- Stortinget sette torsdag eit førebels punktum for kommune- og regionreformene. Etter desse vedtaka vil Norge ha gått frå 428 til 359 kommunar og frå 19 til 11 fylke. Samanslåing av kommunar har vore eitt av dei viktigaste prestisjeprosjekta til regjeringa, og det er ingen tvil om at dei blåblå ønskte – og ønsker – å få langt færre enn det som no blir resultatet. Høgre og Frp har hatt hastverk, regjeringa har nytta omfattande politisk og økonomisk press, og dei har fått med Venstre og KrF på å bruke tvang mot kommunar og fylke.
Lastverk
Leder