Lørdag 30. desember 2017
TRONDS HEIM: Ap-nestleiar Trond Giske er i hardt vêr etter fleire alvorlege skuldingar om seksuell trakassering. Foto: Tom Henning Bratlie
Ho sa at Giske har «høg moral» – no kan ikkje stortingskollegaen svare om tillit:
Kan ikkje svare om Giske
TAUST: Før jul slo Aps trøndertoppar ring om Trond Giske. No er det taust i Trøndelag. Oslo Ap-topp meiner «something is rotten» i Trøndelag Ap.

#METOO

På tysdag samlar Jonas Gahr Støre sentralstyret i Arbeidarpartiet til møte. Temaet er varslingssakene der ei rekkje kvinner seier at dei har blitt utsett for oppførsel av seksuelt trakasserande karakter.

Før jul var fleire av Trond Giskes stortingskollegaer frå Trøndelag ute og gav melding om at dei hadde tillit til Giske.

Kirsti Leirtrø, stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag Ap, sa til NRK at ho meinte Giske har «høg moral» og ikkje er «ein sånn person».

– Korleis vurderer du Giske-saka no?

– Det har eg ikkje brukt mykje tid på. No har Jonas sagt at dei skal ha nokre møte på nyåret, så eg reknar med at dei jobbar fram mot dei, seier Leirtrø til Klassekampen.

Ho står for utsegna om moral.

– Eg snakka om mi oppleving. Eg har kjent Trond gjennom tretti år, og eg har aldri sett eller høyrt noko som helst, så mi oppfatting av Trond er den same no som den var då. Men eg sa òg at det er utruleg viktig at varslarane blir tekne vare på, og at vi har system i partiet vårt som tek vare på varslarar, seier Leirtrø.

Fakta

Giske-saka:

• Før jol blei det klart at Arbeidarpartiet har fått ei rekkje varsel om nestleiar Trond Giske.

• Varsla skal ifølgje Ap-leiar Jonas Gahr Støre dreie seg om «uønsket seksuell opptreden».

• Arbeidarpartiet har kalla inn til sentralstyremøte tysdag 2. januar for å drøfte saka og vegen vidare for partiet. Det blir òg eit ekstraordinært landsstyremøte i slutten av januar.

Ingen kritikk av varslarane

– Det at du seier at Giske har «høg moral» og ikkje er «ein sånn person», trur du det kan bli oppfatta som kritikk av varslarane, eller som at du ikkje trur på dei?

– Eg håpar ikkje at det gjer det. Det var ikkje det som var min intensjon. Det var berre å seie noko om mennesket Trond. Så får partileiinga handtere dette på ein god måte.

– Har du tillit til Trond Giske som nestleiar?

– Det er ikkje noko eg har brukt noko tid på. Det som er viktig for oss som politikarar er at vi oppfører oss på ein måte som gjer at folk har tillit til oss. Så er det partileiingas oppgåve å handtere dette vidare.

– Men han er jo nestleiar i Arbeidarpartiet. Burde det ikkje i utgangspunktet vere lett å svare «ja» på eit sånt spørsmål?

– Det er mogleg at det bør det. Men eg kjenner ikkje kva som har skjedd og kva saker som har kome opp. Eg meiner at det er eit lite relevant spørsmål om min tillit. Eg har god tillit til Trond som person og menneske, og så får partileiinga handtere resten.

Må gå om du bryt reglane

Leirtrø meiner ein ikkje kan sitje i eit sentralt verv om ein har brote retningslinene om seksuell trakassering.

– Trur du på varslarane?

– Det er vanskeleg å uttale seg om det, for det er andre som sit med sakene og kjenner dei mykje betre. Det som har kome fram i media skal jo òg verne om varslarane.

– Ap har klare retningsliner om seksuell trakassering. Kan ein ha eit høgt tillitsverv i Arbeidarpartiet dersom ein har brote desse retningslinene?

– Nei, det meiner eg ein ikkje kan.

Reagerte på Trøndelag

Fredrik Mellem er leiar av Aps største lokallag, Oslo Arbeidersamfunn. I ein kronikk i VG tek han eit oppgjer med ulike delar av organisasjonskulturen. Han meiner Ap er i ein særs alvorleg situasjon.

