Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Pengepredikant eller velgjerar?

Kjærleik til jul

Mørkemann? NRKs framstilling av Visjon Norge fortalde ikkje heile sanninga.

Shampo, tannkrem, sokkar, bind, fire dorullar, konvoluttar, godteri, eit kilo frukt, ein bibel. Dette er julepakka til innsette ved kvinnefengselet i Ruska, Moldova. Pakka er godkjend av fengelsstyret. Julegåvene blir utlevert av teamet frå Filadelfia-kyrkja utafor hovudstaden Chisinau og Visjon Norge under den ortodokse feiringa i januar 2018. Dette er 350 av 15.000 julepakkar distribuert til fattige familiar, eit samarbeid på femte året. 400 frivillige frå Filadelfia står for innkjøp og pakking til festkvelden for utdelinga, med storstilt konsert frå Elim vidaregåande skule og møte i konsertpalasset i hovudstaden. Familiar som ikkje ser seg syn med å ta ut, får pakkane heim: Olje, mjøl, pasta, annan mat og hushaldsprodukt, julegodt, frukt, bibel. Tilbod om ved.