Klassekampen.no
Torsdag 4. januar 2018
Vi kan takke journalistikken for at metoo-rørsla fekk så stor kraft.
Medias søkjelys

«Jeg liker menn veldig godt. Liker å prate med dem og henge med dem. Og innimellom er noen av dem svimlende vakre for meg. Men det er risikabelt å ha kontakt med dem. Det fleste menn oppfører seg bra. Men det er helt vanlig at de ikke gjør det».

Desse orda skreiv barnehage­lærarstudenten Cathrin Svanevik Frøyen i ein kronikk i Aftenposten i 2015. Kronikken var eit innlegg i debatten etter at NRKs Thomas Seltzer i ein episode av «Trygdekontoret» der ein pornoskodespelar framstilte debattanten Kari Jaquesson i ein sketsj. I tillegg hadde heltane i NRKs Radioresepsjonen kalla bloggaren Sophie Elise Isachsen for ei knulledokke, og fått både kjeft og støtteerklæringar.

Kronikken til Frøyen vart starten på Twitter-kampanjen #jegharopplevd, som det feministiske tidsskriftet Fett stod bak. Tusenvis av norske kvinner delte sine erfaringar med uønskte seksuell merksemd, trakassering og overgrep. Mange var i tvil – kunne det verkeleg vere så ille? Var ikkje framstillingane, eller i alle høve omfanget, overdrive? Inger Merete Hobbelstad skreiv i Dagbladet: «Det er ingen grunn til å betvile at det ligger reelle personlige erfaringer bak disse virkelighetsbeskrivelsene. Men når dette fremstilles som et ubestridelig samfunnsproblem, noe alle har et ansvar for å rydde opp i, er det til å stusse over.»

Når det gjaldt sketsjen til Seltzer, var Kringkastingsrådet, som handsama klagestormen, delt: Dei mannlege medlemmane støtta Seltzer, medan kvinnene heldt med Kari Jaquesson.

To år etterpå er debatten her igjen, med fornya kraft. Denne gongen er det få som kan tvile på at vi har å gjere med eit «ubestridelig samfunnsproblem». Kva har skjedd?

Sjølv trur eg ei viktig forklaring ligg i bakgrunnen for #jegharopplevd (og andre liknande, tidlegare kampanjar) og dagens #metoo. #Jegharopplevd fekk brei dekning i media, men oppstod i sosiale medium. #Metoo kom derimot som ein reaksjon på den grundige, undersøkjande journalistikken som The New York Times og The New Yorker gjorde, og framleis gjer, for å kartlegge dei seksuelle overgrepa utført av Hollywood-mogulen Harvey Weinstein gjennom fleire tiår, og dei systematiske freistnadane på å dekkje over desse av systemet rundt han.

The New York Times-journalist Jodi Kantor har fortalt til Slate at arbeidet starta etter at avishuset bestemte seg for å gjere det til ei prioritering å setje søkjelys på seksuell trakassering. Saman med kollegaer sette ho seg føre å bryte seg forbi einskildhistorier og rykte, og samle saman og systematisere skuldingar, politimeldingar og dommar. Slik kunne dei etter kvart dokumentere omfanget.

Når fleire kvinner i filmbransjen etter kvart byrja å fortelje sine eigne historier i sosiale medium, hadde journalistane allereie gjort jobben med å slå fast at seksuell trakassering var eit problem i Hollywood. Etter kvart spreidde rørsla seg til bransje etter bransje, land etter land.

«Den detaljerte framstillinga av seksuell trakassering på arbeidsplassen og måten dette påverkar kvinner sin karriere som journalistikken har gjeve oss her, har gjort det mogleg å snakke om trakassering på ein heilt ny måte fordi det har gitt folk innsyn i røynsler dei kanskje ikkje visste noko om frå før», slo journalist Irin Camron fast i eit intervju nyleg.

Det er journalistikken – og forskinga – som kan vise fram røynda på denne måten, fordi påstandane er etterprøvbare. Slik viser metoo-rørsla kor viktige tradisjonelle medieinstitusjonar framleis er. Sosiale medium gjev alle ein plattform og ei stemme, men journalistikken gjev stemmene større truverde.

Så, kunne Radioresepsjonen kalla Sophie Elise for ei knulledokke i dag? Sannsynlegvis ikkje. Og det kan vi takke Jodi Kantor for.

marias@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 30. januar 2018 kl. 10.36