Mandag 11. desember 2017
VENSTRE TIL HØGRE: Trine Skei Grande, partileiar i Venstre, møtte laurdag kveld pressa for å fortelje at partiet hennar går i regjeringsforhandlingar med Høgre og Frp. Foto: Audun Braastad, NTB Scanpix
Vedtaket om å gå i regjeringsforhandlingar splittar partiet i to, meiner ordførar:
Deler Ordførar-Venstre
JA OG NEI: Halvparten av ordførarane til Venstre seier ja til regjering. Fleire meiner det er ein myte at Distrikts-Venstre er regjeringsmotstandarar.

VENSTRE

I valkampen lova Venstre at dei ikkje ville sitje i regjering med Framstegspartiet. I helga vedtok stortingsgruppa i Venstre at dei vil gå i regjeringsforhandlingar med Framstegspartiet og Høgre. Det deler partiet i to fløyer, og partiets sju ordførarar er òg delt i synet på regjeringsdeltaking.

Ingebjørg Winjum er ordførar i Granvin i Hordaland.

– Nei, dette liker eg dårleg. Veldig dårleg. Eg meiner dette ikkje er rette vegen å gå om ein skal ha eit Venstre som dekkjer heile landet. Då må ein byggje opp tilliten i distrikta, seier Winjum til Klassekampen.

Venstre gjekk ned i 393 av landets 426 kommunar ved haustens stortingsval, slik Aftenposten skreiv.

Winjum meiner avstanden mellom Venstre og Frp er for stor.

– Det har gjort at mange har meldt seg ut eller mista motivasjonen.

– Har du sjølv kjent på lågare motivasjon?

– Ja, dette gjer at ein må gå nokre rundar med seg sjølv, seier Winjum, som legg til at ho ikkje melder seg ut.

Olav Kasland, ordførar i Bø i Telemark, har ei klar melding.

– Venstre-leiinga må skjøne at partiet er delt. Det er ekstremt viktig at ein både i personval og politiske prioriteringar no vel ein tydeleg sosialliberal line, seier Kasland.

Han trur dette vil gjere det vanskelegare ved lokalvalet i 2019.

Fakta

Forhandlingar:

• Landsstyret i Venstre gav laurdag stortingsgruppa eit råd om å byrje forhandlingar med regjeringspartia Høgre og Frp om å bli ein del av regjeringa.

• I etterkant av dette har stortingsgruppa vedteke at dei følgjer rådet. Forhandlingane byrjar etter planen over nyttår.

• KrF har gjort det klart at dei ikkje vil vere med på forhandlingar om regjeringsdeltaking.

– Dette vil gjere det vanskelegare. Arbeidet med å stille lister startar jo om berre eit halvår.

– Gjer dette noko med din eigen motivasjon?

– Det har eg ingen kommentar til nett no. Eg får bruke litt tid på dette.

Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler i Sunnfjord, har vore skeptisk til å gå i regjering. «Nå er situasjonen foreløpig mer avventende i forhold til hva som skjer i forhandlingene», sa ho til NTB laurdag.

– Eit klokt val

Ingen plassar i verda gjer Venstre det betre enn i Eid kommune i Nordfjord. Ordførar Alfred Bjørlo meiner partiet er på rett spor.

– Dette er eit klokt vedtak. Eit politisk parti må søkje makt og påverknad. Eg har trua på at det er mogleg å få dette til, seier Bjørlo.

Han meiner det ikkje stemmer at Bygde-Venstre er unisont kritiske til regjeringsdeltaking, slik fleire har hevda den siste tida:

– Det kjenner eg meg ikkje att i. Eg skal ikkje underslå at det er ulike meiningar i Venstre, men det er like nyansert her som i byane. I lokallaget her i Eid er det full oppslutning. Ordføraren i Vanylven stør dette, det same gjeld varaordføraren i Volda.

– Og så kan det bli ein statsråd frå Nordfjord?

– Eg meiner at Sveinung Rotevatn er ein veldig sterk politikar som kan brukast til det meste, ja, svarer Bjørlo.

Han får støtte frå nettopp Lena Landsverk, ordførar i Vanylven. Ho meiner regjeringsdeltaking kan gje gjennomslag for viktige saker.

