Lørdag 23. desember 2017
TROND TIDS TALE: Ap-nestleiar Trond Giske må leve med lågare tillit framover – om han i det heile teke blir sitjande. Foto: Tom Henning Bratlie
Kjelder i Arbeidarpartiet er lei av bråket:
Vil at Giske skal fråtre
Line Oma
Jonas Gahr Støre
NOK ER NOK: Stadig fleire meiner Trond Giske har fått nok sjansar. Jonas Gahr Støre vil ikkje ta sjølvkritikk på at han ikkje tok tak i sakene tidlegare.

#METOO

Nesten dagleg kjem det no nye skuldingar om at Ap-nestleiar Trond Giske har brote regelverket mot seksuell trakassering i Arbeidarpartiet.

Klassekampen har snakka med ei rekkje kjelder som seier at nok er nok. Dei meiner tilliten til Giske er borte, og at han ikkje kan halde fram i partileiinga.

Desse ønskjer ikkje å stå fram med namn, men fleire understrekar at det er alvorleg, og at det forsterkar den krisa partiet allereie er inne i.

To landstyremedlemer, Hans-Erik Ringkjøb og Stanley Wirak, seier dei har tillit til at partileiinga handterer dette på ein god måte.

– Støre har takla dette godt. Eg stoler på dømekrafta til Jonas og har full tillit til han.

Ingen av dei ville uttale seg om det som konkret blei teke opp på møtet torsdag kveld.

Ein som vil gå ope ut med kritikken, er Line Oma, leiar for bydelutvalet i Gamle Oslo.

«Jeg vet hvorfor det er så pinlig stille i partiet om dagen: Det er fordi ingen har gjort jobben sin. Jens har ikke gjort jobben sin. Jonas har ikke gjort jobben sin. Anniken, leder av Arbeiderpartiets kvinnenettverk, har ikke gjort jobben sin. Raymond, tidligere partisekretær, har ikke gjort jobben sin. Vi andre i organisasjonen har ikke gjort jobben vår. Vi har stilltiende gitt vår aksept til elefanten i rommet»

Fakta

Striden i Arbeiderpartiet:

• Dagens Næringsliv har i fleire artiklar skrive om varsel om oppførselen til Ap-nestleiar Trond Giske.

• Onsdag skreiv avisa at Jonas Gahr Støre hadde kalla Giske inn på teppet for å konfrontere han med minst fire nye varsel.

• Møtet fann stad torsdag. I etterkant orsaka Trond Giske oppførselen sin.

• Støre slo fast at kvinner har opplevd «ubehageligheter av seksuell karakter» frå Giske, men bad han ikkje trekkje seg.

• Onsdag gjekk òg ei gruppe partitoppar frå Oslo Ap ut i VG og åtvara mot «giftig parti­kultur» i eit opprop om seksuell trakassering.

Oma ønskte ikkje fredag å kommentere kritikken ytterlegare overfor Klassekampen.

Vil revidere retningslinene

Frode Jacobsen, leiar for Oslo Ap, meiner det er på tide å sjå på dagens retningsliner mot seksuell trakassering.

– Kva konsekvensar bør brot på Arbeidarpartiets retningsliner få?

– Det har eg lyst til å diskutere internt før eg uttalar meg om det, seier Jacobsen.

I dag inneheld ikkje retningslinene noko punkt om konsekvensar for den som bryt dei.

– Er det ein veikskap ved retningslinene?

– Eg trur det er naudsynt å gå gjennom retningslinene vi har, for å sjå om dei er gode nok, seier han.

Står svakare

Fredag morgon inviterte Støre til ein pressekonferanse på Stortinget. Der sa han mellom anna at «Giske ikkje har mykje å gå på». Til Klassekampen seier Støre at han ikkje oppfattar at han som leiar kunne ha teke tak i saka på ein betre måte tidlegare.

– Det har i årevis versert historier om Giske i Ap. Har du tidlegare teke ansvar og sjekka ut om dei var sanne?

– Eg spør gjerne mine medarbeidarar og dei eg arbeider tett med om det er noko eg bør vite om fortid eller notid av ein karakter som gjeld liva deira, eller kva dei har gjort eller ikkje gjort. Det gjeld også han, seier Støre

– Men har du teke leiaransvaret over ein lengre periode enn desse vekene i ei så alvorleg sak som uønskt seksuell merksemd frå Giskes side?

– Eg har ikkje hatt informasjon om uønskt seksuell merksemd frå namngjevne personar i partiet. Kva som er av rykte og omtalar i samfunnet, får vi forholde oss til.

– Men du har aldri gjort noko for å sjekke ut om det stemte?

– Nei, men der er prinsippet at om vi skal handtere det, med mindre du kjem over noko sjølv som du må gå inn i, så er det eit varsel som må kome som vi kan handsame og halde oss til. Då kan du sikre skikkeleg oppfølging av den som varslar og den som blir varsla om.

– Ser du i ettertid at du kunne gjort meir for at unge kvinner i ditt eige parti kunne få sleppe den oppførselen dei har blitt utsett for gjennom mange år?

– Altså, eg har vore partileiar sidan 2014.

– Det er nokre år no.

– Ja, det er riktig. Eg har lagt vekt på å følgje dei prinsippa vi har for omgang i partiet. Eg har arbeidd med Anniken Huitfeldt om det. Eg har arbeidd med AUF som har rydda opp i forhold som gjeld alkoholservering for unge. Men politikk er for nokon eit altoppslukande arbeid som går mellom arbeid, det sosiale og private lag. Eg kan ikkje vere til stades alle dei plassane, men forventar at folk opptrer i tråd med kva vi kan vente i partiet.

politikk@klassekampen.no

Tirsdag 18. desember 2018
TILBAKE: Arbeiderpartiet i Troms og Finnmark går inn i fylkessammenslåingen med planene klare for en rask omgjøring.
Mandag 17. desember 2018
FRAMTIDSFRYKT: Nordmenn flest uroar seg mest for klimaendringar og svekka velferdsstat, ifølge eit notat frå tankesmia Agenda.
Lørdag 15. desember 2018
ÅTVARAR: Mette Nord seier ho ikkje veit kor LO landar i EØS-spørsmålet i 2021, og vil sjølv ikkje garantera for avtalen.
Fredag 14. desember 2018
LOV: Nav-kontorene mener innføringen av lovpålagt aktivitetsplikt hjelper ungdommen, men andelen unge på sosialhjelp er like høy som før loven kom.
Torsdag 13. desember 2018
NYTT: I 2017 døde flere rusbrukere av heroin-medisinen metadon, enn heroin, viser nye tall fra Folkehelseinstituttet.
Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Tirsdag 11. desember 2018
FORSLAG: Venstrevridde eksperter vil lage et nytt europeisk parlament og la institusjonen rå over et kjempebudsjett på 4 prosent av Europas BNP.
Mandag 10. desember 2018
BARNEFRI: Fødselsraten i 2017 var den laveste som er målt. I 2018 ligger vi an til sette ny bunnrekord.
Lørdag 8. desember 2018
PRESSEFRIHET: Norge vil avgi en flere punkts stemmeforklaring til FNs migrasjonsavtale mandag. Ett av punktene skal tydeliggjøre pressens uavhengighet.
Fredag 7. desember 2018
VERPESJUKE: Regjeringen har satt ned en egen arbeids­gruppe for å få norske kvinner til å føde flere barn. MDG mener befolkningsvekst bør komme gjennom innvandring.