Klassekampen.no
Fredag 8. desember 2017
Samanbrot: Norge burde arbeide for avspenning heller enn avskrekking for å sikre reell kjernefysisk nedrusting. Det blir hindra gjennom serviliteten overfor USA og NATO, skriv forfatteren. Her er atomdomen i Hiroshima tre månadar etter bomba small. Foto: Hiroshima peace memorial museum, AFP Photo/ NTB Scanpix
NATOs kjernefysiske avskrekkingspolitikk skal sikre fred. Men er ein sivilisert atomvåpen-strategi muleg?
Striden om sivilisasjonen

KRONIKK

Med «ein sivilisert militær strategi» forstår eg ein strategi som blir utforma slik at den ligg innanfor ramma av rettsstat, folkerett, tradisjonell militæretikk og liknande institusjonelle ordningar. Det er eit muleg prosjekt. Men å få ein atomvåpen-strategi på plass innanfor ei slik ramme trur eg er umuleg. Svaret mitt på spørsmålet i ingressen er altså NEI.

Derimot kan det finnast ein sivilisert atomvåpen-politikk. Den inneber å arbeide for reell kjernefysisk nedrusting. Men i denne omgangen er det altså atomvåpen-strategi som er tema, ikkje inneburden av reell nedrusting. I første omgang skal eg prøve å få fram det problematiske ved all atomvåpen-strategi ved å fortelje om noko grotesk som kom til uttrykk for lenge sidan.

I striden om NATO og atomvåpen i Storbritannia i 1960-åra hadde aktivistar i fredsrørsla ein viss suksess ved å spreie ideen om noko dei kalla «the sane man’s ranking order». Litt fritt kan vi bruke omsettinga «den åndsfriske» eller «den mentalt friske rangeringa», og den var slik:

1. Det aller beste for begge partar i den kalde krigen er å unngå atomkrigen.

2. Det nest beste (i tilfelle krig) er at berre den eine parten blir kjernefysisk øydelagd, uansett kva for ein av partane dette er.

3. Det aller verste som kan skje, er at begge partar blir kjernefysisk øydelagde.

Denne rangeringa og den stadig breiare aksepten av den skapte både skrekk og raseri hos førande militæranalytikarar og visse moralfilosofar. Korfor? Jo, dei frykta at det kunne bli kjent at sentrale politikarar i Vesten hadde moralske skruplar som fekk dei til å gå med på at det nest beste utfallet av ein storkrig er at berre ein av partane blir kjernefysisk øydelagd.

Vestens evne til avskrekking kunne dermed veikne og visne bort. I verste fall kunne fienden finne på å slå til straks! Han kunne nemleg håpe på at Vesten ikkje ville svare med dei kjernefysiske missilane sine. For å vinne attende full styrke i evna til å avskrekke måtte all ansvarleg NATO-tenking derfor innebere ei sterk fordømming av «den åndsfriske rangeringa». Doktrinen skulle bli verande slik: Det aller verste resultatet av ein atomkrig er at fienden blir spard!

Aktivistar i fredsrørsla kalla denne tankegangen pervers, og dei utla den om lag slik: «Det trengst overvaking av alle som er under mistanke for å akseptere den åndsfriske rangeringa. Skulle det dukke opp ein mentalt frisk offiser i det underjordiske hovudkvarteret i ein situasjon med akutt fare for atomkrig, må han skytast med ein gong! Om derimot alle i hovudkvarteret er perverse, kan vi vere rolege. Då er alt i orden, avskrekkingslogisk sett.»

Eit innsyn i resonnementa kring «den åndsfriske rangeringa» og kritikken mot den gir, så vidt eg hugsar, kapittel fire i verket «Consequences of Utilitarianism» (Oxford 1967) av moralfilosofen D. H. Hodgeson.

«Vi må få slutt på æraen for kjernefysiske våpen, før denne æraen gjer slutt på oss!» Denne gamle oppmodinga markerer dette: Så lenge kjernefysiske våpen finst, utgjer dei ein eksistensiell trussel mot sjølve menneskearten. Ei vanleg innvending frå NATO-hald er at atomvåpen-strategien derimot sikrar fred; den går nemleg ikkje ut på å krige med våpena, men berre å bruke dei som avskrekking for å hindre krig. Dette er å pynte på realiteten. Som vi alle veit eller burde vite, kan kjernefysisk avskrekking berre (temporært) hindre krig, så lenge dei antagonistiske partane oppfattar kvarandre som illgjerningsmakter med evne og vilje til å gjere det djevelske dei truar med, nemleg å skape eit inferno av massedød og enorm liding der sivilisert liv er utsletta for alltid.

Ein vaknande mistanke hos andre om at ein av atomstatane har ein politiske elite som er moralsk og human, vil redusere denne statens evne til å avskrekke, fordi dette er ein mistanke om at den aktuelle staten er ute av stand til å utføre det djevelske, kjernefysiske masseslaktet. Nettopp denne problematikken var det som viste seg i striden om «den åndsfriske rangeringa».

Ved aukande internasjonal konflikt, slik som no, blir risikoen for faktisk bruk av atomvåpen større. Eit uhell er nok. Dessutan er eventuell førstebruk av atomvåpen ein del av NATOs strategi. Kunnskapen om dette kan i ein skrudd situasjon provosere fram ein uklok reaksjon på russisk hald. Den amerikanske militæranalytikaren Stephen Cohen står ikkje aleine når han hevdar at faren for atomkrig i full skala er blitt svært stor i det siste.

Folkerett og tradisjonell militæretikk byr på ein del grep for å halde militær aktivitet innanfor visse grenser. Ein «moderne klassikar» innanfor fagfeltet militæretikk er «Just and Unjust Wars» (Basic Books, 1977) av Michael Walzer. Men den kjernefysiske destruksjonskrafta spottar alle slike forsøk på siviliserande grep; den forvandlar heile denne normative greia til tankespinn frå ei framfaren tid.

Å seie ja til NATOs atomvåpen-strategi inneber aksept av dette: Overkommandoen kan i verste fall starte ei form for kriminell krigføring som overgår alt som historia kjenner av folkemord og grenselause illgjerningar. At også «fienden» er villig og klar til å bli djevelsk illgjerningsmakt, gjer ikkje galskapen mindre. Knapt andre enn satanistar kan glede seg over denne tilstanden. Altså burde førsteprioritet i forsvars- og utanrikspolitikken ha vore å arbeide for avspenning i høve til Russland og innsats for reell kjernefysisk nedrusting. Nettopp dette blir effektivt hindra gjennom den norske serviliteten overfor USA/NATO.

jon.hellesnes@uit.no

Artikkelen er oppdatert: 21. desember 2017 kl. 13.58