– Det står ikkje bra til i Ap no?

– Nei, det kan sjølv eit lite barn sjå.

I VG-kronikken nemner han ei rekkje tiltak for å løfte Ap. Men det viktigaste no er ifølgje Mellem å få løyst Giske-saka.

– Vi må ut av den akutte situasjonen vi er i, og så må vi ta det derfrå.

Fredrik Mellem reagerte sterkt på utsegnene frå trønderske politikarar som slo ring rundt Giske. I kronikken skriv han at «Something is rotten in the county of Sør-Trøndelag».

– Det var min umiddelbare reaksjon på påstandane til stortingsrepresentanten. 21. desember syntest eg det var ei veldig rar utsegn.

Oslo Arbeidersamfunn har ikkje hatt møte sidan Giske-saka kom siglande før jol. På nyåret skal partilaget samlast att. Giske-saka vil vere tema.

– Det kan eg svare ja til. Sjølvsagt blir stoda i partiet tema når vi møtast på nyåret.

Mellem avviser at det er ein «by mot land»-dynamikk i denne saka, trass i at fleire frå Oslo Ap har markert seg på den Giske-kritiske sida.

– Dersom Ap er sett saman av vaksne folk kan det ikkje bli ein geografidimensjon i denne saka. Då er ein i så fall ute etter å avspore kva det handlar om.

– Er det berre ei sak om seksuell trakassering?

– Ikkje nødvendigvis. Men det er openbart at det handlar om det. Vi kan ikkje utelukke at det dukkar opp fleire perspektiv.

Harde ord mot Sande

Stortingsvara Leif Sande frå Hordaland Ap har lenge hevda at det er ein kampanje for å bli kvitt Trond Giske. Sande les sakene om seksuell trakassering inn i ein slik samanheng. 2. juledag hadde Sande eit lengre innlegg der han skriv at dette er ein maktkamp. Fredrik Mellem har lese innlegget og meiner Sande er på bærtur.

– Eg blei fyrst uviss på om Leif Sande har blitt så skral at han treng å bli beskytta mot seg sjølv. Eg kom til at sånn kan det vel ikkje vere. Eg kan derfor seie at dette er noko av det mest tåpelege, tullete og absurde eg nokon sinne har lese.

Sande svarer på skuldingane per e-post: «Viser bare hvordan Oslo-folket ser på oss som kommer utenfra.»

politikk@klassekampen.no

Fredag 14. desember 2018
LOV: Nav-kontorene mener innføringen av lovpålagt aktivitetsplikt hjelper ungdommen, men andelen unge på sosialhjelp er like høy som før loven kom.
Torsdag 13. desember 2018
NYTT: I 2017 døde flere rusbrukere av heroin-medisinen metadon, enn heroin, viser nye tall fra Folkehelseinstituttet.
Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Tirsdag 11. desember 2018
FORSLAG: Venstrevridde eksperter vil lage et nytt europeisk parlament og la institusjonen rå over et kjempebudsjett på 4 prosent av Europas BNP.
Mandag 10. desember 2018
BARNEFRI: Fødselsraten i 2017 var den laveste som er målt. I 2018 ligger vi an til sette ny bunnrekord.
Lørdag 8. desember 2018
PRESSEFRIHET: Norge vil avgi en flere punkts stemmeforklaring til FNs migrasjonsavtale mandag. Ett av punktene skal tydeliggjøre pressens uavhengighet.
Fredag 7. desember 2018
VERPESJUKE: Regjeringen har satt ned en egen arbeids­gruppe for å få norske kvinner til å føde flere barn. MDG mener befolkningsvekst bør komme gjennom innvandring.
Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.
Onsdag 5. desember 2018
UHOLDBART: Elin Ørjasæter slakter Trine Skei Grandes lederstil etter at partilederen anklaget partifelle for å være illojal.
Tirsdag 4. desember 2018
RAUDE BYAR: Norske storbyar ligg an til å halde på sine Ap-ordførarar etter kommunevalet i 2019. I Bergen og Tromsø slit høgresida med alternativet.