser ferske tall. Norsk­pakistanske Umar Ashraf opplever ikke barnepress.
Onsdag 16. januar 2019
UNNGÅR: Høyesterett viser politisk motvilje mot å behandle Svalbard-trakten, mener forsvarer Hallvard Østgård.
Tirsdag 15. januar 2019
DØVE: Alle miljøfaglege råd som er gitt før utlysing av nye oljeblokker dei fem siste åra, er ignorerte. Det viser ein gjennomgang frå Naturvernforbundet.
Mandag 14. januar 2019
TO ONDER: Øystein Dørum i NHO mener videre oppløsnings­tendenser i EU vil være verre for norsk økonomi enn brexit.
Lørdag 12. januar 2019
ØKER MEST: – Vi snur ikke kappa etter vinden. Det er vinden som har snudd, sier Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum.
Fredag 11. januar 2019
FALL: For ti år siden var Finnmark landets mest fruktbare fylke. Nå føder kvinnene der nesten like få barn som i Oslo.
Torsdag 10. januar 2019
BARN: Verken flyktninger eller arbeidsinnvandrere løser utfordringene som følger av lave fødselstall, konkluderer to av Norges ledende forskere.
Onsdag 9. januar 2019
KONSEKVENS: Norge trenger tankfly til kampflyflåten. Det er en av få konsekvenser Libya-krigen har fått i Norge.