– Det er viktig for Mørefelta og oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, til dømes.

Må styrkje seg på bygda

Landsverk meiner likevel Venstre treng å styrkje distriktsprofilen sin.

– Ein del Venstre-politikk sel ikkje her på bygda. Når Venstre går ikkje for auka avgift på diesel og bensin mistar vi røystene her med éin gong.

Landsverk har klare tankar om kven Venstre bør ta med inn i regjering.

– Pål Farstad gjorde ein kjempejobb med landbruk i sist periode. Han ser distrikta. Elles tek eg det som ei sjølvfølgje at Trine Skei Grande blir kunnskapsminister. Abid Raja hadde blitt ein god innvandringsminister, men den posten er mindre viktig.

Eivind Brenna er Venstre-ordførar i Vestre Slidre i Valdres. Han gler seg over retningsvalet.

– Det er positivt at Venstre søkjer makt og gjennomslag.

Klassekampen greidde ikkje å nå Runar Bålsrud, ordførar i Hurdal i Akershus, i går. Han har tidlegare sagt til Aftenposten at han sit på gjerdet i denne saka: «Jeg vil ikke avvise det, men jeg vil være tydelig på at det heller ikke nødvendigvis er løsningen.»

Fjellanger usamd

Guro Fjellanger var miljøvernminister i sentrumsregjeringa frå 1997 til 2000. Med sine 53 år er ho den yngste i Venstre med statsrådsrøynsle. Ho har markert seg som ein av dei meir kritiske til ei regjering med Frp. Til Klassekampen skriv ho at ho respekterer avgjerda, men er usamd:

«Jeg har bare en kommentar: landsstyret kom til en beslutning jeg er uenig i, men beslutningen er tatt. Det respekterer jeg sjølsagt. Ledelsen har fått et ambisiøst mandat og står foran meget krevende forhandlinger. Jeg ønsker dem lykke til og håper vi får et resultat som gjør Norge betydelig grønnere, rausere og mer sosialliberalt.»

politikk@klassekampen.no

Onsdag 21. november 2018
KAN SNU: Få vil stå opp for EØS i LO. Lederne i Handel og Kontor og Arbeidsmandsforbundet åpner for at deres forbund også kan snu.
Tirsdag 20. november 2018
VRAKET: Rogaland KrF vil ha Kjell Ingolf Ropstad som ny KrF-leder – ikke Olaug Bollestad. Flere fylker peker på Hans Olav Syversen etter rå maktkamp.
Mandag 19. november 2018
HÅRDA BUD: Frisør­bransjen sliter med å rekruttere tillits­valgte. Elisabeth Landstad ble sagt opp kort tid etter konflikt med sjefen.
Lørdag 17. november 2018
ANBUD: NSB var best på organisasjon og ledelse, mens SJ var best på kundetilfredsstillelse. Go-Ahead var kun best på pris i anbudskonkurransen om å få drifte Sørlandsbanen.
Fredag 16. november 2018
HEMMELIG: Etterretningstjenesten skal betale kilder svart – og kunne bryte norsk lov uten straff. Det er regjeringens forslag til ny etterretningslov.
Torsdag 15. november 2018
SATSER: Equinor bruker rekordmye penger på lobbyisme i Brussel. Målet er å sikre etterspørselen etter gass i lang tid framover.
Onsdag 14. november 2018
VIND I SEGLA: Produksjonen av kraft frå vindturbinar vert meir enn firedobla innan 2020. Nasjonal ramme for vindkraft skal opne for endå meir, men ikkje på Smøla.
Tirsdag 13. november 2018
VISJON: Torgeir Knag Fylkesnes vil styrke SVs nærings- og distriktsprofil. – Mitt største ønske for SV er at vi skal bli mer ambisiøse og mindre flinke, sier han.
Mandag 12. november 2018
IKKE RØR! Stjørdal kommune har for mange barnehager, men på tross av støtte fra et enstemmig bystyre får de ikke lov å kutte antall plasser hos private. Nå drøfter Stortinget lovendring.
Lørdag 10. november 2018
DYRT: Zerokonferansen omtaler seg selv som Norges viktigste møteplass for alle som er opptatt av klima. Men hvis vanlige folk skal med, må prisen ned, sier Natur og Ungdom.